Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Sakkunnige i barnevernet

I nokre saker innhentar barnevernet, barneverns- og helsenemnda eller domstolen ekspertkompetanse eller sakkunnig kompetanse.

For å sikre eit godt og barnefagleg kvalifisert underlag for avgjerdene som skal takast, blir ofte sakkunnige engasjerte til å gjennomføre ei utgreiing og skrive ein rapport basert på utgreiinga.

Ei sakkunnig utgreiing skal gi ei barnefagleg vurdering av kva som på kort og lang sikt vil gi barnet ei forsvarleg omsorg, eller fagleg vurdering av andre spesifiserte tema. Den sakkunnige skal gi oppdragsgivaren og partane eit fagleg perspektiv og dermed bidra til at saka blir tilstrekkeleg opplyst.

Alle sakkunnigrapportar i ei barnevernssak skal kvalitetssikrast av Barnesakkunnig kommisjon. Kommisjonen vurderer rapportane etter rettleiar om sakkunnig arbeid etter barnevernslova.

Oversikt over sakkunnige

Last ned oversikt over barnefagleg sakkunnige (excel)

Dei som står i oversikten må ha fullført eit utdanningsprogram i sakkunnig arbeid hos Psykologforeningen og ha eit ønske om å stå oppført. Fra og med 2028 vil også dei som har fullført det nye utdanningsprogrammet om barnefaglig sakkunne ved UiO kunne førast opp i oversikten.

Oversikten skal gi barnevernstenesta, barneverns- og helsenemnda, domstolen og privat part skal ha enkel tilgang til opplysningar om sakkunnige som kan yte relevant hjelp i saker etter barnelova og barnevernlova.

Bufdir har ansvar for oversikta over barnefagleg sakkunnige og at oversikta er oppdatert. Vi vil gå gjennom opplysningane ein gong i året, og dei sakkunnige som er oppførte vil bli bedt om å kontrollera at opplysningane stemmer.

Det er frivillig å stå oppført på oversikta, og sakkunnige kan når som helst få opplysningane endra eller sletta.

Dersom du er sakkunnig og ønskjer å endre opplysningar som er publiserte om deg, eller ikkje ønskjer å stå oppført på oversikta, kan du når som helst be om å få dette retta eller sletta. Dette gjer du ved å sende ein e-post til oversiktBFS@bufdir.no.

Opplysningane i registeret blir lagra til den registrerte ber om sletting, ved registrert tilbakekalling av autorisasjon eller når Bufdir ikkje lenger har oppdraget om å føre og forvalte ei oversikt over barnefagleg sakkunnige.

Grunnlag for å behandle personopplysningar er personvernforordningen art 6 nr. 1 e., barnevernloven § 12-7 annet ledd, og ny barnelov § 12-13.

Du kan lese meir om rettane dine i personvernerklæringa vår.

Har du spørsmål om oversikta, ta kontakt med oss på e-post: oversiktBFS@bufdir.no

Sakkyndige i barnevernet | Bufdir