Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Fosterheim på Fitjar

Det finst barn på Fitjar som treng fosterheim. Dei treng trygge vaksne som kan gje dei stabilitet og omsorg. Kanskje det er deg?

Barn på Fitjar som treng fosterheim er like ulike som alle andre barn – med forskjellige interesser, behov og draumer. Felles for dei er at dei ikkje kan bu hos foreldra sine, og difor treng ein ny, trygg heim.

Dei fleste av desse barna har det best når dei får bu nær folk og stader dei kjenner. Då kan dei behalda vennar, halde fram på skulen og fortsetja på dei sama fritidsaktivitetane. Det skapar tryggleik og kontinuitet i ein elles sårbar situasjon.

«Frode» elskar å køyra båt og fiska i Fitjarøyane. Han håpar han framleis kan gjera det, sjølv om han skal flytta i fosterheim. Kan du opna heimen din for «Frode»?

Eit felles ansvar

«Saman om ongane våras» er grunntanken i arbeidet med å ta vare på barn og unge som treng fosterheim på Fitjar. Kommunen er opptekne av å stå saman for å sikre at alle barn får ein trygg og god oppvekst. Dei ønsker at barn skal få bli verande i nærmiljøet sitt, sjølv om dei treng ein ny plass å bu.

Her kan du lese meir om korleis det er å vere fosterheim på Fitjar.

Bufetat har ansvar for rekruttering og opplæring av fosterheimar, medan Sunnhordland Interkommunale Barnevern (SIB) har ansvar for barnet, foreldra og deg som fosterheim.

Fosterheim på Fitjar | Bufdir