Kommunen, ved kommunestyret, har det overordna ansvaret for det kommunale barnevernet.
Enkelte gonger vil media ta direkte kontakt med ordførar eller rådmann for å få ei fråsegn i ei barnevernssak eller om arbeidet til barneverntenesta. Det er då viktig at ordførar/rådmann er godt orientert om arbeidet til barnevernstenesta, slik at vedkommande har tilstrekkeleg kunnskap til å uttale seg på ein god måte.
Det er viktig å byggje gjensidig tillit og gode relasjonar til administrasjonen, rådmann, folkevalde og eigne medarbeidarar. Gi god informasjon om utviklinga i barns oppvekstforhold, om utvikling i tenesta, og ver open om utfordringar og viktige vegval. Ver i forkant når du veit at kritiske saker er under oppsegling.
Døme:
- Sørg for at leiinga i kommunen er godt orientert om status på arbeidet til barnevernet. Bruk kommunemonitoren og eigen faktakunnskap.
- Hald leiinga i kommunen orientert om tilsynssaker.
- Del kunnskap, skap alliansar, ver aktive og orientar tilgrensande tenester om korleis barnevernet arbeider.
- Ved å vere i forkant byggjer du kunnskap om dilemma, skaper forståing og viser openheit om utfordringar og løysingar som ligg føre.