Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

Set gode grenser for barna

Det er både nødvendig og rett å kunne setje grenser for barnet ditt. Men måten du set grensene på, har mykje å seie for om barnet ditt forstår og aksepterer det du seier.

Liten gutt plukker blomster i veikanten

Du er ein rollemodell

«Gjer som eg seier, ikkje som eg gjer», kan det verke som vi vaksne meiner iblant. Men korleis kan vi be barna om noko vi ikkje klarer sjølv ein gong? Du hjelper barnet ditt med:

  • tydelege forventningar
  • klare beskjedar
  • konsekvent åtferd – òg når det gjeld deg sjølv

Viss vi gir barna beskjed om å la utestemma vere ute, leggje bort mobilen under middagen, og ikkje ete sjokolade på kvardagane, er dette mykje lettare å akseptere viss dei same reglane gjeld òg for oss vaksne.

Les òg: Hvorfor gjør ikke barnet som du sier?

Naturlege protestar

Protester er ein naturleg del av det å vekse opp. Har du tenkt på at når barna protestar mot grensene dei vaksne set, er det òg eit uttrykk for sjølvstende? Det kan til dømes vere at dei

  • ikkje alltid gjer det dei blir bedne om
  • ikkje vil følgje reglar og rutinar i familien
  • held fram med å mase om noko
  • er negative til «alt»
  • nektar å bli med på noko

Å vise sjølvstende er viktig for å lære å stå for eigne meiningar, ønske og rettar. Ei anna side av å bli sjølvstendig og fungere saman med andre, er å lære å balansere det ein sjølv vil og har lyst til, opp mot ønska og interessene til andre.

Kvifor set vi grensar?

Barnet ditt treng hjelp frå deg for å forstå kva reglar som gjeld i ulike samanhengar. Når du set grenser for barnet ditt, hjelper du henne òg til å bli sosialt og moralsk ansvarleg. Ho lærer kva som er ok og kva som ikkje er det, samtidig som du gir henne føreseielegheit og trygge rammer.

Tenk deg at du skal på jobbreise til eit framandt land. På same måte som du vil søkje råd om skikkane som gjeld der, slik at du veit kva som er forventa av deg, treng barnet ditt hjelp for å forstå kva reglar som gjeld i samfunnet ho lever i.

Som forelder blir du eit «trafikklys» for barnet som er «ute i trafikken». Du er med andre ord heilt nødvendig for å unngå kaos for barnet ditt.

Målet med grensene

Ein annan inngang til å jobbe med grensesetjing, kan vere å bli meir medvite kvifor vi set grensa som vi gjer. Éin ting er å verne barnet mot ting som er farlege, men vi kan òg setje grenser meir på «autopilot», utan å tenkje helt over kva som ligg bak. Kanskje kan det botne i vårt eige behov for å behalde kontrollen, eller redsel for kva andre vil tenkje om oss?

Når slike kjensler eller behov påverkar oss i stor grad, kan vi kanskje bli urettferdig eller for strenge.

Her kan du lese meir om ulike foreldrestilar, og kva som er viktig i ulike familiar.

  • Hugs: Tydelege grenser skaper føreseielegheit og tryggleik for barnet.

Korleis si nei på ein god måte?

Ein god måte å etablere grenser for barnet ditt på, er gjennom tydelege rutinar og rammar. Forklar kvifor grensene er som dei er på ein måte som er

  • roleg
  • tydeleg
  • bestemd
  • viser respekt for barnet

Det er lett for oss å tenkje på grensesetjing som korleis vi stoppar barnet frå å gjere noko vi ikkje vil. Å stoppe barnet kan gjerast på mange måtar. I nokre situasjonar må vi gå inn og stoppe barnet med ein markert klarleik, fordi barnet gjer noko som er farleg for seg sjølv eller andre. Om barnet ditt til dømes spring ut i vegen, vil det vere viktig å vise barnet at dette er farleg og at det ikkje må gjere det igjen.

Andre gonger må vi seie nei til noko barnet har lyst på eller vil, kanskje fordi det ikkje er tid, eller fordi noko ikkje er bra for barnet. Då kan det vere fint å vise barnet at du forstår behovet (lysta), samtidig som du forklarer kvifor du må seie nei.

Klarer du å få barnet ditt til å forstå at det greitt å vere sint fordi ho ikkje får lov til noko, men at det ikkje er greitt å slå, sjølv om ho er sint?

God start

Av og til startar vi kanskje med ei meir positiv grensesetjingsform, men endar opp med å rope «Nei! Nei! Nei!» likevel. Det er heilt normalt, og noko mange foreldre vil kjenne seg igjen i. Viss du oppdagar at du stadig gjentek deg sjølv utan at barnet høyrer, kan det hende at du bør endre på det du seier.

Tips

Husk å

  • forklare kvifor du seier nei
  • passe på at forklaringa er tydeleg nok til at barnet forstår
  • jobbe med å behalde roa og forståinga for barnet

Då er det mykje lettare for barnet å hugse og ta omsyn til det du har sagt seinare.

Du kan òg øve deg på å seie kva du vil barnet skal gjere, framfor å seie kva du ikkje vil det skal gjere:

  • «Kan du sitje roleg?» i staden for «Ikkje vipp på stolen!»
  • «Kan du prøve å snakke rolegare?» i staden for «Ikkje rop!»

Å setje grenser for små barn

Med små barn er det vanskeleg å få til eit samarbeid om reglar og grenser. Her må vi ofte gå inn og regulere åtferda. Det er viktig at du forklarer kvifor du ber han slutte med det han gjer:

  • «Det gjer vondt for Per når du slår.»
  • «Viss du ikkje vil dele med Per, vil ikkje han dele med deg heller.»

Av og til kan det òg vere viktig å vise forståing overfor barnet – som: «Eg forstår at du har lyst til å leike meir, men vi må avslutte no».

Når vi set grenser for dei små barna, er det med tanke på at dei skal klare å setje grenser for seg sjølv etter kvart. Tenk på det vesle barnet som trykkjer på stereoanlegget og får beskjed om at det ikkje er lov. Etter kvart vil barnet kanskje stoppe i rørsla og sjå spørjande på deg (kjem det er nei?), og såg til slutt seie: «Nei, ikkje lov», til seg sjølv.

Denne utviklinga kan overførast til mange andre situasjonar, og gjeld òg for større barn.

Skulebarn? Planlegg i fellesskap

Leksesituasjonen kan vere utfordrande, både for foreldre og barn. Kva gjer du når barnet ikkje vil gjere leksene sine? Ein god idé kan vere å planleggje i forkant, saman. Tenk at det ikkje er du som er vaksen som skal finne ut av dette på eigenhand, men at det er noko du og barnet må løyse i fellesskap.

Forsøk å snakke med barnet og finn ut kva motstanden botnar i.

  • Hjelper det å ete litt først, eller ta ein pause med noko anna før leksene?
  • Treng barnet meir hjelp til å fokusere og støtte frå deg?

Prøv å snakke med barnet, lytt godt og ver litt på tilbodssida: «Eg forstår det er slitsamt. Korleis kan eg hjelpe deg?» Kanskje klarer de å komme fram til ei god løysing i fellesskap?

Viss kjenslene tek overhand

Det er heilt normalt å kjenne på frustrasjon og avmakt av og til, og kjenne seg i villreie om kva ein kan seie eller gjere. Viss vi er redde eller sinte, kan kjenslene fort ta overhand. Når barn er opphissa, er dei sjeldan mottakelege for råd og rettleiing, og sinte foreldre er ikkje gode oppsedarar.

Du har kanskje stundom late deg rive med av kjenslene og sagt noko i affekt?

Du kan ta initiativ til å reparere når du har vore sint. Ta ansvar ved å seie akkurat kva du har gjort, og at du ikkje skulle gjort det. Beskriv reaksjonen du såg hos barnet og høyr korleis barnet ditt har det:

Dette hjelper deg å skape tryggleik om du gjort noko skremmande.

Les òg: Når du blir sint på barna.

Kva er konsekvensen?

Når barnet gjer noko som ikkje er greitt, kan det vere mange årsaker til det. Det kan derfor vere lurt å snakke med barnet og prøve å forstå opplevinga til barnet av det som har skjedd.

Barna følgjer ikkje alltid reglane våre. Viss du meiner det er nødvendig at eit regelbrot skal føre til konsekvensar for barnet, kan det vere lurt å vurdere reaksjonar som anten vernar eller er til hjelp for barnet.

Eit døme på ein naturleg konsekvens for å verne barnet kan vere å forklare:

  • «Viss du ikkje bruker sykkelhjelm, er det større sjanse for å skade hovudet alvorleg viss det skjer ei ulykke.»
  • «Vi er veldig glade i deg og vil ikkje at du skal bli skadd, så viss du ikkje bruker hjelm, vil vi ikkje at du skal bruke sykkelen.»

Viss du forklarer med ein vennleg tone, kan det vere lettare for barnet å akseptere reglar.

Sjå etter høve til å rose

Vi tilpassar åtferda vår etter kva tilbakemeldingar vi får, både positive og negative. For å forsterke positive sider hos barnet ditt, er det viktig at du legg merke til når ho gjer noko bra.

Som forelder er det viktig å vere merksam på gode høve til å rose barnet ditt. Stadig kritikk, mistenksomhet og irettesetjingar gjer ikkje at vi får lyst til å endre åtferd.

I ein hektisk kvardag kan det kanskje vere lettare å leggje merke til og påpeike åtferd vi misliker hos barna, enn å leggje merke til det dei gjer som vi liker.

Dei positive tilbakemeldingane bør vere i klart fleirtal.

Kva leiartype føretrekkjer du?

Det å vere forelder kan kanskje samanliknast med det å vere ein leiar. Kva leiartype føretrekkjer du sjølv? Den positive leiaren som rosar innsatsen din og samtidig gir deg litt å strekkje deg mot, eller den negative leiaren som berre kommenterer det du gjer feil?

Barn om gode grenser (youtube.com)

Kva synest barna sjølv er gode grenser? Vi spurde dei.