Løftar fram barns rettar i oppdatert krisesenterrettleiar

Publisert
Rettleiaren gir no meir utfyllande råd om barnets beste, og at barna sjølv må få høve til å uttrykkje seg i saker som gjeld dei.
Oversikt over plikter og eit nyttig verktøy
Oversikt over ansvaret til kommunane har fått ei meir framståande plassering, og er no del 1 i rettleiaren. Dette skal gjere det tydelegare kva som er pliktene for kommunen på eit overordna nivå.
Del 2 av rettleiaren tek for seg innhaldet i krisesentertilbodet og oppfølging av brukarane. Her går rettleiaren gjennom ulike delar av eit krisesentertilbod, i tillegg til dagtilbod, oppfølging av barn på krisesenter og oppfølging av bebuarar i ettertid.
Rettleiaren inneheld også aktuelle verktøy som skjema, malar og brosjyrar, som er samla i eit eige kapittel.
Målet er at rettleiaren både skal fungere som ei oversikt for kommunane over pålagde plikter, og ei rettleiing til tilsette i dei faglege vurderingane.
Bakgrunn og innspel
Den nye krisesenterlova tredde i kraft 1. januar 2026. Nokre av endringane i rettleiaren er eit resultat av at lova har vorte gjort tydeleg på enkelte område. I tillegg følgjer rettleiaren opp tre oppmodingsvedtak frå Stortinget (oppmodningsvedtak 1018, 1021, 102, sjå meir på stortinget.no)
I arbeidet med revisjonen av rettleiaren har Bufdir fått innspel frå ulike grupper, mellom anna Redd Barna og Dyrevernsalliansen, og det har også vorte gjennomført workshop med enkelte krisesenter. Fleire avdelingar i Bufdir har også vore involverte i arbeidet med krisesenterrettleiaren.
Enkelte tema er også utvida og styrkt på initiativ frå Bufdir, som ei tydeleggjering av behovet til skeive og rettar på krisesenter.