Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Ordføraren og kona opna heimen for barn som trong tryggleik: – Det har styrkt oss som familie

Publisert

Det fortel ordførar i Hå, Andreas Bjorland, og kona Jorunn Beate, som saman med deira fire døtrer har vore beredskapsheim og fosterheim i fleire år. – Det har vore det viktigaste vi har gjort som familie, og vi ser kor mykje ungane våre har vakse på det, seier paret.
Ektepar står foran en lekeplass, holder rundt hverandre og smiler til kameraet.

Når ein tek imot eit barn, blir takten i kvardagen naturleg endra, og tid og merksemd fordelt på fleire. Då er det viktig at heile familien står samla, understrekar dei.

– Det var noko vi snakka mykje om heime. Det krev tid og engasjement, og det var viktig for oss at døtrene våre forstod kva det innebar. Å bli fosterfamilie er eit val som heile familien må stå bak.

Dei fire døtrene var med på å forme avgjerda. Etter grundige samtaler, var dei alle samde: Dei ville opne heim og hjarte. Og døtrene har sett stor pris på å få fleire barn i hus, som dei raskt knytte band til.

– Eg hugsar spesielt godt ein dag eg kom heim og fann den søtaste litle jenta i sofaen. Ho var to år gammal, ikledd ein rosa og lilla stripete dress. Det gjekk ikkje mange minutt før eg vart glad i jenta, fortel dottera Silje.

Les meir om å bli fosterheim på fosterhjem.no.

Sit igjen med takksemd

Silje og søstera Randi Iren fortel at det har gjort inntrykk å inkludere andre barn i søskenflokken som ikkje har hatt det like lett. Det har lært dei kor viktig det er å ikkje døme nokon på førehand – for ein veit aldri kva bagasje eit barn ber på.

to jenter står kinn mot kinn og smiler i bunad på en grønn eng
Søstrene Randi Iren og Silje har vakse mykje på å vere fostersøsken, og sit igjen med mange gode minner. Foto: Privat.


– Eg har lært å møte andre med kjærleik og som medmenneske, utan å la førsteinntrykket styre. Dette er noko av det finaste og viktigaste eg sit igjen med frå barndommen, seier Silje.

Søstera Randi Iren er einig. Ho utrykker takksemd for alle barna ho har fått bli kjent med, og fortel at det har påverka yrkesvalet hennar.

– Det er takka vere dei at eg i dag ynskjer å bli barnevernspedagog. Dei har inspirert meg til å ville jobbe med barn og familiar, og bidra til at fleire får ein trygg oppvekst.

Bygger tillit som set spor

Det som har gjort sterkast inntrykk på familien, er tilliten som byggast over tid. Dei nære relasjonane kjem ikkje alltid med ein gong, men når dei kjem, set dei varige spor.

– Du ser det i blikket: Når eit spedbarn er trygg nok til å smile, gråte og le. Når eit lite barn tek deg i handa og gir deg ein klem. Eller når ein tenåringsgut set seg i fanget ditt, fordi han ikkje har fått den nærleiken før. Det er sterkt, seier Andreas.

Ektepar står på trappa utenfor huset sitt

Mange av barna tek også kontakt i ettertid.

– Nokre kjem bort og gir oss ein klem, berre for å vise at dei hugsar – då veit vi at vi har betydd noko, seier Jorunn Beate.

Tolmod er avgjerande

Familien legg ikkje skjul på at det krev tolmod.

– Nokre gonger kjenner du at du ikkje strekk til. Du vil så gjerne hjelpe meir. Men det viktigaste er å vere til stades, lytte, forstå og ikkje gi opp, seier Andreas.

– Det finst sjeldan raske løysningar. Å bygge tillit tek tid. Men det er alltid verdt det, legg Jorunn Beate til.

Tryggleik i det kjente

Bjorland-familien håpar fleire i Hå vil vurdere å bli fosterheim, slik at barn og ungdom som treng ein ny heim, kan bli i kjente omgjevnadar.

– Å flytte i fosterheim er ein stor omvelting for eit barn. For å gjere overgangen lettare, er det viktig å kunne behalde nærskulen, fritidsaktivitetar og vener. Det skapar tryggleik i ein elles vanskeleg tid.

«I lag om ongane okkas»

Som ordførar er Andreas tydeleg på at kommunen vil støtte dei som ønsker å bli fosterheim.

– Det er ei viktig oppgåve, og kommunen legg til rette for at alle som ønsker å bli fosterheim, skal kjenne seg trygge på at de blir godt ivaretekne. Dei skal få god oppfølging, rettleiing og støtte frå barnevernet heile vegen.

– Bruk tid, snakk saman og tør å prøve

Til familiar som vurderer å bli fosterheim, men er usikre, har Andreas og Jorunn Beate eit klart råd:

– Bruk god tid, snakk saman i familien. Meld dykk på eit informasjonsmøte og lytt til erfaringar frå andre. Du treng ikkje vere perfekt. Det viktigaste er at du er trygg, open – og villig til å gje omsorg.

Les meir om korleis du kan bli fosterheim.

Fosterforeldre står ute i hagen og smiler til kameraet
– Vi kjem aldri til å gløyme dei som har budd hjå oss, seier Jorunn Beate.

Fotograf: Espen Mills.
Tekst: Siri Helena Halvorsen og Trond Nygard-Sture.