Her er nokre forslag til tiltak og rutinar som kan gjere verksemda di til ein endå betre arbeidsplass for alle. Tiltaka må vere i tråd med arbeidsmiljølova, aktivitetsplikta i diskriminerings- og tilgjengelova og avtalen om eit inkluderande arbeidsliv .
Arbeidsgivaransvar og HMS
Arbeidsgivaren har ansvar for at arbeidsmiljøet er forsvarleg på alle måtar. Sørg for at kunnskap om korleis ein skal leggje til rette for ulike typar funksjonsnedsetjing, blir bygd inn i verksemda sitt helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid (HMS). Universell utforming er understreka som eit viktig prinsipp i rettleiing til forskrift om arbeid med dataskjerm.
Arbeidstilsynets referanse til nyttige forskrifter og rettleiingar
Rekruttering og tilsetjing
Statlege verksemder må ta i bruk kompetansen og arbeidskrafta som personar med nedsett funksjonsevne representerer, og leggje arbeidsplassane til rette dersom det er nødvendig. Sjå Statens personalhåndbok.
1. Sørg for aktiv rekruttering av personar med nedsett funksjonsevne i jobbannonse.
2. Ei traineeordning opnar for jobb i det offentlege. Traineeprogrammet er eit tilbod til personar med høgare utdanning og redusert funksjonsevne som ønskjer å jobbe i forvaltinga.
3. Kall inn minst éin kvalifisert søkjar med nedsett funksjonsevne til intervju (jf. forskrift til lov om statens tenestemenn m.m. § 9 Funksjonshemmet/yrkeshemmet søker).
5. Visste du at arbeidsgivaren kan tilsetje ein funksjonshemma søkjar sjølv om andre er betre kvalifiserte? Den tilsette må likevel vere tilnærma likt kvalifisert som best kvalifiserte søkjar. (Statens personalhåndbok 2.1.2.1 Kvalifikasjonsprinsippet)
6. Undersøk hos NAV kva lønnstilskot som finst.
7. Ha ein oppstartssamtale med den nytilsette for å avklare kva behov det er for tilrettelegging.
Seniorpolitiske tiltak
Eldre arbeidstakarar har ofte redusert funksjonsevne og er mindre uthaldande. For at denne gruppa skal kunne velje å stå lenger i arbeid, må verksemda leggje til rette for det ved hjelp av
- gradvis lågare stillingsprosent
- heimekontor
- redusert arbeidstid
- god oppfølging og tilrettelegging av arbeidsoppgåvene
- tenestefri med lønn i samsvar med Statens personalhåndbok og hovudtariffavtalen
Organisering av arbeid
Tenk på korleis arbeidsoppgåvene og organiseringa av arbeidet kan varierast. Det kan vere avgjerande for om ein tilsett med varig eller mellombels nedsett funksjonsevne kan bli i jobb. Det gjeld òg ved rekruttering av nye tilsette.
- Har verksemda fleksible løysingar?
- Korleis er arbeidsmengda?
- Har arbeidstakaren ein konkret arbeidsinstruks?
- Blir denne følgd opp dersom det oppstår skade eller sjukdom?
Nedanfor kjem nokre forslag til alternative arbeidsformer.
Gode rutinar og tid til å gjennomføre oppgåvene. Oversikt over eigne aktivitetar og oppgåver gjer det lettare å prioritere ved stor arbeidsbelasting og bidreg til å redusere stress og dermed minske risikoen for helseskade.
Verksemda bør vurdere om det er mogleg å setje ut arbeidsoppgåver til andre tilsette i ein kortare periode. Vurder kva type arbeidsoppgåver som enkelt kan overførast til andre. Sørg for at det er ein god dialog mellom arbeidsgivaren og dei tilsette, og sørg for god oppfølging. Samarbeid med kompetente fagfolk innanfor helseteneste og bedriftshelseteneste for å finne rett arbeidsmengd.
Gode samarbeidsrutinar og endra bemanning kan minske stress og dårleg meistring av arbeidsoppgåvene. Godt samarbeid vil hindre kjensla av og presset ved å vere åleine om ansvarsfulle oppgåver. Det vil i tillegg sørgje for at det alltid er andre som kjenner arbeidsfeltet og kan overta oppgåvene.
Rotering mellom ulike arbeidsoppgåver (jobbrotasjon) og utviding med nye arbeidsoppgåver (jobbutviding) gir variasjon i arbeidet, og ein unngår einsidig belasting.
Hospitering i andre avdelingar kan gje tilsette får nye impulsar og ny kunnskap. Det kan hindre dei i å bli utbrende og kan gi krefter til å ta fatt på eigne arbeidsoppgåver på nytt.
Tilsette med funksjonsnedsetjingar vil ofte ha behov for større fleksibilitet.
Fjernarbeid er ein annan måte å organisere arbeidet på. Typisk fjernarbeid i dag er kontorarbeid som blir utført ved hjelp nett-tilkopling til arbeidsplassens datasystem.
Fjernarbeid i form av heimearbeid kan gjere det lettare for funksjonshemma å fungere i arbeidslivet.
For enkelte kan deltidsarbeid vere løysinga på å klare belastinga i ei stilling med stort arbeidspress.
Tilrettelegging
Det er mange forhold å vere merksam på i tilretteleggingsprosessen:
- Arbeidstid og arbeidsoppgåver kan tilpassast.
- Fysiske hindringar og manglar på arbeidsstaden må vurderast.
- Uheldige haldningar og fordommar kan finnast.
- Dei individuelle føresetnadene til personen må samsvare med krava han eller ho møter på arbeidsplassen.
- Hugs at tilrettelegginga skal fjerne eller redusere gapet mellom føresetnadene til personen og krava frå arbeidsplassen.
- Hugs at arbeidsevna er avhengig av arbeidskrav og tilrettelegging, ikkje berre funksjonsevna til personen.
Fadderordning
Ei fadderordning kan vere med på å lette overgangen til arbeidslivet for alle nytilsette. Ordninga bør vere eit tilbod til alle nytilsette.
Utvida fadderordning
Alle nytilsette med nedsett funksjonsevne bør få tilbod om ei utvida fadderordning med faste rammer og klar arbeidsinstruks.
Intern kommunikasjon
God kommunikasjon med kollegaene og arbeidsgivaren er svært viktig for at du skal trivast på ein arbeidsplass. Det er ikkje alltid så lett for personar med sansetap.
Her er noko du bør tenkje på:
- Har kollegaene og arbeidsgivaren nok kunnskap om korleis dei kan kommunisere med kollegaer som høyrer eller ser dårleg?
- Mange høyrselshemma går til dømes glipp av viktig informasjon. Ofte spør dei ikkje opp igjen, for dei vil ikkje verke masete og kravstore.
- Sørg for at all internkommunikasjon er lagd til rette for alle. All viktig informasjon må bli gitt elektronisk eller alternativt i trykt format.
Internopplæring
Eit generelt kurs om korleis dei tilsette skal kommunisere med høyrselshemma og synshemma, kan vere nyttig. Inviter gjerne representantar frå brukarorganisasjonar til å halde foredrag. Ikkje be høyrselshemma kollegaer om å snakke i plenum om høyrselstapet. Vanskar blir då knytte til ein konkret person i staden for å bli eit generelt tema som er nyttig for alle. Ved ikkje å knyte det til ein enkeltperson unngår du å stigmatisere ein kollega.
Under tiltaksområdet «Informasjon» finn du konkrete råd om korleis du best kan kommunisere med høyrsels- og synshemma.
Velferdstiltak
Skal folk trivast og oppleve meistring på arbeidsplassen, er det viktig at dei føler seg inkluderte.
Når ein skal arrangere velferdstiltak, må ein sørgje for at alle kan delta.
Korleis kan ein inkludere fleire?
- Vel lokale med god akustikk. Då er det lettare for høyreapparatbrukarar og eldre arbeidstakarar med nedsett høyrsel å delta.
- Ha alternativ kantinemat for dei med matallergi eller matintoleranse. Sørg til dømes for glutenfrie alternativ. (Ha alltid meir enn eitt alternativ.)
- Vel gjerne lokale som er delte inn i fleire soner med skiljeveggar. Det dempar støyen i rommet. Mykje av den nyttige idéutvekslinga og den faglege drøftinga skjer i uformelle samankomstar når kollegaer møtest. Høyrselshemma går glipp av viktig informasjon dersom desse samtalane skjer i støyande omgivnader.
- Vel restaurantar og barar med røykfritt uteområde når de arrangerer utepils og treff etter arbeidstid. Trass i røykjelova kan det vere vanskeleg for astmatikarar og allergikarar enkelte stader.
- Sørg for at julebordet eller sommarfesten blir arrangert på ein stad som òg er tilgjengeleg for rullestolbrukarar.