Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

Ein fosterheim der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Publisert

Ingrid jobbar i skulen, er politikar og fostermor. Saman med flokken sin bur ho langt oppe i ein fjellskrent. I dag har ho steikt vaflar.

Ingrid står i døra og ønsker velkommen.
– Det viktige er at du har ekstra kjærleik for barn og unge.

– Det beste med å være fosterelder må være å høyre gleda deira når dei kjem heim og ropar «Hei mormor, hei morfar!», og fortel om dagen sin. Dei viser så mykje kjærleik. Det er fantastisk.

Omplasseringshunden Max ligg tett inntil medan vi pratar saman. Max er ein avbalansert type på 12 år, glad i menneske og kos. No søv han.

Ingrid har hatt hund heile livet. Dei fleste har vært omplasseringshundar. Ho har hjarte for dei som treng hjelp – to, som firbeinte. Dessutan meiner ho bestemt at barn har godt av å vekse opp med dyr rundt seg.

Tett på naturen

Langt oppe i fjellet, eit stykke utanfor Bergen, «der ingen skulle tru at nokon kunne bu», bur Ingrid og mannen hennar saman med sine to fosterdøtrer og Max den firbeinte.

– Send meg ei melding om eg skal hente deg ved vegen, sa Ingrid da vi planla intervjuet. Ho er vant til at besøkande ynskjer bistand den smale, bratte grusvegen opp til heimen deira.

Det er lett å forstå valet om å bu i «Gokk», når ein ser utsikta. Sjølv i tåke og regn var det vakkert.

Utanfor døra har dei skog, fjell, hage og eit basseng til barna. Det er jo eit stykke til sjøen ifrå fjelltoppen deira. Difor valde paret å ta sjøen til barna. Innimellom tar dei bubilen fatt og køyrer dit dei måtte føle for.

Ekteparet bur akkurat slik ein ser føre seg at barn har godt av å vekse opp: tett på natur, men kort veg til skule og andre barn. Ja, for det er ikkje heilt aude. Det bur fleire barn rett i nærleiken, og skulen er berre ein kort biltur unna. Eller sykkeltur, for dei som tørr.

Kort sagt har dei det som plomma i egget der oppe i fjellskråninga.

Til og med på dårlege værdagar er utsikta upåklageleg.

– Eg vil gjerne bidra til at fleire blir fosterheim!

Ingrid og ektemannen har vært fosterforeldre i fem år. Det heile byrja med at dei blei besøksheim for jentene som no bur hjå dei.

– Det var ein fin start for oss. Då fekk vi prøve oss litt, og så blei vi fosterheim for dei etter kvart. Då vi blei spurt, var det heilt naturleg å takke ja. Vi kjende dei jo så godt frå før, dei var allereie ein del av familien.

Ingrid har tre barn og eit bonusbarn frå før. No er dei vaksne og har eigne barn. Fosterdøtrene har blitt ein naturleg del av gjengen, og Ingrid og ektemannen blir kalla for mormor og morfar, akkurat slik barnebarna kallar dei.

– Det beste med å være fosterelder må være å høyre gleda deira når de kjem heim og ropar «Hei mormor, hei morfar!», og fortel om dagen sin. Dei viser så mykje kjærleik. Det er fantastisk, fortel Ingrid.

Ho legg til at det er givande å bety noko for nokon, og å sjå at barna utviklar tillit.

– Det kjennes godt at nokon treng meg, og så har eg meir omsorg å gi.

– Du får mykje tilbake

Det er ifølge Ingrid ikkje til å stikke under ein stol at det mange gonger også kan være krevjande. Mange har ein veldig tung bagasje, mens andre har ein lettare bagasje.

– Men har du kjærleik å gi, så er det utruleg kva du klarer å stå i. Når du ser tilliten dei utviklar, så gir det svært mykje tilbake.

Som politikar, er Ingrid vant til møter og vant til å forholda seg til kommunen og offentlege instansar. Ho fortel at potensielle fosterforeldre må være forberedt på å måtte sleppe ukjende menneske inn i heimen.

Hunden Max tygger på kosedyret sitt.

Hunden Max har vært godt selskap for hele familien gjennom 12 år.

Politikar og fostermamma

Ingrid er politikar og sit i kommunestyret. Der frontar ho stadig sakar som handlar om barnevern og fosterheimar og er ein er ivrig forkjempar for at fosterforeldre skal få full opptening av pensjonspoeng.

Diverre har det å ta del i offentlegheita også ei bakside. Ingrid møter regelmessig hets i sosiale media for ho talar barn si sak for allmennheita. Heldigvis er ho ikkje redd for å seie i frå om ho føler seg urettferdig behandla.

Ingrid er tydeleg på at ho ser behov for fleire fosterforeldre. Samtidig ynskjer ho ikkje å undergrave viktigheita av dei biologiske foreldra.

– Det er viktig at barna kjenner sitt opphav. Dei må vite historia si. Det treng vi vel alle.

Ho er også oppteken av at fosterbarn av og til berre bur i fosterheim i kortare periodar, og at ein kan risikere å måtte gi dei frå seg. Det kan være tøft, og er noko ein må være forberedt på når ein tar på seg oppdraga.

– Vi har dei jo berre til låns, akkurat som med våre eigne barn, seier ho. Ofte har jo ikkje fosterbarn det så enkelt, så vi får jo ein omsorg for dei.

– Du treng ikkje være perfekt

Fosterforeldre kjem i alle variantar, og mangfald er viktig. Fosterforeldre er heilt vanlege folk som deg og meg.

– Verken du eller heimen din treng å være perfekt for å kunne bli fosterheim, påpeiker Ingrid. Det er ikkje det ungane treng, dei treng omsorg og kjærleik og at det er vaksne som er der for dei.

Ingrid påpeikar at det viktige er at du har tid til å prioritere barna.

– Du kan ikkje prioritere alt anna om du skal være fosterforelder. Du blir som ein vanleg forelder, på godt og vondt. Det viktige er at du har ekstra kjærleik for barn og unge, og har eit ynskje om å gjere ein forskjell for livet deira.

– Du tar på deg eit ansvar for andre sine ungar. Det skal ein aldri gløyma.

Kontakt oss

Skriv inn postnummeret ditt for å finne din nærmeste fosterhjemstjeneste

Oversikt over fosterhjemstjenestene
To smilende damer med fosterhjem-t-skjorter

Ønsker du mer informasjon om det å bli fosterhjem, benytter du dette skjemaet. En rådgiver i fosterhjemstjenesten vil kontakte deg så snart som mulig. Du må fylle ut alle felt.

Personvernerklæring (åpnes i ny fane)

Informasjonsmøter

Uforpliktende møter hvor du får vite mer om det å bli fosterhjem