Stor auke i talet på saker i Diskrimineringsnemnda

– Det har vore stor auke i talet på saker dei siste åra, fortel Kristine Fleten Sandven som er assisterande direktør i Diskrimineringsnemnda.
– Auken har vore rundt 15 % dei siste tre åra, og i frå 2020 til 2022 blei talet på saker nærmast dobla. I fjor avgjorde vi over 650 saker, fortel ho.
Av dei 703 tilhøva som blei klaga inn i fjor, var 20 saker knytt til universell utforming av IKT og 28 knytt til universell utforming i det fysiske miljøet.
– Talet på saker innan universell utforming varierer frå år til år. Saker innan IKT går litt i bølgedalar, medan innan det fysiske miljøet har vi sett ein stabil auke dei siste fem åra.
Sandven forklarer at når det gjeld IKT, er det særleg blinde og svaksynte som er i stort fleirtal av dei som klagar inn løysningar, medan det innan det fysiske er meir varierte grupper: rullestolbrukarar, høyrslehemma, blinde og svaksynte.
– Vi har sett ein auke i klager på automatar og ulike berøringsskjermar som ikkje kan brukast av blinde og svaksynte når det gjeld det digitale.
Nemnda får også inn klager som går på dei fysiske omgivelsane.
– Innan det fysiske området har det vore saker som til dømes manglande teleslynge, haldeplassannonsering på buss og i det siste fleire sakar innan universell utforming av skolebygg, seier Ruth Johanne Øijordsbakken, som er ressursperson for universell utforming i Diskrimineringsnemnda sitt sekretariat.
Godt samarbeid med Uu-tilsynet og Direktoratet for byggkvalitet
Likestillings- og diskrimineringslova har ei tilhøyrande forskrift, forskrift om universell utforming av IKT, og Uu-tilsynet fører tilsyn og gjev rettleiing i denne forskrifta. I motsetnad til ei klage på manglande universell utforming til Diskrimineringsnemnda, kan du ikkje klage til Uu-tilsynet eller be om tilsyn grunna dette. Det er Uu-tilsynet sjølv som avgjer kva verksemder som får tilsyn. Diskrimineringsnemnda samarbeider med både Uu-tilsynet og Direktoratet for byggkvalitet.
– Vi har ein samarbeidsavtale både med Uu-tilsynet og Direktoratet for byggkvalitet. Vi har jamlege møter med begge organa, der vi tar opp aktuelle problemstillingar.
Når det gjeld konkrete vurderingar av om innklaga digitale løysingar er i samsvar med WCAG-krava, sender vi saka til Uu-tilsynet som gjer ei vurdering av løysinga og gjev oss ei IKT-fagleg uttale på om det føreligg brot eller ikkje. Når det gjeld Direktoratet for byggkvalitet, sender vi ikkje konkrete klagesaker over til dei, men dei gir rettleiing og råd innanfor sitt område, forklarar Sandven, og seier at denne måten å arbeide på fungerer veldig godt.
Kva avgjer størrelsen på bota?
Både Diskrimineringsnemnda og Uu-tilsynet kan gi bøter, dersom feil ikkje blir retta innen ein frist.
– Det er fleire aspekt som avgjer storleiken, men det skal seiast at i dei sju åra vi har arbeidd med dette, er det berre i tre tilfelle at bøtene faktisk har byrja å løpa. Bøtene som det blir varsla om, er ofte dagbøter som går kvar vekedag inkludert laurdag inntil feilen blir retta, seier Sandven.
I det mest omfattande tilfellet fekk Oslo kommune for nokre år sidan til slutt ei bot på nærare 700 000 kroner då feilen ikkje vart retta i det digitale læremiddelet som var innklaga (Sak 21/503).
Det kan vere stor skilnad i det som kan sjå ut som liknande saker:
- Både Diskrimineringsnemnda og Uu-tilsynet har arbeidd med saker knytt til utdanning. Til dømes var det nyleg ei sak (sak 23/816) der ein blind elev klaga til dykk om manglande universell utforming på den nasjonale prøven i engelsk. Nemnda kom til at det ikkje var mogeleg å sikre universell utforming av prøven og at det var lovleg forskjellshandsaming av gruppa.
- I 2023 utførte Uu-tilsynet tilsyn med digitale læremiddel i grunnskolen. Fleire leverandørar av slike læremiddel måtte då rette feil då dei ikkje var i samsvar med krava.
- Nokre kommunar fekk trussel om dagbot om ikkje dei digitale læremiddela som vart tilbydd elevane i kommunen, vart retta slik at dei blei i samsvar med krava i forskifta.
- I 2021 måtte Universitetet i Bergen i 2021 ut med 150 000 kroner i dagbot for ikkje å ha retta feil i eksamensløysninga innan fristen.
Øijordsbakken forklarer kvifor sakene kan få det som kan sjå ut som ulikt utfall:
– Når det gjeld saka om den nasjonale prøven i engelsk, uttalte nemnda at dei ikkje har grunnlag for å overprøva Utdanningsdirektoratet sine faglege vurderingar av kva for nokre oppgåvetypar prøven bør innehalde for å kunne måle elevanes kunnskap. I dei visuelle oppgåvene ville universell utforming med alternativ bildetekst røpe svaret på oppgåvene. Nemnda konkluderte difor med at universell utforming ville gå ut over formålet med prøva, forklarer Øijordsbakken.
Øijordsbakken seier også at storleiken på bota kan avhenge av dei ulike hjemlane nemnda og tilsynet gir bøter ut frå:
– Ei dagbot på 5000 kroner blir mykje i det lange løp om ikkje feilen blir retta, noko saka frå Oslo kommune viser.