Kom i gang med test av universell utforming

Bergen kommune har over 100 ulike digitale løysingar som kvar og ein skal ha ei tilgjengelegheitserklæring. Tilgjengelegheitserklæring er ei offentleg eigenerklæring som viser i kva for grad verksemda si nettside eller app oppfyller lovpålagde krav til universell utforming.
Digitaliseringsmiljøet i kommunen såg at dei trong ein effektiv måte å spreie kompetanse om å teste nettsider og appar. Dei har derfor utarbeidd ei rekkje videoar som skal vere ei starthjelp for å komme i gang med å teste universell utforming av løysingane opp mot krav til universell utforming av IKT-løysingar. Instruksjonsvideoane er tenkt som grunnopplæring, men skal òg vere starthjelp i samband med utarbeiding av tilgjengelegheitserklæringar for kommunen sine mange ulike nettløysingar.
– Bergen kommune har vald å ikkje berre å ha éin person som tar seg av alt om universell utforming, men at alle skal ha eit minimum av kompetanse, på same måte som alle skal kjenne ein del til reglar for handtering av personopplysningar. Mange som har ansvaret for ei IT-løysing, er ikkje teknologar og vi såg derfor det som nødvendig å lage ei starthjelp for alle som skal i gang med å teste løysinga dei har ansvaret for.
Dette fortel seniorrådgivar Eva Kirkevik i kommunens digitaliseringsavdeling. Ho har vore initiativtakar til prosjektet og arbeider utelukkande med universell utforming.
Lågterskel-tilbod
– Med så mange løysingar, som ikkje berre er nettsider eller appar, men òg læremiddel, ulike integrerte digitale skjema og bestillingsløysingar, såg vi behov for å auke kompetansen for å få til ei meir effektiv testing. Video ble vald som format då det er lett tilgjengeleg for mange å ta i bruk. Det er 48 krav som gjeld nettsider, men vi har plukka ut 12 krav for å demonstrere korleis ein skal undersøke desse konkrete krava.
Kirkevik fortel at det også er mykje god informasjon på nettet med løysningsforslag, ikkje minst på nettsidene, men at dei fann mindre om korleis ein skal teste krav. Det var dette som var utgangspunktet då dei laga videoene.
– Med enkle metodar som vi viser, kan ein komme i gang. Krava som er plukka ut, er gjort då det er krav der vi ofte ser feil, krav som vil påverke store brukargrupper og som òg er enkle å rette opp i, fortel Kirkevik.
Verktøy for alle kommunar
Bergen kommune har starte eit samarbeid med KS Digital for å lage eit kursopplegg som skal vere tilgjengeleg i KS si delings- og læringsplattform KS Kunnskap. Dette skal vere ein felles base der alle kommunar kan legge inn læringsressursar.
Foreløpig er den såkalla Uu-hjelpen tilgjengeleg frå nettsidene til Bergen kommune. Videoane er òg publisert på YouTube og er universelt utforma med teksting og integrert synstolking, som vil seie at ein innarbeider synstolking i den ordinære filmen i staden for å lege til ei forteljarstemme i etterkant.
– Vi hadde tenkt at synstolking var greitt å gjere litt på sparket medan vi viste på skjermen, men det viste seg å vere vanskelegare enn vi tenkte, medgir ho.
– Det måtte skrivast detaljert i manus på førehand, var lærdomen.
I tillegg til instruksjonsvideoar er det utarbeidd sjekklister for både nettsider og appar. Desse sjekklistene har med samtlege krav og lenke til utfyllande informasjon frå Uu-tilsynet. Her er det forklart korleis ein skal teste kravet. Det skal kunne svarast ut som enten ja eller nei om kravet er følgd. I tillegg finst det ein Excel-fil som kan brukast for å følgje opp feil som har blitt avdekka.
Prosjektet var støtta gjennom Bufdir sin tilskotsordning for universell utforming.
Les meir
Du finn Uu-hjelpen og fleire nettressursar på nettsidene til Bergen kommune
Du kan også sjå Uu-hjelpen direkte frå YouTube.
Sjå meir om integrert synstolking hos Uu-tilsynet
