Inkluderande friluftsliv

Kartlegging av hytter, informasjon om tilgjenge både på hytter og ruter, i tillegg til tilpassa aktivitetar, er nokre av tiltaka. På nettstaden ut.no kan ein søke opp informasjon mellom anna om høgd på tersklar, dørbreidd og HC-rom på ei rekke hytter.
– Tilrettelegging for fleire grupper er noko vi arbeider med kontinuerleg, men vi tok skikkeleg tak i det i 2021 då vi byrja arbeidet med å kartlegge hyttene når det gjeld universell utforming, fortel rådgivar i DNT Tilrettelagt Helen Adamson.
DNT byrja kartlegginga med dei hyttane ein kan køyre til.
– Det er faktisk om lag en femdel av alle hyttene våre som har bilveg heilt fram. Vi har fått midlar i fleire omgangar av både Bufdir og av Lotteri- og stiftelsestilsynet. Vi kartlegg tilstanden slik hyttene er, men merker dei ikkje som universelt utforma eller tilgjengelege, men kva som er tilstanden.
Informasjonen om hyttene, korleis ein kjem seg dit og kva slags tilstand hyttene er i, ligg ute på ut.no. Det er DNT i samarbeid med Statskog og Friluftsrådenes Landsforbund, som står bak ut.no, kor ein også får informasjon om turmål og ruter i fjell og utmark, langs kysten og rundt tettstader i Noreg. Denne informasjonen er lagt inn av DNT sine medlemsforeiningar og andre godkjende bidragsytarar.
– Tidlegare var det mogeleg for privatpersonar å legge ut informasjon, men det har vi gått vekk frå, då det er viktig at vi har korrekt og kvalitetssikra informasjon, seier Adamson.

Forenkla kartlegging og brukaroppleving
På ut.no kan ein filtrere hytter mellom anna på dørbreidd, tersklar, helling på åtkomst, HC-toalett og underlag.
– Vi har valt å gjere det slik framfor å merke dei som «passar for rullestol», sjølv om dette har vore etterspurd, fortel Adamson.
Grunnen er at det som kan passe for ein rullestolbrukar, ikkje nødvendigvis er greitt for ein annan. Då kan ein fort komme i ein situasjon der folk blir skuffa då det ikkje var slik dei hadde trudd.
– Vi har hatt brukarer inne som har testa hytter, og nokre får stolen sin over tersklar på heile fem cm, noko ikkje alle vil få til, så vi oppgir måla i staden.
Fordi informasjon om rullestolvennlege hytter har vore etterspurd, har dei likevel har laga ein oversikt over rullestolvennlege DNT-hytter sidan temaet har vore etterspurt.
Eit tilbakevendande spørsmål i DNT er kor langt ein skal gå i å legge til rette. Aktivitetane og hyttene er ute i naturen og nokre gonger langt frå veg i ulendt terreng. Å legge naturen til rette for alle kan innebere veldig store naturinngrep.
– Vi diskuterer stadig kor og på kva slags måte vi skal legge til rette, fortel Adamson.
– Det er viktig å understreke at universell utforming ikkje er det einaste svaret. Universell utforming kan ofte vere umogleg i gamle bygg langt frå veg og med krevjande terreng. Aktivitetshjelpemiddel er òg viktig, som til dømes Joëlette turvogner som vi har til utlån fleire stader.
Sjå oversikt over kor du kan låne Joëlette turvogn
Gjer hyttene meir tilgjengelege
I tillegg til å gjere informasjonen om tilstanden på hyttene tilgjengeleg for brukarane, har DNT òg brukt kartlegginga som utgangspunkt for å gjerne nok med det dei kunne, og å hjelpe lokalforeiningar i gang med arbeidet med å tilpasse hyttene.
Dette kunne være små konkrete tiltak som å måle kontrastar på dørkarmar og montere handløperar i trapper og slike enkle ting, men også meir omfattande oppgraderingar som HC-soverom eller HC-toalett, fortel Adamson.
DNT har til no kartlagt 70 hytter. Fordi hyttene ofte er langt av stad og gamle, har dei byrja med dei hyttene som er mest aktuelle for tilrettelegging.
– Vi har òg drive aktiv opplæring med lokalforeiningar. Mange hytter blir drifta på frivillig basis og små lokalforeiningar har ikkje ein eigen eigedomsavdeling som til dømes DNT Oslo, seier ho.
DNT har laga rettleiarar om tilgjengelegheit på DNT-hytter, til hjelp for lokalforeiningane, i tillegg til ei sjekkliste for tilstanden på hyttane. Sjølv om rettleiaren er laga for DNT-hytter, kan den også være nyttig for andre som drifter liknande hytter.
Sjå rettleiaren på DNT si merkehandbok
Temahefte: Vill natur for alle, om universell utforming og friluftsliv (KS 2021)