Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Ny rettleiar for sjølvbeteningsautomatar

Hånd som trykker på selvbetjeningsskjerm i butikk.
Selvbetjeningsskjermene er utfordrende for mange. Foto: IstockPhoto/Elena Perova
For at flest mulig skal kunne nytta sjølvbeteningsautomatar, finnes no ein rettleiar viser kva ein bør tenkje på når ein skal skaffe det.

Rettleiaren er utvikla av Useit gjennom intervju med tilsette i varehandelen, teknisk testing opp mot krava om universell utforming og spørjeundersøking blant kundar, har Useit utvikla ein rettleier for verksemder i varehandelen som skal skaffe sjølvbeteningsautomatar.

Fleire stader i varehandelen er det lagt opp til at ein skal skanne varene sine sjølve og betale. Korleis skal systema vere utforma for at så mange som mogeleg skal kunne bruke dei? Dette har Useit tatt tak, i og med tilskot frå Bufdir har selskapet både sjekka teknisk sjølvbetente kassar, og innhenta erfaringar frå kundar og personale.

På bakgrunn av undersøkingane har Useit utvikla ein rettleiar for verksemder som skal kjøpe inn nye sjølvbeteningsautomatar i norsk handelsnæring.

Les rettleiaren

Rettleiaren tar for seg krav i avskaffingsprosessen og kundebehandling knytt til bruk av automatane i butikken. Tema som plassering og skilting er ikkje omhandla då Uu-tilsynet allereie har ein god rettleiar om dette.

Teknisk testing

For å utvikle rettleiaren har Useit undersøkt fem ulike av dei mest brukte sjølvbetente løysingane opp mot regelverket i standarden EN 301 549 Universell utforming av IKT-produkter og -tjenester.

Ut frå standarden blei heile 94 ulike kontrollpunkt plukka ut. Krava blei delt inn i «godkjend», «ikkje godkjend» eller «ikkje aktuelt» viss krava ikkje var mogeleg å teste. Det å kunne forstørre teksten eller kontrollere lyd var typiske krav som ikkje var mogeleg å teste om automatane ikkje hadde denne type funksjonalitet.

Spørjeundersøking

Over 200 personar med ulik funksjonsvariasjon innan syn, høyrsle, kognisjon eller rørsle svarte på spørjeundersøkinga som var del av prosjektet. Halvparten svarte at dei unngjekk sjølvbetente kassar då dei rekna med at dei var vanskelege eller umogelege å bruke for dei.

  • Synshemma hadde særs store problem med å bruke sjølvbetente kassar.
  • Eldre personar opplevde utfordringar knytt til berøringsskjerm. Dei synest det var ei utfordring å vite korleis ein skal trykke på skjermane og utrykte frykt for å gjere feil.
  • Personar med nedsett høyrsel sakna tilstrekkeleg visuell informasjon for å forstå automatens instruksjonar.

Varer utan strekkode er eit problem for fleire

Butikktilsette vart i tillegg intervjua om bruken av automatane. Dei tilsette rapporterte at mange kundar var svært nøgde med å bruke automatane og at eldre stort sett etter kvart òg er blitt vande med dei. Varer utan strekkode, som frukt og grønt, var ei utfordring. Dei tilsette hadde òg merka seg at blinde som regel gjekk til dei betente kassane.

Resultata frå heile undersøkinga finst i prosjektrapporten Universell utforming hos selvbetjeningsautomater innen norsk detaljhandel (PDF).

Ny rettleiar for sjølvbeteningsautomatar | Bufdir