Korleis står det til i barnevernet? Fleire enn 2000 leiarar og tilsette har delt sine erfaringar
Publisert
Hausten 2024 svarte meir enn halvparten av landets barnevernsleiarar og institusjonsleiarar, og 1 257 tilsette i kommunalt barnevern og 742 tilsette ved institusjonane på undersøkinga, som handlar om ulike tilhøve i barnevernet. No er resultata klare, og dei avdekkjer både behov, utfordringar og styrker.
– Vi er utruleg nøgde med at så mange svarte på undersøkinga. Når vi kombinerer ulike datakjelder og erfaringar, får vi eit meir treffsikkert bilete av den faktiske tilstanden i sektoren og betre grunnlag for kloke val. Slik kan vi utvikle sektoren vidare, seier Nilssen.
Nøgde og motiverte, men bekymringsfullt om vald
Tema som leiarane og dei tilsette har fått spørsmål om, er:
- Turnover og jobbtilfredsheit
- Kompetanse og kapasitet
- Medverknad frå barn
- Samarbeid med Bufetat/Barne- og familieetaten i Oslo
- Samarbeid på tvers av sektorar
- Medverknad frå foreldre
- Kulturkompetanse
- Barn med risikosøkande åtferd
På fleire av temaa i Barnevernsbarometeret 2024 har vi fått svært oppløftande resultat, seier Nilssen:
– Det er gledeleg å sjå at dei fleste i barnevernet kjenner seg motiverte, kompetente og engasjerte. Det gir eit sterkt fundament for det viktige arbeidet dei gjer.

Rapporten viser at mellom 80 og 90 prosent av tilsette og leiarar i barnevernstenestene og ved institusjonane er nøgde og kjenner seg motiverte i jobben. Eit fleirtal av dei tilsette opplever òg at dei får naudsynt støtte og hjelp frå næraste leiar og kollegaer.
Samtidig fortel om lag 20 prosent av dei tilsette i barnevernstenestene og ved institusjonane at dei vil sjå etter ny jobb i løpet av 2025. 15 prosent av leiarane seier det same. Det er særleg dei som i mindre grad kjenner motivasjon og som ofte har for mykje å gjere, som seier dei vil sjå etter ny jobb.
Barnevernsbarometeret synleggjer også fleire område med utfordringar som Bufdir allereie jobbar med, fortel Nilssen.
– Utfordringsbiletet er kjent, men no har vi tal som stadfestar det. Å sitje med denne kunnskapen forpliktar. Resultata skal delast, diskuterast og brukast aktivt til forbetring.
Ho trekkjer spesielt fram kor ofte leiarar og tilsette ved barnevernsinstitusjonar opplever å bli utsette for vald på jobb. Nesten halvparten av dei tilsette ved institusjonane seier dei har blitt utsette for vald minst éin gong det siste året. Éin av ti har opplevd vald minst éin gong i månaden.
– Å arbeide i barnevernsinstitusjon kan vere krevjande og inneber risiko, men tala vi ser er høge og alvorlege. Difor jobbar vi systematisk med å lære av hendingar som skjer, og vi styrkjer krava til HMS og internkontroll, til det beste for både barna og dei tilsette, seier Nilssen.
Rapporten inneheld ei rekkje andre viktige funn.
Sjå heile rapporten og ei oppsummering av dei viktigaste funna
Ny undersøking blir sendt ut i slutten av månaden
Det er Ideas2evidence og Vista Analyse som gjennomfører undersøkinga på oppdrag frå Bufdir, og allereie 27. mai sender dei ut ein ny runde med undersøkingar til barnevernstenestene og barnevernsinstitusjonane rundt om i landet. Denne gongen er det berre leiarar som skal svare.
– Vi håpar at barnevernsleiarane og institusjonsleiarane ser at dette er viktig innsikt for oss å få, og at dei svarer på undersøkingane vi sender ut.
Dette er Barnevernsbarometeret
Barnevernsbarometeret er faste spørjeundersøkingar i det kommunale barnevernet og institusjonsbarnevernet.
Målet er å auke kvaliteten på informasjonsinnhentinga, danne eit godt bilete av tilstanden i barnevernet, og redusere talet på enkeltståande undersøkingar.
I 2024 vart undersøkinga sendt ut til 233 barnevernsleiarar i kommunalt barnevern og 291 avdelingsleiarar og institusjonsleiarar for totalt 424 avdelingar ved barnevernsinstitusjonane.
59 prosent av barnevernsledere og 52 prosent av institusjonslederne svarte på heile eller deler av undersøkinga.
1 257 tilsette i kommunalt barnevern og 742 tilsette ved institusjonane svarte på heile undersøkinga.
Dette gir eit godt grunnlag for å vurdere tilstanden i barnevernet.