Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Brukarråd for barnevernsfeltet

Bufdir jobbar for å få betre kvaliteten i barnevernstenestene. Som ledd i dette har vi etablert eit brukarråd som skal gi oss innspel og råd på feltet. Rådet skal sørgje for at vi ser viktige saker frå synspunktet til brukaren og varetek brukaren i det vi gjer.

Brukarrådet blei oppretta i desember 2017.

Medlemmer

Brukarrådet består av 9 faste representantar frå 9 organisasjonar.

Hausten 2022 starta vi opp 3. periode i brukarrådet. Dette går fram til juni 2024.

Medlemsorganisasjonar og representantar:

  • Landsforeningen for barnevernsbarn v/Sandrina Sandell
  • Norsk innvandrerforum v/Athar Ali
  • Barn av rusmisbrukere v/Marius Sjømæling
  • KFUK/KFUM (Forandringshuset) v/Hasti Hamidi
  • Organisasjon for barnevernsforeldre v/Merethe Løland
  • Voksne for barn v/Hanne Skarsvaag
  • Mental helse Ungdom v/Martine Antonsen
  • Norsk Fosterhjemsforening v/Tone Granaas
  • Skeiv Ungdom (utan fast representant per 1. desember 2023)

Leier: Marius Sjømæling frå Barn av rusmisbrukere

Nestleiar: Martine Antonsen frå Mental Helse Ungdom

Oppgåver

Brukarrådet skal gi innspel og råd på barnevernsfeltet. Oppgåvene til brukarrådet er å stimulere til auka fokus på brukarperspektivet og sikre brukardeltaking inn i arbeidsprosessane og utviklingsaktivitetane til direktoratet. Brukarrådet kan òg framme saker på eige initiativ.

Brukarrådet har i snitt åtte møte i året. Rådet fastset sjølv møtefrekvens og arbeidsform.

Kontakt

Sekretariat til brukarrådet: