Diskrimineringsnemnda har vedtatt at eit apotekutsal har brote krav til universell utforming

Det var ei blind kvinne som klaga inn eit Apotek 1-utsal til Diskrimineringsnemnda, og fekk medhald. Nemnda konkluderte med at det var brot på kravet om universell utforming, og påla retting innan 1. mai 2026.
Klagen gjaldt både dei fysiske tilhøva i lokala og dei tekniske løysingane for køordning. Kvinna meinte at apoteket ikkje hadde ledelinjer som kunne lede blinde og svaksynte til dei viktigaste funksjonane på apoteket.
Kølapp for henting av reseptvarer måtte tas ut via ein sjølvbeteningsautomat, og automaten hadde berøringsskjerm utan verken tale eller taktile knappar. Det var slik umogeleg for kvinna å finne kølappautomaten, vite kva nummer ho hadde i køen, når det var hennar tur eller kvar ho skulle gå. Klagaren vart då avhengig av at ein tilsett hjelpte til både med å ta ut kølapp og å finne rett kasse. Kvinna understreka at dei tilsette ved apoteket alltid var hjelpsame og hyggelege, men at ho følte det nedverdigande å måtte ha ein tilsett ved apoteket ventande ved sida av seg for å seie når det var hennar tur og vise veg. Kunden klaga saka inn for Diskrimineringsnemnda i april 2023.
Automaten ei hovudløysning
Automaten fell inn under regelverket for universell utforming av IKT som set krav til digitale løysningar retta mot allmenta, stadfestar nemnda. Kølappautomaten blir òg vurdert å vere ei hovudløysning som skal oppfylle krava. Nemnda skriv i vedtaket at sidan automatane ikkje har lyd eller taktile knappar, eventuelt andre alternativ for betening av personar som ikkje ser, oppfyller dei ikkje krava til universell utforming.
Regelverket har ein unntaksregel om at ein kan få fritak frå kravet viss det er ein uforholdsmessige byrde for verksemda å innfri kravet. Apotek 1 har ikkje vist til dette.
Sjå også saken hos diskrimineringsnemnda
Vurdering av apoteklokalet
Apotek 1 har om lag 450 utsal landet rundt. Nokre av dei har ledelinjer, men ikkje i dei aktuelle lokala det var klaga på.
Spørsmålet for nemnda var om Apotek 1 braut plikta til universell utforming av dei fysiske tilhøva. Apotek 1 meinte at butikklokala var godkjente gjennom «anna lov og forskrift» og at lokala var godkjende etter apotekforskifta § 21 som mellom anna seier at «Atkomst til apotekets publikumssone skal ivareta bevegelses- og orienteringshemmedes særlige behov.»
Nemnda meinte likevel at apoteka ikkje var i tråd med krav til universell utforming. Dette var avgjort i januar 2025, og Diskrimineringsnemnda vedtok i mai same år pålegg om retting, med frist til 1. mai 2026. Grunnen til at apoteket fekk så pass lang frist, var at automatar som vil oppfylle krava enno ikkje var på marknaden. Det ble derfor heller ikkje ilagd tvangsmulkt.
Nemnda sin konklusjon var at det er forholdsmessig å pålegge retting og sikre at diskriminering opphøyrer. Så lenge manglane ikkje blir retta, er blinde og svaksynte sin tilgang til apotektenester ikkje likeverdige med resten av befolkninga, heiter det i vedtaket. Pålegget om retting gjaldt både dei digitale og fysiske tilhøva, det vil seie kølappautomatar og ledelinjer.
Apotek 1 har retta feilen på apoteket og testar ulike løysningar
Apotek 1 svarar i ein e-post om korleis dei arbeider med saka, at:
“Feilen på det aktuelle apoteket er rettet. Parallelt har vi også pilotert ledelinjer på flere apotek for å finne en løsning som både fungerer for dem som er avhengige av dem, som er praktisk for våre ansatte og som kan rulles ut i alle apotek. Her har vi ikke konkludert ennå.”
Når det gjeld automatar, har dei funne ei løysing på dette på det aktuelle apoteket, skriv dei. Apotek 1 forklarar det slik: “Når den fysiske knappen benyttes, så aktiveres tale, og kunde styres til en spesifikk resepturdisk når det er vedkommendes tur. Denne harmonerer med den taktile ledelinjen i gulvet (til en definert reseptur)."
Saka er ikkje avslutta i Diskrimineringsnemnda.