Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Behov for å styrkja oppfølginga av foreldre etter omsorgsovertaking

Det viser ein ny rapport. – Me må samarbeida tettare med kommunane for å styrkja støtta til desse foreldra, som ofte står i sitt livs største krise, seier divisjonsdirektør i Bufdir Tove Bruusgaard.

Publisert

Foreldre som blir fråtekne omsorga for barna sine, har rett til oppfølging av barnevernstenesta. Men korleis opplever tilsette i barnevernet og foreldre dette i praksis?

Det har forskarar ved VID vitenskapelige høgskole, OsloMet – storbyuniversitetet og Universitetet i Stavanger undersøkt.

Forskarane har undersøkt korleis dei kommunale barnevernstenestene følgjer opp foreldre etter omsorgsovertaking og når barn skal flytta heim igjen. Dei har også undersøkt korleis foreldra opplever denne støtta og rettleiinga.

Til det beste for barna

– Ei viktig erkjenning i det barnevernsfaglege arbeidet er at hjelp til foreldra er til det beste for barna, også når dei ikkje kan bu hos foreldra i kortare eller lengre periode. Denne praksisendringa ser me igjen i denne rapporten, seier Tove Bruusgaard, divisjonsdirektør i Bufdir.

Tove Bruusgaard, divisjonsdirektør i Bufdir i kontorlokale
Divisjonsdirektør i Bufdir Tove Bruusgaard seier at Bufdir framover vil prioritera arbeidet med foreldreoppfølging i barnevernet.

Rapporten viser at leiarar og tilsette erfarer auka merksemd og meir systematisk arbeid etter dommane i Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD). Plikta vart også styrkt i barnevernslova i 2026. Samtidig identifiserer rapporten eit gap mellom formelle krav og praksis, og beskriv oppfølginga som «lite systematisk, svakt koordinert og ujamt dokumentert».

– Forskinga viser at det framleis er ein veg å gå i å sikra god oppfølging av foreldre etter omsorgsovertaking. Me vil samarbeida med kommunar, praksisfeltet og brukarorganisasjonar for å styrkja dette arbeidet, seier Bufdirs divisjonsdirektør Tove Bruusgaard.

«Ei akutt livskrise»

Foreldre som forskarane har snakka med beskriv det å mista omsorga for eigne barn som «ei akutt livskrise prega av sorg, tap og uvisse». Dette harmonerer også med tidlegare forsking.

I denne krisa kan det todelte ansvaret for barnevernstenestene opplevast som utfordrande for foreldra, og kan vera til hinder for at foreldre tek imot hjelp. Barnevernstenesta skal både vareta foreldra i situasjonen etter omsorgsovertakinga og samtidig vurdera om barnet skal flytta heim igjen eller ikkje. Ein forelder blir sitert:

«Det å komma inn på kontoret der og sitja og drikka kaffi og liksom skulle snakka om korleis eg har det, det kjenner eg på ein måte ikkje har nokon nytte for meg. Dei har teke ungane mine.»

Skeivskapar mellom ulike foreldregrupper

Rapporten viser at dei fleste barnevernstenestene oppgjer å ha rutinar for oppfølging, men langt færre bruker skriftlege planar som dei evaluerer systematisk.

– Det er behov for tiltak som styrkjer struktur og systematikk i arbeidet til tenestene med oppfølginga av desse foreldra. Rapporten viser at arbeidet må bli mindre personavhengig, kommenterer Bruusgaard.

Eit anna hovudfunn er skeivskapar mellom ulike foreldregrupper.

Dokumentstudien, der forskarane har gått gjennom anonymiserte nemnd- og rettsavgjerder publisert i Lovdata, viser at mødrer har større risiko for å bli følgt opp enn fedrar, både når det gjeld tida etter ei omsorgsovertaking og ved tilbakeføring.

Foreldre med minoritetsbakgrunn får oppfølging som i større grad er prega av kontrollerande tiltak og rettleidd samvær og i mindre grad av samarbeidsmøte.

– Me må sjå nærare på korleis me kan bidra til ein meir likeverdig praksis, seier Bruusgaard.

Tilrår koordinerte tiltak og mangfaldssensitiv oppfølging

Rapporten konkluderer med at god og heilskapleg oppfølging av foreldre føreset tydelege mål, tilgjengelege og koordinerte tiltak, mangfaldssensitiv tilrettelegging og ein balanse mellom støtte og kontroll.

«Det er viktig å understreka at grunnlaget for god oppfølging av foreldre blir lagt lenge før omsorgsovertakinga», skriv forskarane. Oppfølginga blir påverka av tidlegare kontakt med barnevernet.

– Tillit og relasjonsbygging er heilt essensielt for at foreldre ønskjer å få hjelp og for at barnevernstenestene skal komma i posisjon til å hjelpa, kommenterer Bruusgaard.

Ho legg til at dei ofte samansette utfordringane til foreldra kan innebera behov for hjelp og støtte frå fleire tenester enn barnevernet, som helsetenester, utdanning, NAV og bustad.

– Det er ikkje først og fremst behov for utvikling av nye tiltak, men ulike tiltak må sjåast i samanheng og koordinerast.

Vil prioritere foreldreoppfølging

Bruusgaard seier at Bufdir framover vil prioritera arbeidet med foreldreoppfølging i barnevernet:

– Rapporten viser kvar det er behov for å styrkja oppfølginga av foreldre som mistar omsorga for barna sine. Men ho seier også noko om kva som fungerer. Me må gå nærare inn på kva som fungerer, for kven og kvifor. Denne kunnskapen blir viktig i arbeidet vårt med å gi kommunane betre føresetnader for å komma i posisjon til å hjelpa.