Fosterheim i Øygarden

Barn i Øygarden som treng fosterheim er like ulike som andre barn – med forskjellige interesser, behov og draumer. Felles er at dei treng å bu ein annan stad enn hos sine foreldre.
Dei fleste av desse barna har det best når dei får bu nær folk og stader dei kjenner. Då kan dei behalda vennar, halde fram på skulen og fortsetja på dei sama fritidsaktivitetane. Det skapar tryggleik og kontinuitet i ein elles sårbar situasjon.
Eit felles ansvar
«It takes a village to raise a child», er grunntanken i arbeidet med å ta vare på barn og unge som treng fosterheim i Øygarden. Trygge fellesskap og nettverk kan bidra til å gi barn den hjelpen og støtten dei treng når dei står i vanskelege situasjonar. Difor ønskjer Øygarden kommune å stå saman for å sikre at alle barn skal oppleve ein ein trygg og kjærleg omsorgssituasjon i kommunen.
Her kan du lese meir om korleis det er å vere fosterheim i Øygarden.
Bufetat har ansvar for rekruttering og opplæring av fosterheimar, medan Øygarden barnevernteneste har ansvar for barnet, foreldra og deg som fosterheim.
