Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Eldre kjenner seg tvinga til å delta digitalt

Mange eldre har fått betre tilgang på teknologi, men så mange som ein femtedel opplev digital diskriminering. Det er nokre av funna i ein ny rapport frå Forbruksforskningsinstituttet SIFO.
Eldre dame bruker bærbar pc
Stadig fleire eldre opplever at dei meistar internett. Illustrasjonsbilde: IstockPhoto

Rapporten «Eldres digitale hverdagsliv i en kunstig intelligent tidsalder (AI AGE)» tar for seg utviklinga i eldre sin bruk av teknologi det siste tiåret, blant anna ved å samanlikne resultata frå ei ny spørjeundersøking med tal frå tidligare SIFO-undersøkingar.

Målet for prosjektet var å forstå korleis eldre tar del i den digitale kvardagen, og kva utfordringar og moglegheiter dette skaper.

Les rapporten

Fleire deltar digitalt

Funn frå undersøkingane viser at eldre i aukande grad deltar digitalt. Internettbruken har stige jamt, og smarttelefonen har vore sentral. Medan det i 2014 var 37 % av befolkninga i alderen 61-100 som hadde smarttelefon med tilgang til internett, er talet i 2025 heile 88 %.

«Eldre» definert i eit aldersspenn på nærare 40 år, gir utslag i ulik bruk og kompetanse. Dei «yngre eldre» brukar digitale tenester langt meir aktivt enn dei aller eldste, som oftare manglar tilgang og har større behov for assistanse.
I gruppa av dei yngste (61-70 år) svarar 81% at digitale verktøy er nødvendige i kvardagen i 2025. Det tilsvarande talet for dei eldste (81-100 år) er 48 %.

Kjenner seg pressa

Samstundes rapporterer mange at utviklinga går for fort og opplevast som krevjande. 54 % av respondentane i 2025-surveyen meiner at utviklinga går for raskt. Skepsisen var størst i den eldste aldersgruppa.

Ei stor gruppe meiner eldre vert pressa inn i digital deltaking. Her var det liten forskjell mellom aldersgruppene og ikkje noko særleg endring frå 2018 til 2025. I aldersgruppa 61-70 år meinte heile 57 % at eldre blir tvinga til å delta digitalt. Mange etterlyser framleis analoge alternativ. Kvinner var i fleirtal av dei som meinte dette. Den eldste aldersgruppa etterlyste i størst grad analoge tenester som filialar, brev i posten eller telefon som alternativ til digitale tenester.

Kjensla av å «falle av lasset» og oppleve digital diskriminering er framleis til stades. Likevel opplever 29 % i den eldste aldersgruppa at dei ikkje har falle av lasset i den digitale utviklinga.

Diskriminering og nytte

Om lag fire av ti opplever at dei blir diskriminert i den teknologiske utviklinga, noko forskarane bak rapporten meiner er urovekkande. Dei fleste opplever likevel at dei ikkje blir diskriminert.

Tilgangen til smartheim-teknologi har auka, og mange eldre meiner dei har nytte og kontroll. Bruk av smartklokker, robotstøvsugerar og robotgrasklypparar er teknologi som har auka i bruk i perioden. Nesten seks av ti (58 %) meiner at slik teknologi vil gjere at dei kan bu lenger heime.

Samla sett teiknar rapporten eit bilete av ei positiv utvikling i digital deltaking og meistring blant eldre, men òg av uro og ambivalens.

Oppfølging av tidlegare spørjeundersøkingar

Målet med prosjektet har vore å gjennomføre ein oppfølgingsstudie av to tidlegare studiar basert på landsrepresentative spørjeundersøkingar, om moglegheiter, barrierar og behov for universell utforming i det digitale kvardagslivet til eldre.
Den første studien vart gjennomført i 2014 på oppdrag frå Bufdir/Deltasenteret , mens den andre vart gjennomført i 2018 med midlar frå Bufdirs tilskotsordning for universell utforming.

Sjå begge rapportane:

I 2024 var det ti år sidan den første studien vart gjennomført, og prosjektet var difor eit høve til å følge den digitale utviklinga over tid for den eldre delen av befolkninga. Prosjektet i 2025 har vore finansiert av Bufdir gjennom tilskot.

I tillegg er to spørjeundersøkingar gjort av SIFO i 2024 og 2025 om smartteknologi og kunstig intelligens, analyserte i rapporten, og om lag 1000 personar har svart i kvar av dei fem undersøkingane.

Eldre kjenner seg tvinga til å delta digitalt | Bufdir