Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Dei frykta at han skulle flytta frå Alver

Publisert

Med eit lite nettverk i nærmiljøet fann guten tryggleik hos besøksheimen. No vart paret spurde om å bli fosterforeldra hans.
Fosterforeldra Ina og Tore smiler ved sida av kvarandre ute

Dei hadde no moglegheita til å gi han ein heim i nærområdet, slik at guten kunne få behalda skulen, fritidsaktivitetane sine og få møte dei same vennane like ofte som før.

Dei frykta kva det ville gjere med guten, om han måtte flytte langt vekk frå det som var kjend for han.

Kunne plutseleg få ein litlebror

Dei to biologiske sønene til paret, på 13 og 15, kunne plutseleg få en litlebror. Dei måtte sjølvsagt snakke om det. Det var ein stor avgjersle.

Ina og Tore sit i kvar sin stol og smiler til kvarandre

Guten hadde vist så god utvikling i dei aktivitetane han hadde delteke på fast i kvardagen. – Vi ville gi det ein sjanse, seier Tore.

Som besøksheim vart dei knytt til guten. Både kona Ina, mannen Tore og dei to sønene deira.

– Å sjå utviklinga til barnet er givande. Å sjå ein tilhøyrsel vakse hjå barnet og å vere med på å skape ein trygg base for nokon, gir heile familien eit nytt perspektiv, seier Ina.

Gutane lærar meir om rausheit og toleranse. Den biologiske litlebroren uttrykker forståing for korleis det var for storebror å forhalde seg til han, etter at han no sjølv er i same situasjon. – Det er så fint å sjå korleis barna har teke imot guten, seier Ina.

– Barna har, som alle andre, opp- og nedturar, seier Tore.

Ina er samd.

– Dei har utvikla ei evne for omsorg, empati og forståing, som ligg utanfor dei sjølve. Og til tross for det: Dei skal jo sjølv verte ivareteke oppi dette. Vi er veldig obs på det og sett av tid til dei. Dei har verkeleg imponert, legg ho til.

Flytta samstundes som dei vart fosterheim

Nokon dagar før guten flytta inn i huset, gjorde familien det same. Det var hektisk med flytting, kurs for å bli fosterheim og oppstart samstundes.

I huset trivast dei no godt og har familie i nærleiken, både besteforeldre og oldeforeldre. Tore vekslar mellom å ha heimekontor og jobbe på forskjellige lokasjonar på land og offshore. Ina er tidlegare SFO-leiar, men er no frikjøpt.

– Det er guter det går i, i dette huset, seier ho.

Godt samarbeid med biologisk mor

– Sidan vi har hatt kontakt med mor over fleire år så har relasjonen med mor utvikla seg godt, seier Ina.

– Vi har bygd opp ein form for tillit i mellom oss.

Tore seier at dei har vore tydelege på at dei ikkje er der for å ta barnet ifrå mor, men er her for at både barnet og ho skal ha det bra.

Det er sjølvsagt sårt når ein må ta barnet ut av heimen sin, men dei opplevde at mor syntest det var fornuftig, sjølv om det var tøft. Det har gått greitt med dialogen.

– Mor uttrykker heilt klart at ho synast det er fint at han bur hjå oss. Det ser også guten.

– Vi kan samarbeide, vi kan levere og hente og han kan forhalde seg til begge partar utan at det blir noko splid. Nøkkelen til eit godt samarbeid er dialog, tillit og rausheit. Det er ikkje alt vi skal forstå, men vi støttar, seier Ina.

Ina held ei open bok med overskrifta «Berre kjærleik»
Berre kjærleik: Ina pleidde å lese for guten på kveldane. Då fann han ro i kroppen. I dag spør ofte fosterbarnet om han kan bli lest for på senga av Ina. Ina syner eit utdrag frå boka "Bare Victor".

Ivaretaking frå barnevernstenesta

Tore fortel at ivaretakinga og oppfølginga frå barnevernstenesta har vore veldig god. Ina nikkar:

– Vi har blitt ivareteke frå første stund. Vi har jo hatt to prosessar. Som besøksheim og fosterheim. Vi har fått veldig god oppfølging kvar gong.

– Om ting har vore utfordrande i dialogen, så har vi fått hjelp til å finne ut korleis vi skal løyse det, legg Tore til.

Familierettleiaren deira har følgt guten, og dermed kjenner vedkommande godt til situasjonen både i biologisk heim og fosterheim. Det er til stor hjelp, fortel dei.

Solidopplæring gjer mange verktøy

For nye fosterheimar er Solid-opplæringa eit kjempegodt grunnlag for oppstarten ifølge Tore: Du får mange verktøy du kan ta med deg for å løyse visse situasjonar. Eit fosterbarn har ofte ein bagasje som er både synleg og usynleg. Då får ein masse tips om kvifor dei oppstår og korleis det behandlast.

– Du møter også andre i liknande situasjonar med ulike perspektiv, kor det går an å utveksle tankar saman, seier Ina.

Kva er nøkkelen til ein god fosterheim?

– Det er å vere raus og open. Vi jobbar saman om det. Vi deler både sorger og gleder saman og vi kan gjerne byte tur undervegs, når det tek på for den andre.

Ina og Tore sit ute ved ein bålpanne og smiler til kvarandre

Det er forskjell på å vere eit biologisk barn og ei fosterbarn, understrekar Tore.

– Det er nok viktig å ha med seg den forståinga. Og så trur eg det er like mange forskjellige fosterheimar som det er forskjellige fosterbarn. Grunnsteinen trur eg likevel må vere rausheit, tolmod og forståing, seier Ina.

Tore nikkar: – Det tek mykje lengre tid å sjå framgang. Å vere klar over det er viktig.

– Eg tar meg av ei anna biologisk mamma sitt barn

Ina legg til at tryggleik i seg sjølv også er viktig. Det er jo eit inngripande oppdrag.

– Sjølv om vi lever som ein familie her, så har eg det med meg at det er ei anna biologisk mamma sitt barn eg tek meg av her. Og eg skal gjere slik at han får dei beste forutsetningane for eit vidare liv.

Til dykk i Alver som har ein stabil og trygg heim

– Snakk med nokon. Gå ut og få informasjon. Ein har ikkje bunde seg til å bli fosterheim sjølv om man tar kontakt med fosterheimstenesta, seier Ina.

Ho oppmodar til å ta eit steg om gongen – å delta på eit informasjonsmøte er eit naturleg første steg. Kjenner ein på ein gnist, vil ein få ei stadfesting på om det er rett tid, og det går alltid an å ta det opp igjen om nokon år.

Barn treng stabilitet, tryggleik og oppfølging, og fleire kan bidra enn ein kanskje trur. Tore fortel at det å bli fosterheim gjev eit viktig tilskot til familie, slekt og venner.

Han understrekar også at det ikkje alltid er rosenrødt, men at dei positive augneblikka veg mykje tyngre enn dei negative.

– Men eg vil jo også berre seie: Hopp i det! Det er fint, gøy, lærerikt for alle, samtidig som det kan gi støtte til ein som trenger det sårt, seier Tore.

Dei frykta at han skulle flytta frå Alver | Bufdir