Fosterheim i Alver
Barn i Alver som treng fosterheim er like ulike som alle andre barn – med forskjellige interesser, behov og draumer. Felles for dei er at dei ikkje kan bu hos foreldra sine, og difor treng ein ny, trygg heim.
Dei fleste av desse barna har det best når dei får bu nær folk og stader dei kjenner. Då kan dei behalda vennar, halde fram på skulen og fortsetja på dei sama fritidsaktivitetane. Det skapar tryggleik og kontinuitet i ein elles sårbar situasjon.
Eit felles ansvar
«Våre barn, vårt ansvar», er grunntanken i arbeidet med å ta vare på barn og unge som treng fosterheim i Alver. Trygge fellesskap og nettverk kan bidra til å gi barn den hjelpen og støtten dei treng når dei står i vanskelege situasjonar. Difor ønskjer Alver kommune å stå saman for å sikre at alle barn skal oppleve ein ein trygg og kjærleg omsorgssituasjon i kommunen.
Her kan du lese meir om korleis det er å vere fosterheim i Alver.
Bufetat har ansvar for rekruttering og opplæring av fosterheimar, medan Alver barnevernteneste har ansvar for barnet, foreldra og deg som fosterheim.

