Sjekkliste og kompetanseheving for meir tilgjengelege overnattingsverksemder

Norsk turistutvikling har sett på korleis campingplassar, fjellstover og andre overnattingsverksemder kan bli meir tilgjengelege for gjester med ulike behov.
Ei sentral satsing har vore utviklinga av ei ny sjekkliste for overnattingsverksemder. Målet er å gi verksemdene eit konkret verktøy for å kartleggje kor tilgjengelege dei er for personar med ulik funksjonsvariasjon.
I sjekklista får ein spørsmål om både digitale og fysiske tilhøve, frå informasjon på nettsider og bestillingsløysingar til parkering, inngangsparti, rom, toalett, skilting og uteområde. For mange av spørsmåla blir ein også oppmoda om å gje ærleg og oppdatert informasjon på nettsidene gjerne med foto, slik at potensielle gjester kan vurdere om staden passar for deira behov.
Sjekklista oppmodar òg om å lage ein plan for å auke tilgjenge for verksemda, i etterkant av å ha vurdert tilhøva med sjekklista.
Universell utforming på agendaen
På den nasjonale campingkonferansen i Kristiansand i 2025 var universell utforming eit hovudtema.
– Evalueringa frå konferansen viser stor interesse for temaet. Fleirtalet av deltakarane rapporterte at dei hadde fått både idear og motivasjon til vidare arbeid med tilrettelegging i eigne verksemder, fortel Kjell Ove Solbakken som er dagleg leiar i Norsk Turistutvikling og som deltok i arbeidet med å utarbeide program for konferansen.
– Erfaringane frå prosjektet viser at universell utforming krev langsiktig arbeid, jamleg formidling og gode eksempel frå praksis. Samstundes peikar aktørane på at betre tilgjenge ikkje berre handlar om samfunnsansvar, men òg om å gjere natur- og kulturopplevingar tilgjengelege for fleire, seier Solbakken.
Arbeidet er gjennomført i samarbeid med NHO Reiseliv, Nordland fagskole, Nasjonal klynge for campingnæringa, Campingnettverket i Troms og Finnmark og Norske fjellstover og fjellhotell.
– Universell utforming er ikkje berre viktig for inkludering, det er òg ein mogelegheit for å styrke norsk reiseliv. Med betre tilrettelegging kan fleire gjester delta, og verksemdene kan nå ein større marknad, meiner Kjell Ove Solbakken.