Likestillingsarbeidet angår også gutar og unge menn

Publisert
I eit innspelsmøte har Bufdir i samarbeid med Redd Barna spurt sivilsamfunn og fylkeskommunale ungdomsråd om kva likestillingsutfordringar gutar og unge menn står ovanfor.
Innspela er samanfatta i ein rapport som er overlevert til Kultur- og likestillingsdepartementet, og vil inngå som del av kunnskapsgrunnlaget når stortingsmeldinga om gutar og menns likestillingsutfordringar skal utarbeidast.
Ungdommen nemnde mellom anna følgjande utfordringar:
- Tronge kjønnsroller og normer knytte til gutar og (hetero)seksualitet
- Høge forventningar knytte til suksess og status
- Skulen er betre tilpassa jenter enn gutar
- Stigma rundt psykisk helse og avgrensa moglegheiter til å snakke om kjensler.
– Innspela viser at likestilling like mykje angår gutar og menn, som jenter og kvinner. Ungdommane peika ut særeigne utfordringar som gutar står overfor og som også må takast på alvor, seier Anna Bjørshol, avdelingsdirektør i Bufdir.
Gutar opplever press og avgrensa handlingsrom
Ei av hovudutfordringane som deltakarane løfta fram er dei kryssande forventningane til mannsrolla. På den eine sida møter gutar og menn det moderne likestillingsidealet med mannen som omsorgsperson og bidragsytar i heimen, men samtidig blir tradisjonelle ideal om forsørgjarrolla, styrke og suksess oppretthaldne.
Dette legg grunnlaget for eit kraftig prestasjonspress. Frå skule og utdanning til jobb og framtidige forsørgjarroller er det venta at gutar skal prestere, vere økonomisk handlekraftige og sterke, både fysisk og mentalt. Samtidig får gutane signal om at det er lite aksept for å vise sårbarheit, frå både jenter og andre gutar. Mange beskriv at svakheit og kjensler kan føre til sosial stigmatisering.
Ungdommane beskriv at reaksjonane på å avvike frå forventningane til mannsrolla kan vere harde. Nedsetjande språk og assosiasjonar til femininitet blir brukte som sanksjonar, og viser korleis sosiale normer og språk er med på å halde ved lag gamle mønster. Dette blir knytt direkte til gutars psykiske helse og nører opp under ein motvilje til å søkje hjelp sjølv når det er behov for det.
Ein av deltakarane beskreiv mannsrolla som veldig rigid, noko som gjer at mange gutar og menn ber på kjensler åleine. Utvalet peika på at det førebels berre er dei som blir oppfatta som å lykkast i mannsrolla – det vil seie blir oppfatta som macho, meistrar sosiale kodar og presterer på skulen, i arbeid og idrett – som opplever større aksept for å kunne vise svakheit og snakke om kjensler.
Forkast maskulinitetsnorma og utvid mannsrolla, seier ungdom
Deltakarane ønsket å utvide mannsrolla og sørgje for at fleire gutar og menn tør å vere seg sjølve. Kanskje dette betyr at familie, skule, venner og samfunnet må ha ei breiare og meir open tilnærming til kva det vil seie å vere gut og ung mann i dag.
Innspelet til deltakarane viser at dei etterlyser tiltak på ulike arenaer, og ein politikk som legg til rette for at unge sjølv kan engasjere seg for å fremje auka likestilling. Vidare stiller dei krav om haldningsskapande arbeid for å motverke stereotypiske kjønnsroller.
Dei viktigaste tilrådingane til ungdommen:
- Tidleg innsats i skule og barnehage: Arbeid systematisk med kjønn, likestilling og normkritikk for å fremje likeverd.
- Betre psykisk helsetilbod: Tilgjengelege lågterskeltilbod og eit hjelpesystem som møter gutar på premissane deira.
- Tiltak mot digitalt kroppspress og hat: Strengare regulering av sosiale medium og kampanjar for kritisk medieforståing.
- Trygge møteplassar: Gratis og inkluderande fritidstilbod, både fysisk og digitalt.
– Vi er takksame for dei mange gode innspela som kom fram. Tilrådingane er sende til departementet, og Bufdir vurderer også korleis desse kan brukast aktivt i det vidare likestillingsarbeidet, seier Anna Bjørshol.