Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

– Eg hadde nok ikkje kome så langt i livet hadde det ikkje vore for Jorunn Marit

Publisert

Som 13-åring flytta Jorunn Lovise i fosterheim på Voss. I dag studerer ho psykologi og ser tilbake på fostermora Jorunn Marit som ein viktig del av grunnen til at livet hennar tok ei anna retning enn det kunne ha gjort.
Fostermor og fosterdatter smiler til hverandre sittende i sofa

Jorunn Lovise smiler mot fostermora som deler same namn. Det er mange år sidan ho flytta inn hos Jorunn Marit på Voss. Likevel er det lett å merka at dette framleis er ein viktig relasjon i livet hennar.

– Det låg jo i korta mine at det ikkje skulle gå bra.

Slik kunne det ha gått. I dag er historia ei anna.

– Det å kjenne seg heldig for å ha opplevd at det har gått bra, det kjennest veldig godt. Det har eg takka Jorunn Marit for i dag.

Ei stor omvelting

Jorunn Lovise var tenåring då ho flytta i fosterheim.

– Du er 13 år, usikker på deg sjølv og livssituasjonen din. Tunge ting har skjedd i livet, og du har stått i mykje.

Midt i alt det utrygge kom ho til ein fosterheim der ho opplevde noko heilt anna.

– Det å då kunne flytta til ein fosterheim som var så trygg og som hadde veldig forståing for situasjonen min og kjenslene mine, var veldig godt.

For fosterdottera vart det viktig at Jorunn Marit gav ho omsorg i form av både kjærleik og tydelege rammer.

– Det var tryggleik, forståing og tydeleg grensesetjing. Det tenkjer eg er veldig bra. Det å ikkje ha grensar kan gjera deg meir utrygg i ein allereie utrygg situasjon.

Samstundes fekk ho halda fast i mykje av det ho kjende frå før.

Ho fekk bli verande på Voss, der ho hadde to gode venninner som hadde følgt henne gjennom den usikre tida. Ho hadde også ei bestemor som alltid hadde vore ein person ho kunne gå til.

– Det var mindre ustabilt å flytta når eg hadde vener, familie og relasjonar som ein tryggleik. Eg kunne også halda fram skulegangen med venene mine.

For Jorunn Lovise vart det derfor ikkje eit totalt brot med livet ho kjende. Ho fekk eit nytt trygt utgangspunkt, utan å miste det gamle nettverket sitt.

Eit ja som skulle vare i 14 år

For fostermor Jorunn Marit starta det heile med ein reportasje av ein fosterheim ho las for 17 år sidan.

Eit frø var sådd.

Sonen hennar hadde byrja å bli vaksen og klarte seg sjølv. Ho kjente at ho hadde både tid og kapasitet til å gjera noko meir.

Ho byrja som besøksheim først, som ho opplevde som givande. Så, etter fem år, dukka det opp ein ungdom som trong fosterheim på Voss.

– Eg sa ja. Eg fekk prøvd det. Det var ei bratt læringskurve, og det var nokre utfordringar, men det gjekk fint.

Det eine ja-et skulle bli starten på 14 år som fosterheim.

I løpet av desse åra har fleire barn og ungdommar fått ein plass rundt bordet hjå Jorunn Marit. Nokre har budd der i kortare periodar, andre i mange år. Fleire søsken har også budd hjå ho samstundes.

Og i dag er det ikkje først og fremst dei utfordrande periodane ho trekk fram når ho ser tilbake.

– Det som er mest givande no i etterkant, er jo å sjå kor bra det har gått med barna som har budd her.

Ho har framleis kontakt med dei fleste.

Nokre har etablert seg på Voss, og kontakten er framleis tett. Slik er det også med Jorunn Lovise.

Samtalen som betydde mykje

Fostermor hugsar spesielt godt ein samtale ho hadde med Jorunn Lovise mange år etter at ho hadde flytta heimanfrå.

For første gong fekk ho høyre fosterdottera setje ord på kva fosterheimen hadde betydd.

– Eg hugsar du som vaksen sa at du var takknemleg for at du hadde budd hjå meg, og at du satt pris på det eg hadde gjort for deg. Det var eit veldig spesielt augeblikk.

Ho meiner det er noko av det største ein kan få tilbake som fosterforelder.

– Det er jo den beste tilbakemeldinga du kan få. Men ein kan ikkje forvente at det kjem midt i ungdomstida.

Jorunn Lovise nikkar:

– Du var veldig flink til å la meg få vera barn og ungdom. Du hadde ikkje for høge forventningar til meg. Du stod og heia og skrytte når eg gjorde ting bra – og når eg tråkka feil, så gjekk me gjennom kva me kunne læra av feilen.

Det handla ikkje om å gjere alt riktig.

Det handla om å ha ein vaksen som stod stødig medan Jorunn Lovise fekk finne vegen sjølv.

– Du er alltid velkomen heim

Då Jorunn Lovise var 20 år, kom ho inn på barnevernspedagogstudiet i Harstad.

Dei mimrar over førebuingane:

– Eg hugsar at du tok meg med på Biltema. Vi kjøpte alt eg trong, til og med do-børste, noko eg aldri hadde kome på sjølv, fortel Jorunn Lovise og ler.

Ho var klar for neste kapittel. Samstundes var det vemodig å skulle flytta.

Så kom samtalen ho framleis hugsar: – Kva når eg er ferdig på studiet, kor skal eg då?

Svaret frå Jorunn Marit var enkelt: – Du er alltid velkomen tilbake til heimen din.

For fosterdottera vart det ei viktig stadfesting.

– Det var tydeleg: Dette er heimen min. Eg er alltid velkomen heim igjen.

Eit ønske om å gi tilbake

Mange år har gått sidan Jorunn Lovise flytta frå Voss.

Ho fullførte barnevernspedagogstudiet i Harstad, med eit ønskje om å hjelpe barn som hadde opplevd noko av det same som ho sjølv.

Seinare fann ho ut at det var psykologi ho ville studere. Ho vart fascinert over korleis miljø påverkar kven vi blir, korleis vi tenkjer, og samspelet mellom arv og miljø.

I dag studerer ho psykologi og bur på Østlandet med sambuaren sin.

Og det er nettopp her historia får ein ny vending: Jorunn Lovise og sambuaren ønskjer sjølve å bli fosterheim ein dag.

– Livet er veldig, veldig bra, og eg er stolt over kor langt eg har kome. Eg er også stolt og takknemleg overfor Jorunn Marit og alt ho har stått med meg i og støtta meg i.

Jorunn Marit takkar, men vil ikkje ta heile æra:

– Den største innsatsen har du gjort sjølv. Hadde du ikkje villa sjølv og brukt den eigeninnsatsen du har gjort, så hadde du gjerne ikkje vore der du er i dag.

Fosterdottera smiler: – Men den innsatsen må jo dyrkast i eit miljø der den kan veksa.

Ein heim der ein kan slå rot

Når Jorunn Lovise kjem heim til Voss på besøk, er det framleis ei sjølvfølgje kvar ho skal bu.

Hjå Jorunn Marit.

Det seier kanskje meir enn nokon ord om kva ein fosterheim kan bli.

For Jorunn Lovise handla det ikkje berre om å ha ein trygg stad å bu som tenåring. Det handla om å få høyre til.

Og nettopp det meiner fostermor er noko av det viktigaste ein fosterheim kan gi.

– Ein må tenkje på at det gir eit barn ei moglegheit som det kanskje ikkje har andre plassar. Å få barnet til å føle at du ikkje berre er ein fosterheim, men ein heim der det kan slå rot.

For ho handlar det også om å gi barnet høve til å høyre til i nærmiljøet sitt, og samstundes bli ein del av fosterfamiliens sitt liv.

Ho legg ikkje skjul på at det kan vere krevjande til tider.

– Det går jo gjerne ikkje alltid smurt. Men alt i alt så er det veldig givande å vera fosterforelder. Ein lærer også mykje om seg sjølv. Ein får utfordringar – men dei er tilfredsstillande å ta fatt på. Du skal engasjere deg, men så får du også mykje igjen.

Difor meiner ho at det å bli fosterheim ikkje berre passar for dei få:

– Det er faktisk noko for folk flest som har litt overskot og som ønskjer å gjera ein forskjell for eit barn.

«It takes a village to raise a child»

Fosterdottera Jorunn Lovise meiner at å bli verande i nærmiljøet kan bety mykje for eit barn. Det har ho sjølv erfart.

– Det er noko med ordtaket «it takes a village to raise a child». Det passar godt for barn som treng ein fosterheim i kommunen.

For ho vart landsbyen hennar litt større då ho var 13 år.

Og det viktigaste menneske i den landsbyen vart Jorunn Marit.

I dag er døra framleis open. Det er framleis ein heim å kome tilbake til.

Tekst: Anne Åstveit og Siri Helena Halvorsen. Foto: Anne Åsveit