Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Fosterheim i Stryn

Det finst barn og unge i Stryn som ikkje kan bu heime. Dei treng trygge vaksne som kan gje deg stabilitet og omsorg i kvardagen. Kan det vere deg?

Barn i Stryn som treng fosterheim er like ulike som alle andre barn – med forskjellige interesser, behov og draumer. Felles for dei er at dei ikkje kan bu hos foreldra sine, og difor treng ein ny, trygg heim.

Når eit barn må flytte, er det som oftast best for barnet å flytte til nokon i nærmiljøet. Då kan barnet behalde venner, halde fram på same skule og med fritidsaktivitetane sine. Dette skapar tryggleik og stabilitet i ei elles sårbar situasjon.

«Emma» likar turar til Bergsetnakken. Naturen gjer ho trygg. Ho håpar å framleis kunne dra dit, sjølv om ho skal flytte i fosterheim. Har du plass til «Emma» i livet ditt?

Eit felles ansvar

«It takes a village to raise a child» er grunntanken i arbeidet med fosterheimar i Stryn. Kommunen er opptekne av at det er eit felles ansvar å sikre at alle barn får ein trygg og god oppvekst. Dei ønsker at barn skal få bli verande i kommunen, sjølv om dei treng ein ny plass å bu.

Her kan du lese om korleis det er å vere fosterheim i Stryn kommune.

Bufetat har ansvar for rekruttering og opplæring av fosterheimar, medan barneverntjenesten i Stryn kommune har ansvar for barnet, foreldra og deg som fosterheim.

Kan du opne heim og hjarte?

Du treng ikkje bestemme deg no. Meld deg på nettmøte om å vere fosterheim, eller ta kontakt for ein uforpliktande samtale.

Fosterheim i Stryn | Bufdir