Dette er viktig for ein god oppvekst

Publisert
Rapporten trekk fram særleg viktige faktorar som fremmer god oppvekst, på tre ulike nivå:
- Individnivå: Psykiske lidingar, traume, rus, sjølvbilde og sjølvregulering
- Familie: Foreldre-barn-relasjonar, foreldrepraksis, sosioøkonomisk status
- Skole, nærmiljø og nettverk: Trivsel og tilhøyrsel, relasjonar med venner og jamaldrande, skoleprestasjonar
Disse faktorane verker saman og på tvers av kvarandre, og ulike faktorar har også ulik verknad på ulike tidspunkt i løpet av oppveksten. Det er likevel mogeleg å seie noko om kva ein bør satse på, for å fremme god oppvekst:
– Gode relasjonar er ein raud tråd i funna. Når barn og unge møter varme og tydelege vaksne, og kan kjenne på at dei høyrer til blant venner eller på skolen, så leggast grunnlaget for ei trygg utvikling og ein god oppvekst, uttaler Anne Magdalena Solbu Kleiven, divisjonsdirektør i Bufdir.
Tidleg, heilskapleg og samordna innsats
Det er kommunane som har ansvar for dei fleste av områda som er viktig for barn og unges oppvekst, og fleire lovverk pålegg også kommunen ulike oppgåver knytt til oppvekstvilkår og førebygging.
– Kommunane lykkast best når dei satsar på dei universelle tiltaka som når alle, saman med målretta innsats til dei som treng det mest. Tidleg innsats og samarbeid på tvers av sektorar er avgjerande for å sikre gode oppvekstvilkår for flest mogeleg, understrekar Kleiven.
Samarbeid i staten for betre oppvekst
Studien er gjort av FHI, på oppdrag frå Bufdir. Resultantane skal brukas som kunnskapsgrunnlag i arbeid med å utvikle en tverrsektoriell fagleg støtte til kommunanes arbeid med å forebygge og fremme gode oppvekstvilkår for alle barn. Arbeidet skjer i regi av forebyggingsoppdraget i etatssamarbeidet.
Som ein del av arbeidet med å utvikle fagleg støtte, er det oppretta ei rådgjevande gruppe, som skal gi retning og komme med innspel til kva kommunane treng. Gruppa består av ulike personar, med erfaring frå oppvekstfeltet, enten frå organisasjonar, kommunesektoren eller som forskarar.
28.-29. april var den rådgjevande gruppe samla, mellom anna for å kommentera på funna i rapporten, og gje innspel om korleis dei burde brukast vidare. Gruppa understreka kor viktig det er å jobbe systematisk med å fremme gode oppvekstvilkår, framfor å sett inn innsatsen etter at problema har oppstått.
– Den rådgjevande gruppa kom med mange viktige innspel til vidare arbeid med funna, og understreka også det same som vi også ser, nemleg at vi er avhengig av tett samarbeid og å styrke arbeidet med dei beskyttande faktorane, forklarer Kleiven.
Den rådgjevande gruppa skal møtast fleire gonger, og støtta til kommunane vil publiserast på bufdir.no etter kvart som den blir ferdig.