Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Korleis kan universitet og høgskuler oppfylle krava om universell utforming av IKT?

Svakt opplyst forelesningssal sett fra bak i lokalet.
Rom for betring på universitet og høgskuler. Foto: IstockPhoto/orodenkoff
Universitets og høgskulesektoren hatt krav til universell utforming av IKT-løysingar sidan 2019, men det trengs betre verktøy, rutinar og kjennskap til behova.

HK-dir har nyleg publisert resultatet frå ei undersøking om korleis det har gått med utforminga av IKT-løysingar hos universitet og høgskuler siden kravet blei innførd i 2019. Undersøkinga viser at det trengs betre verktøy, rutinar og kjennskap til studentane sine behov for å komme i mål med krava.

Frå 2019 har høgare utdanning hatt krav til universell utforming av digitale løysningar. I 2022 fikk sektoren krav til utforming gjennom at EUs webdirektiv (WAD) blei innført i Noreg.

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) fekk same år i oppdrag frå Kunnskapsdepartementet å gjennomføre eit prosjekt om universell utforming av digitale løysingar og læringsformer ved universitet og høgskular.

Prosjektet skulle greie ut korleis WAD best kunne gjennomførast i universitets- og høgskulesektoren. Spørsmål som vart stilt var:

  • Korleis arbeider sektoren for å oppfylle regelverket på området?
  • Kva for utfordringar møter sektoren i arbeidet?
  • Korleis kan sektoren bli betre i stand til å oppfylle krava?

Utdanningsinstitusjonane har mange ulike IKT-løysingar, både i form av nasjonale fellestenester og lokale tenester ved institusjonen. Lokale tenester kan vera skaffa frå ein kommersiell leverandør, eller institusjonen har utvikla dei sjølv.

Døme på nasjonale fellestenester er FEIDE, Læringsplattformer (LMS), Digital eksamen, Videoteneste, Samordna opptak og Felles Studentsystem (FS).

Institusjonane ein del ulike tenester, men mange felles. Med tanke på kva som er viktigast for studentane, har utgreiinga hatt fellestenestene i fokus.

Omfattande kunnskapsinnhenting

Rambøll Management Consulting gjennomførte våren 2025 gruppeintervju med representantar frå ulike universitetet og høgskular i tillegg til ein arbeidsverkstad på oppdrag frå HK-dir. Tidlegare hadde Rambøll gjennomførd ei kvantitativ spørjeundersøking om utdanningsinstitusjonane sitt arbeid med funksjonsnedsetting, universell utforming og tilrettelegging. Anna informasjon som er innhenta i samband med publikasjonen er informasjon frå tilgjengelegheitserklæringar og gjennomgang av relevant litteratur, i tillegg til at HK-dir si eiga erfaring frå kontakt med sektoren er tatt med i kunnskapsgrunnlaget

Manglar rutinar og verktøy

Resultatet frå undersøkinga viser at kompetansenivået er lågt og ulikt fordelt. Mange tilsette er usikre på kor dei skal byrje, kva som eigentleg krevst og korleis ein skal setje krava ut i live i praktisk arbeid.

Fleire gjev òg uttrykk for at det er krevjande å prioritere universell utforming i kvardagen og at det manglar tydelege rutinar og verktøy for å etterleve krava.
Ei gjennomgåande utfordring er manglande innsikt i dei faktiske behova til studentane. Studentane sjølve har ikkje nødvendigvis kunnskap om universell utforming til å kunne etterlyse dette direkte. Då blir individuell tilrettelegging ofte prioritert framfor løysingar for alle.

Uklar motivasjon for kvifor forelesarar skal bruke tid og ressursar på universell utforming, bidreg til at arbeidet blir opplevd som meirarbeid med uklar nytteverdi.
Ei hovudutfordring er at mange institusjonar kjenner til regelverket og dei formelle krava, men tilsette opplever at dei manglar støtte og verktøy for å omsetje regelverket til praktisk arbeid. Utfordringa ligg dermed ikkje i mangel på vilje, men i mangel på operasjonalisering og systematisk oppfølging, heiter det i rapporten.

Les heile rapporten: «WAD nå? Hvordan kan universitets- og høyskolesektoren i Norge møte kravene til universell utforming av IKT?»

Korleis kan universitet og høgskuler oppfylle krava om universell utforming av IKT? | Bufdir