Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Universell utforming i gjennomføring av val

Kommunal- og distriktsdepartementet har utarbeidd ein rettleiar for universell utforming av lokale og utstyr for val, og Valdirektoratet har følgt opp med sjekklister for universell utforming.

Vallova blei endra i 2023, og det tidlegare krava om tilrettelegging og at stemmegjevinga skulle gå føre seg i eit tilgjengeleg lokale blei erstatta av krav om at vallokala skal være universelt utforma og at veljarane skal kunna ta seg inn i vallokala utan hjelp.

– Dette er det første stortingsvalet etter at den nye vallova tredde i kraft. Det har tidlegare òg vore krav til universell utforming av vallokale. Men vi har sett det har vore litt ulik praksis på det, så det er presisert tydelegare no, fortel Anders Skaalgaard, seniorrådgivar i Valdirektoratet.

Anders Skaalgaard
Alle skal kunna ta seg inn i vallokalet utan assistanse, seier Anders Skaalgaard. Foto: Valdirektoratet

Ny rettleiar og sjekklister for universell utforming

Samstundes så Valdirektoratet behovet for å tydeleggjere krava enda meir.
– Då forskrifta kom i fjor samstundes med lova, fekk Valdirektoratet spørsmål frå nokre kommunar som vi tok vidare til departementet for å gjera krava tydelegare, fortel Skaalgard.

Det vart starten på ein rettleiar fra Kommunal- og distriktsdepartementet om universell utforming av lokale og utstyr ved val. Valdirektoratet har òg utarbeidd praktiske sjekklister i samarbeid med Bufdir.

Veileder om universell utforming av valglokaler og valgutstyr

Valgdirektoratets sjekklister for å sikre tilgjengelighet ved valg

Kva skal til for at vallokalet skal vera tilgjengelege for alle

Hovudregelen er at alle vallokale skal vera universelt utforma, slik som likestillings- og diskrimineringslova seier at hovudløysinga skal vera.

– Det kan likevel gjerast unntak dersom det finst særlege grunnar, men hovudregelen er at alle skal kunna ta seg inn i vallokalet utan assistanse, forklarer Skaalgaard.

– Dersom det er særlege grunnar så går det an å leggja til rette det på ein annan måte. Til dømes viss døra er tung, kan det stå ein valmedarbeidar og opne.

Det er også endringar i kva slags hjelp ein kan få til å stemme. Tidlegare måtte ein valmedarbeidarar vere med inn i sjølve avlukke, om ein trengte hjelp, men det er no endra slik at om ein ønsker, kan ein ha med seg ein sjølvvald assistent, utan følgje av ein valmedarbeidar. Retten til å ha med ein sjølvvald hjelpar er for veljarar som på grunn av funksjonsnedsetting ikkje kan stemme aleine. Det er veljaren sjølv som skal peike ut kven hen ønskjer assistanse frå.

– Men ein kan framleis få hjelp av valmedarbeidarane, seier Skaalgaard. Både valmedarbeidarar og eventuelle hjelparar er underlagt teieplikt, i fall dei får kjennskap i kva ein veljar har stemt på.

Godt tilgjenge ved førre val

Ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2023 gjennomførte Oslo Economics i samarbeid Institutt for samfunnsforsking ei undersøking om gjennomføring av valet. Av dei 269 av 357 kommunane som svarte på undersøkinga, svarte 91 % at alle lokale i perioden med førehandstemming, var tilgjengelege for alle grupper av veljarar. På sjølve valdagen var heile 92 % av lokala vurderte som tilgjengelege.