Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Gode brukaropplevingar for barn – Brukaropplevingsprisen 2026

Vinnerne av Brukeropplevelsesprisen 2026 og mottakere av hederlig omtale står sammen og smiler
Tone Alexandra Larsen/Bufdir
Lille Norske Leksikon fekk Brukaropplevingsprisen 2026. Heiderleg omtale gjekk til Gyldendal undervisning for ”Utforsk språk med Lulu og Orbin». Prisen blei delt ut under Yggdrasilkonferansen 21. april.

Publisert

Brukaropplevingsprisen (BOP) blir delt ut til eit digitalt produkt der det er gjort særleg godt arbeid med tanke på brukaren, både når det gjelder teknologi, funksjonalitet og design. Prisen har to nivå. Den høgaste prisen er sjølve Brukaropplevingsprisen som i år gjekk til Lille Norske Leksikon.

Heiderleg omtale fekk Gyldendal undervisning for ”Utforsk språk med Lulu og Orbin» i det digitale læreverket Salaby.

Marit Bjørshol Ursin, divisjonsdirektør for IT i Bufdir og informasjonssikkerheit, delte ut prisen samen med juryleder Knut Bang frå DOGA under konferansen for gode brukaropplevingar (UX) – Yggdrasil.

Noreg langt framme når det gjeld brukaroppleving

–Det er gledeleg at det i år vart to digitale løysingar retta mot barn som går av med sigeren. Det er òg gledeleg at det er to kommersielle, private aktørar som har levert desse gode produkta. Digitale løysingar for barn er ofte meir leikne og dette gir støre rom for kreativitet. Dette seier leiaren av juryen Knut Bang frå Design og arkitektur Norge (DOGA).

–Vi fekk inn mange gode produkt, fortel han. Lille Norske Leksikon som leverandør av kvalitetssikra informasjon er viktig i desse kunstig intelligens-tider. Det er òg morosamt at studentar og andre vaksne òg brukar oppslagsverket. Dei byrjar å lese i Lille og går så over til Stor Norske Leksikon og fortset der.

– Det er snakk om at vi her i landet ikkje ligg så langt framme på EU sitt innovasjonsbarometer, men når det gjeld UX, stemmer det ikkje. Vi er veldig langt framme når det gjeld digitale tenester, ja, lengts framme i verda. Det er fordi vi har eit svært godt UX-miljø, meiner juryleiaren.

Lille norske leksikon – eit leksikon for alle

Det digitale oppslagsverket vart lansert i 2024. Allereie den gong var det klart at dei hadde lagt ned mykje innsats i å gjere nettstaden brukarvenleg.

– Målgruppa for leksikonet er hovudsakleg 11-åringar. Dei har stort sett lært å lese og har byrja med abstrakte tema. Men vi har hatt som mål at ingen skal bli steng ute og har difor fleire målgrupper. Manger synest det er krevjande å lese lange tekstar. Det gjeld ikkje berre barn. Målgruppa er difor større og omfattar folk med lese- og konsentrasjonsvanskar, folk som lærer norsk og personar som ikkje kan så mykje om temaet, men som vil rask oversikt. Vi ser òg ein stor auke i besøket når det er norskeksamen i vidaregåande skule. Både Store Norske Leksikon og Lille er av dei hjelpemidla elevane kan bruke på eksamen, fortel prosjektleiar i Lille norske leksikon, Guro Djupvik.

Universell utforming har vore eit førande prinsipp sidan start. Målet med leksikonet var å utvikle eit etterretteleg, oppdatert oppslagsverk, fritt for politisk og kommersiell agenda, redigert og signert med fullt namn, kvalitetssikra av fagfolk, gratis og ope for alle på internett.

–Vi har arbeidd mykje med universell utforming både tekniske og innhaldsmessige. Det er difor gledeleg å få positiv merksemd på det arbeidet som er gjort og samstundes får eit blikk utanfrå, seier Djupvik. Ho takkar òg Bufdir for støtta gjennom tilskotsordninga for universell utforming i 2022 til tiltak med teknisk gjennomgang og kursing i universell utforming.

Leksikonet er besøkt om lag 3,5 millionar gonger.

Deltakarar i utviklinga

Guro Djupvik (prosjektleiar), Kristine Magnesen, Anja Edwards, Elen Zickfeldt, Selma Evenstad og sjefredaktør Erik Bolstad og resten av redaksjonen i Store norske leksikon. I tillegg har dei fått hjelp av 194 forfattarar, 171 fagekspertar og 2500 skuleelevar.

Grunngjeving frå juryen

Lille norske leksikon leverer faktainformasjon kvalitetssikret av fagfolk, til de som har minst muligheter til selv å kvalitetssjekke informasjon. Løsningen er primært laget for barn, men vil også dekke et behov hos lesesvake, mennesker med norsk som andrespråk og mennesker med kognitive funksjonsnedsettelser, inkludert utviklingshemmede. Brukermønsteret i artiklene viser dessuten at leksikonet brukes av studenter og en del elever i videregående skole, for å få overblikk før de går videre og leser den lengre teksten i Store norske leksikon. Det viser at løsningen også er en inngangsport til mer og dypere kvalitetssikret informasjon.

Nettsiden er strukturert og oversiktlig. Juryen vil spesielt fremheve at det er gjort et forbilledlig arbeid med klarspråk som førende prinsipp.

Lille norske leksikon har utarbeidet en egen tilgjengelighetserklæring, til tross for at dette ikke er et krav for dem. Dette viser en bevisst holdning til tilgjengelighet.

Det er gjort grundig innsiktsarbeid og omfattende brukerinvolvering, i flere målgrupper. Arbeidet for å møte brukerbehovene er solid. Juryen er godt fornøyd med at brukertestingen har fortsatt og fortsetter etter lansering, og at tilbakemeldinger brukes til kontinuerlig forbedring.

I en tid preget av mye feilinformasjon og usikkerhet på hva som er sann informasjon, leverer Lille norske leksikon fakta man kan stole på. Løsningen er derfor en gavepakke til alle som ønsker å gi barn og andre lett tilgang til faktasjekket informasjon som er lett å lese. Juryen mener derfor at Store norske leksikon virkelig fortjener årets Brukeropplevelsespris for å ha levert høy troverdighet og god brukeropplevelse med ”Lille norske leksikon”.

Heiderleg omtale til Gyldendal undervisning for «Utforsk språk med Lulu og Orbin»

«Utforsk språket med Lulu og Orbin» er ein læringsressurs for elevar på 1.–4. trinn laga av Salaby frå Gyldendal Undervisning med støtte frå Utdanningsdirektoratet. Ressursen tilbyr grunnleggande opplæring i omgrep og er spesielt utvikla for å møte behova til barn med forsinka språkutvikling, språkforstyrring og ulike kognitive utfordringar.

– Prosjektet starta med eit tydeleg behov å løyse: Korleis styrke språkutvikling og forståing av ulike omgrep hjå elevar med forsinka språkutvikling, språkforstyrringar og andre tilretteleggingsbehov. Det var veldig viktig for oss at ressursen vi har utvikla, kunne brukast av heile elevgruppa, sjølv om den var tilrettelagt for elevar med behov for tilpassing. Ressursen har drill-, spel, samtale- og leseaktiviteter som passar både i fellesundervisning og for individuelt arbeid.

–Ressursen blei utvikla basert på de same prinsippa som anna innhald i Salaby, som er å tilby ei stor bredd i oppgåve- og innhaldstypar som stimulerer til bruk av ulike arbeidsmetodar, og ulike strategiar for læring og problemløysing. Dette forklarer produktleiar i Salaby, David Ådalen.

– Gyldendal Undervisning og Salaby arbeider kontinuerleg og heiskapeleg med innsiktsarbeid og brukarinvolvering gjennom mellom anna observasjonar og testing i klasserommet, intervju av lærarar og av elevgrupper og brukartesting i tidleg fase, seier Ådalen.

–Vi har dei siste ti åra hatt stort fokus på universell utforming. Erfaringane frå desse åra har blitt med i dette prosjektet. Vi arbeider for at elevane møter eit varmt og leikent læringsunivers der alle føler seg inkludert og blir motivert til læring. Eit viktig premiss i utforming og design er å presentere innhald som bidrar til lærelyst, engasjerer og motiverer elevane. Dette gjer vi med variasjon i innhald og visuelt uttrykk, som treffer elevens faglege og kognitive nivå og legg til rette for samhandling i gruppa.

Deltakarar i utviklinga

Salaby-redaksjonen ved redaktør Aimee Kleiven, designer Jeiran Shenasj og illustratør Lina Raknes. Co-designet med logoped og spesialpedagog Kristin Strømmen.

Grunngjeving frå juryen

Løsningen er utviklet for å gi elever på 1.–4. trinn språklæring, begrepsbygging og faglig utvikling. Løsningen er spesielt utviklet for elever som har forsinket språkutvikling, språkforstyrrelser, eller kognitive utfordringer, men fungerer like godt for hele elevgruppen. Slik bidrar løsningen til å sikre felles referanser på tvers av ferdighetsnivå og behov for tilrettelegging

Løsningen har et ryddig brukergrensesnitt med rolig visuelt uttrykk, målgruppetilpasset tekst, og språk med gjentakelse på tvers av kontekster gjennom multimodal støtte som bilder, sanser, film og lyd på begge målformer - innlest av profesjonelle skuespillere. Løsningen er designet for å redusere kognitiv belastning, blant annet gjennom lite visuell støy, gjennomtenkt bruk av bilder, korte setninger, høy andel kjente ord og gjenkjennelige situasjoner.

Det er gjort grundig innsiktsarbeid og brukerinvolvering, som inkluderer observasjoner og testing i klasserommet, dybdeintervjuer av lærere og elevgrupper, usability-testing av tidlige prototyper og av løsninger som er lansert, inkludert Salabys 20 års erfaring i å lage innhold som engasjerer hele

elevgruppen. Innsiktsarbeidet mot den primære målgruppen har bl.a. medført nedtonede illustrasjoner og kapasitetssparende tiltak som rolige farger, ryddige sider med fast struktur, korte og enkle setninger og lite verbal og skriftlig forklaring. Lærere som har fått presentert deler av løsningen har respondert med spontan applaus.


Der mange har ment at universell utforming er umulig for slike løsninger, leverer vinneren her på alle lovpålagte krav, ja faktisk bedre enn kravene til private aktører. Det er juryen spesielt imponert over. Vi mener Gyldendal undervisning tydelig viser vei for andre!

Juryen mener løsningen tydelig setter brukerbehov i fokus, blant annet ved å gjøre læringsopplevelsen både lekende og intuitiv, samtidig som det legges til rette for individuelle tilpasninger.

Juryen mener Gyldendal Undervisning fortjener Hederlig omtale for å ha levert en svært god brukeropplevelse i ”Utforsk språk med Lulu og Orbin”!

Juryering

I alt blei 13 ulike produkt/digitale løysningar sendt inn for vurdering til prisen for 2026. Alle produkta blei teknisk gått gjennom i fleire rundar. Kontrollen vart meir og meir detaljert etter kvart som juryen nærma seg kva som var dei beste produkta. Finalistane fekk ein full kontroll av dei tekniske krava til universell utforming. Finalistane får ein standsrapport frå juryen om universell utforming og brukaroppleving.

Vinnaren av prisen får i tillegg ein spesialdesigna illustrasjon. Alle som ikkje går vidare til finalen, får ei kort grunngjeving om kvifor. Brukaropplevingsprisen ble første gang delt ut i 2024, med Nav som vinnar.

I 2025 ble det ikkje delt ut pris, men Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) fekk heiderleg omtale av si løysning som hjelper unge velgje utdanning og yrke basert på interesser.