Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

- Toalett er eit universelt behov

Toaletthus med fire dører.
Mangel på toalett når ein skal ut å reise, avgrensar rørslefridommen og reduserer livskvaliteten til menneske som er avhengige av hyppig tilgang til toalett.

Mangel på egna toalett gjer at mange vel bil framfor kollektivtransport. No er Transportøkonomisk Institutt (TØI) sin tiltakskatalog for transport og miljø (tiltak.no) oppdatert med eit nytt kapittel om universell utforming og toalett i transportsystemet og i det offentlege rom generelt.

- Tilgang til toalett og trygge sanitæranlegg er ein menneskerett. Inntil 8 vasslatingar i døgnet er innanfor det «normale». Andre har behov for hyppigare besøk. Ein person med mage-tarm-problem vil kanskje berre kjenne seg trygg om hen veit at det er 15 minutt mellom kvart toalett når hen er utanfor heimen. At det er så få offentlege toalett i Noreg, er vanskeleg å forstå når det er så mange som har behov for det. Dette seier Anja Fleten Nielsen som er forskaren som står bak det nye kapittelet i tiltakskatalogen.

TØI sin tiltakskatalog tiltak.no har oversikt over om lag 100 ulike tiltak, og er no oppdatert med eit kapittel om toalett i det offentlege. Mangel på tilgjengelege toalett, er ein av dei mest grunnleggande barrierane for samfunnsdeltaking og ved å sikre barrierefri tilgang til toalett, kan ein sikre reell reisefridom for alle, slås det fast i grunngjevinga for tiltaket.

Skjulte kostnader ved manglande toalett

At det kan vere langt mellom toaletta på reise, fører til at personar som er avhengig av hyppig tilgang til toalett, heller vel å bruke bil framfor kollektivtransport. Tog og båt blir opplevd som best når det gjeld kollektivreiser, fordi det finst toalett om bord. Buss, T-bane, bybane og trikk manglar ofte toalett både om bord og på haldeplassar.

– Dette fører til at ikkje alle kan reise miljøvennleg, og ein blir ekskludert, seier Fleten Nielsen.

Ifølgje Fleten Nielsen er ei av utfordringane at det er så mange aktørar involverte i kollektivtransporten, kor ansvaret kan være fordelt på ulike aktørar for stasjonar, tog, veger, infrastruktur og så bortetter. Men ifølgje Fleten Nielsen har det skjulte kostnadar at fleire vel bil framfor kollektivt grunna manglande toalett, ved at det blir meir kø på vegane.

Anja Fleten Nilsen
Anja Fleten Nielsen har arbeidd med universell utforming i transportsektoren i ei årrekke.

Ulike løysingar i andre land

Fleten Nielsen fortel at om lag 20 % av befolkninga har overaktiv blære, eit problem som aukar med alderen, og vi blir fleire og fleire eldre. Barn har òg ofte behov for rask tilgang til toalett. I tillegg har 5-15 % av befolkninga irritabel tarm, i tillegg til andre lidingar. Dette viser at problemet med tilgang på toalett angår mange av oss.

- At det ofte ikkje finst offentlege toalett i Norge, og at dei blir stengde, blir ofte grunngjeve med at dei er utsette for hærverk. Men det finst offentlege toalett mange stader i verda, der det ikkje er tilsyn, som ikkje er utsett for dette, fortel ho.

Til dømes har dei i Tokyo lete designarar og arkitektar formgje flotte toalett som ikkje er utsette for hærverk. Dette blir noko tilsvarande toaletta som finst nokre stader langs nasjonale turistvegar, men i byar som i Oslo er tilgangen liten, faktisk dårlegast i Nord-Europa.

– Det finst mange toalett i Oslo sentrum, men desse er på serveringsstader og meint for gjester. Slik er det ofte i norske byar og tettstader. I Tyskland har myndigheitene innført ei ordning der dei betaler serveringsstader for å aksepterer toalettbesøk utan at ein er betalande gjest. I Italia kan ein til og med få bot om ein nektar folk å låne toalettet, fortel Fleten Nielsen.

Seminar om offentlege toalett

TØI arrangerer eit digitalt seminar om offentlege toalett i byane 25. februar. Les meir om seminaret hos TØI.

- Toalett er eit universelt behov | Bufdir