Fosterheim på Stord

Barn på Stord som treng fosterheim er like ulike som alle andre barn – med forskjellige interesser, behov og draumer. Felles for dei er at dei ikkje kan bu hos foreldra sine, og difor treng ein ny, trygg heim.
Dei fleste av desse barna har det best når dei får bu nær folk og stader dei kjenner. Då kan dei behalda vennar, halde fram på skulen og fortsetja på dei sama fritidsaktivitetane. Det skapar tryggleik og kontinuitet i ein elles sårbar situasjon.
Eit felles ansvar
«Saman om ongane våras» er grunntanken i arbeidet med å ta vare på barn og unge som treng fosterheim på Stord. Kommunen er opptekne av å stå saman for å sikre at alle barn får ein trygg og god oppvekst. Dei ønsker at barn skal få bli verande i nærmiljøet sitt, sjølv om dei treng ein ny plass å bu.
Bufetat har ansvar for rekruttering og opplæring av fosterheimar, medan Sunnhordland Interkommunale Barnevern (SIB) har ansvar for barnet, foreldra og deg som fosterheim.
Kan du opna heim og hjarte?
Du treng ikkje bestemme deg no. Meld deg på nettmøte om å vere fosterheim, eller ta kontakt for ein uforpliktande samtale.

