ZIP-modellen
Målet er å bidra til å rekruttere fleire fosterheimar i nærmiljøet til barnet slik at dei kan få halde fram med å bu der dei kjem frå, også når dei skal bu i fosterheimar.
Rekrutteringssituasjonen er krevjande, og det er utfordrande å finne tilstrekkeleg med fosterheim i geografisk nærleik til barn med behov for omsorgstilbod utanfor slekt og nettverk. Det blir derfor lagt vekt på å utforske handlingsrommet for tettare samarbeid mellom Bufetat og barneverntenestene, med mål om at fleire barn skal kunne vekse opp i heimkommunane sine.
Prosjektet har utvikla ein modell for samarbeid om rekruttering og opplæring av fosterheim i geografisk nærleik.
Modellen byggjer på den etablerte ansvarsfordelinga mellom stat og kommune, men legg til rette for tettare og meir strukturert samarbeid gjennom heile fosterheimsprosessen, frå rekruttering og opplæring til vurdering og matching.
Når vi kombinerer fag, lokalkunnskap og gjensidig tillit i eit strukturert samarbeid, legg vi til rette for varige løysingar – for barna og for fellesskapet.
Det er gjennomført ei intern evaluering av piloten i dei to kommunane som utvikla ZIP-modellen saman med Bufetat.
Modellen er no etablert som eit nasjonalt tiltak i Bufetat som del av oppfølginga av fosterheimsmeldinga, og vil som del av dette bli evaluert saman med dei øvrige nasjonale tiltaka på fosterheimsområdet.