Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

– Familievernkontoret er ein stad å snakke saman

Publisert

Har du relasjonelle vanskar i familien din, og treng hjelp på vegen vidare? Kranglar du og partnaren din om dei same tinga? Det kan vere hjelp i å oppdage kva som ligg bak frustrasjonen.

Arnstein Søvik. Foto.

– I botnen kan det liggje ei kjensle av einsemd, å ikkje bli forstått, eller at ein ikkje kjennar seg god nok for partnaren. Men det kan sjølvsagt vere andre årsaker til ein anstrengd tone i heimen. Det fortel leiar for Familievernkontoret Sunnmøre, Sølvi Berg Tennøy.

Familievernkontoret Sunnmøre består av eitt hovudkontor i Ålesund, og eit avdelingskontor på Furene i Volda. Dekningsområda er alle kommunane på Sunnmøre, og på her finn du høgt kvalifiserte familieterapeutar og psykologar. Alle tenestene er gratis, og du kan sjølv ta kontakt for å bestille time.

– Oppgåvene våre er mange og varierte. Det vi kanskje er mest kjende for er lovpålagd mekling ved brot for foreldre med barn under 16 år. Då er målet med meklinga å lage avtalar for barna når foreldra ikkje lengre bur saman, fortel Tennøy.

Barns meiningar og medverknad er viktig, og dei har rett på å bli høyrde i saker som gjeld livssituasjonen deira.

– Barn kan bli inviterte til samtale når foreldra samtykkjer og barn ønskjer å snakke med ein utanforståande. Det handlar om å hjelpe foreldra til å finne fram til gode ordningar for barna sine, seier Tennøy.

Sølvi Berg Tennøy, leder ved Familievernkontoret Sunnmøre. Foto.
Sølvi Berg Tennøy, leiar ved Familievernkontoret Sunnmøre.

Parterapi og foreldresamarbeid

Familievernkontoret tilbyr òg parterapi, og hjelp til foreldre som strevar med samarbeidet etter samlivsbrot. Målet er å få par og familie til å få det best mogleg saman – i ulike livsfasar og livssituasjonar.

– Mange opplever det både krevjande og kanskje til og med litt skummelt å komme hit først gong, så vi er opptekne av å skape tillit og tryggleik frå første stund. Uansett kva utfordringar ein har ønske vi at alle skal bli godt varetekne, fortel familieterapeut Arnstein Søvik.

Han fortel at ein av dei vanlegaste grunnane til at folk tek kontakt er kommunikasjonsvanskar. Årsaka til det kan vere veldig ulikt.

– Det kan til dømes vere utfordringar i parforholdet, usamd om oppseding av barn, arbeidsfordeling heime, utruskap, eller samlivsbrot. Hos oss får ein hjelp til å snakke saman og til å lytte til kvarandre. Målet i samtalane er at partane skal få hjelp til å kjenne igjen vonde og destruktive mønster, og få auka forståing for kvarandre og seg sjølv, seier Søvik.

Ta kontakt tidleg

For mange kan det kjennast uvant og kanskje til og med litt skummelt å snakke med ein utanforståande om utfordringar i parforholdet og i familien.

– Vi er opptekne av å byggje tillit, noko vi veit kan ta tid. Av og til er samlivsbrot det rette, og erfaring viser at dette er for mange knytt til ei krise. Vi prøver å støtte og hjelpe personar og familiar som har det vanskeleg i samband med samlivsbrot, seier familievernterapeut Anne Lovise Ludvigsen Løvås.

I tillegg til parterapi og familiesamtalar, kan Familievernkontoret Sunnmøre tilby ulike kurs og grupper.

– Vi har mellom anna «bufferkurs» for par, sinnemeistringsgruppe og nokre gonger òg grupper innan foreldrerettleiing. På nettsidene våre ligg det oppdatert informasjon om dei ulike kursa – og gruppetilboda vi har, fortel Løvås.

Uansett kva utfordringar ein har, så er dei tre samde om ein viktig ting.

– Ein må ta kontakt så fort som mogleg, for då minskar ein sjansar for å hamne i fastlåste konfliktar. Å få hjelp av oss er både frivillig og gratis, og det er eit lågterskeltilbod for alle, seier Tennøy.

Familieterapeut Arnstein Søvik i samtale med klient. Illustrasjonsfoto.
Familieterapeut Arnstein Søvik i samtale med klient. Illustrasjonsfoto.