Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Midt i julestria, opna familien heim og hjarte for eit søskenpar

Publisert

Det var like før jul for ti år sidan. Juleførebuingane var i gang og kvardagen travel då telefonen kom: Kunne familien på syv ta imot eit søskenpar frå bygda som trong ein trygg stad å bu i Stryn?
Bilde av ryggen til fostermor som ser utover Stryn

– Eg skulle eigentleg jobbe heile jula, fortel fostermor når ho mimrar tilbake. – Men eg fekk heldigvis bytta vakter og kunne fara heim. Det gjekk veldig fort, og to timar etterpå var dei hjå oss, fortel ho.

Avgjerda var teken raskt, men tanken hadde vore der lenge. Med lang erfaring frå ungdomssenter har fostermor alltid hatt eit stort hjarte for barn og unge. Ho har arbeidd tett på ungdom som treng ekstra støtte og omsorg, og ønske om å bli fosterheim hadde modna over tid.

– Eg spurde mannen min om han òg kunne tenkje seg det. Han sa fyrst nei, men så klarte eg å overtala han til å bli med på kurs. Då fekk han ein heilt anna oppfatning – og vart hundre prosent på med ein gong!

Kurset var utløysande

Særleg éi oppgåve påverka mannen hennar.

– Oppgåva dreia seg om å skrive om oss sjølve og om opplevingar frå ein er fødd til i dag. All motgang, alt positivt, skulle beskrivast. Og den som tok boka fyrst og forsvann på hotellrommet – det var han, seier fostermor og ler.

Kurset vart eit viktig vendepunkt for paret. I møte med andre som ville bli fosterheim, fekk dei rom til å dela både forventningar og bekymringar.

– Hadde vi ikkje gått på kurset, så hadde eg nok ikkje fått han med på dette, innrømmer fostermor. – Der fekk vi treffa andre, dela tankar og bekymringar med kvarandre. Det har vore ei stor støtte.

– Tenk viss dei ikkje likar oss

Før søskenparet flytta inn, var det mange tankar som melde seg hjå familien.

– Tenk viss ungane ikkje likar oss, eller det er totalt krasj. Eller at vi som familie ikkje passar til dei – det er jo ein bekymring. Men med ein gong ungane flytta inn, så kjende eg i hjartet at det var rett.

Det fyrste møtet har festa seg for alltid.

– Den eine av søskena kom springande inn, medan den andre sov og vart boren inn av barnevernet. Og det fyrste eldstemann såg, var juletreet vårt ute i hagen – med blinkande lys i forskjellige fargar. Det juletreet har vore viktig å ha kvar jul sidan da, seier ho med eit smil.

Etter kvart kom òg dottera deira ned frå rommet, og kvelden gjekk med til pizza, perling og leiking med bilar når den andre av søskena vakna, fortel ho.

– Yngstemann var fyrst litt fortumla, men tok meg i handa då eg skulle finne fram lekene. Og på kvelden, når eg skulle leggja dei, så trilla tårene mine. Då tenkte eg sånn på korleis foreldra deira måtte ha det.

Tryggleik i nærmiljøet

Det har vore viktig å ha eit godt og nært samarbeid med den biologiske familien heile vegen, fortel fostermor. Ho er overtydd om at dette har vore avgjerande – både for barna og familien deira.

– At foreldre, besteforeldre, tantar og onklar har vore så tett på, trur eg har gjort at både barna og familien slappar meir av. Avstanden er ikkje der. Dei kan treffast på butikken og på aktivitetar, og ein slepp å reise langt for samvær.

Òg det er ingen tvil om at relasjonen har vakse mellom dei.

– Kvar jul låg det pakkar frå familien deira under treet, og etter kvart ga besteforeldra til og med pakkar til våre barn òg, så det ikkje skulle bli noko forskjellbehandling. Det seier sitt, fortel ein rørt fostermor.

Ho peikar òg på kor viktig det har vore for søskena å få bu i same heim, støtte seg på kvarandre og halde fram med livet sitt slik dei kjende det: med same skule, same vener og med fritidsaktivitetane sine.

– Eg trur at dei hadde brukt mykje lengre tid på å landa i ein fosterheim, om dei hadde hamna i forskjellige heimar, ein heilt anna plass. Det hadde vore mykje tøffare.

– Læring for alle

Ho legg ikkje skjul på at å vere fosterheim er utfordrande til tidar. Kvart barn kjem med si eiga historie, og kvardagen krev både tolmod, gode rutinar og vilje til å stå i det, sjølv når det er vanskeleg.

– Det har vore læring for alle. Eg opplever for eksempel at ungane våre har lært meir om tolmod og empati, og om å sjå forbi åtferd. Dei har fått større forståing for andre som opplever motgang i livet.

Rolla som fosterheim sett spor i heile familien. Gjennom kvardagslege augeblikk, har relasjonane vorte sterkare, bit for bit. Og når ein knyter sterke band, kjem òg tankar om framtida.

– Det ligg sjølvsagt i underbevisstheita heile tida når du tek på deg eit slikt oppdrag, at barna ein dag kanskje skal flytta vidare. Men du sparer ikkje på kjærleiken, sjølv om det kan vere mellombels.

For fostermor har det aldri vore tvil om korleis ho møter det.

– Eg kan seie med handa på hjartet at eg er like glad i fosterbarna som i mine eigne. Det har eg aldri lagt skjul på. Eg hadde gått over lik for desse ungane.

Tekst og foto: Siri Helena Halvorsen