Barnevernsbarometeret – faste undersøkingar i barnevernet
Mellom 2024 og 2027 gjennomfører Bufdir faste spørjeundersøkingar i barnevernet på. Desse blir kalla "Barnevernsbarometeret".
Leiarar i barnevernstenestene og i barnevernsinstitusjonane vil få undersøkinga kvart år. Tilsette vil få undersøkinga annakvart år. I 2025 går undersøkinga til leiarar i barnevernstenestene og institusjonane.
Fleire av temaa for Barnevernsbarometeret vil vere faste år etter år, medan nokre tema vil bytast ut. Dei faste temaa blir valde strategisk og vil over tid vise utviklinga i sektoren. Av særleg interesse er område som ikkje blir dekte av eksisterande datakjelder, og område som Bufdir har eit særleg ansvar for å følgje med på. Dei variable temaa skal fange opp forhold som er aktuelle her og no.
Barnevernsbarometeret er eit pilotprosjekt fram til 2027. Etter dette vil Bufdir evaluere resultata, sjå på behov for justeringar og vurdere om dei faste spørjeundersøkingane skal vidareførast.
Spørjeundersøkingane blir gjennomført av Ideas2evidence og Vista Analyse på oppdrag frå Bufdir.
Barnevernsbarometeret skal gje Bufdir kunnskap om tilstanden i dei kommunale barnevernstenestene og institusjonsbarnevernet. Dette er viktig for at arbeidet med å vidareutvikle tilbod og tenester samsvarer med behova i sektoren.
Fram til no har Bufdir innhenta data gjennom ei rekkje enkeltståande spørjeundersøkingar. Dette kan ha vore belastande for sektoren og respondentane, og svara frå spørjeundersøkingane har ikkje alltid vore mogleg å sjå i samanheng med kvarandre. Barnevernsbarometeret skal bidra til at vi på sikt kan redusere talet på spørjeundersøkingar frå direktoratet.
Barnevernsbarometeret 2026
Undersøkinga vart i 2026 send ut til alle barnevernsleiarar i kommunalt barnevern (228 leiarar) og institusjons- eller avdelingsleiarar ved alle barnevernsinstitusjonar (294 leiarar for totalt 438 institusjonsavdelingar). Leiarane sende undersøkinga vidare til sine tilsette.
- 60 prosent av barnevernsleiarane og 46 prosent av institusjonsleiarane svarte på heile eller delar av undersøkinga
- 1080 tilsette i kommunalt barnevern og 568 tilsette ved institusjonane svarte på heile undersøkinga
- Bufdir meiner samla sett at dette gir eit solid grunnlag for å beskrive erfaringar og vurderingar i både kommunalt barnevern og institusjonsbarnevernet
Faste tema
Jobbtilfredsheita er framleis høg blant dei som har svart. Eit fleirtal av leiarar og tilsette i barnevernet er fornøgde, motiverte og engasjerte i arbeidet sitt.
Samtidig rapporterer institusjonsleiarar lågare arbeidstilfredsheit enn andre grupper. Samanlikna med i 2024 seier fleire institusjonsleiarar at dei vurderer å slutte, frå 15 prosent til 23 prosent.
53 prosent av dei tilsette ved institusjonane oppgir at dei har vore utsette for vald i løpet av dei siste 12 månadane. I 2024 var den tilsvarande delen 47 prosent.
Eit stort fleirtal av leiarar og tilsette i barnevernstenestene og institusjonane meiner at både tenester, institusjonar og den enkelte tilsette har nødvendig kompetanse til å utføre dei lovpålagde oppgåvene på ein forsvarleg måte.
Kompetansebehova som blir oppgitt samsvarer med kompetansebehova fra 2024:
- kulturkompetanse
- kompetanse på å utløyse rettar i andre sektorar
- psykologfagleg støtte
- identifisering av barns hjelpebehov
Dei fleste leiarar og tilsette i barnevernstenestene og institusjonane svarer at krav til barns medverknad ofte eller svært ofte møtest. Dette samsvarer med funna frå 2024.
Dei vanlegaste hindringane for medverknad er høgt arbeids- og tidspress, arbeidsbelastning og låg bemanning.
Barnevernstenestene svarer at dei ofte ikkje får dei tiltaka og tenestene dei treng frå Bufetat/BFE, og at tilboda ofte ikkje er godt nok tilpassa behova til barna.
Opplevde brot på bistandsplikta har gått noko ned for akuttiltak og institutjonsplasseringar, men auka for fosterheimar.
Institusjonane melder om godt samarbeid med kommunale barnevernstenester, men peikar òg på utfordringar ved plasseringar og overgangar. Fleire institusjonar opplever at dei får mangelfull informasjon om barnet før plassering. 84 prosent av institusjonsleiarane oppgir at barneverntenesta berre av og til, eller sjeldnare, har ein plan for barnet etter institusjonsopphaldet.
Samanlikna med i 2024 er det no fleire som rapporterer at forhold som kapasitet, økonomi og plasseringsheimel ved tyngre enn omsynet til barnets ved tildelinga av tiltak.
Samarbeidet mellom barnevernet og andre sektorar varierer. Samarbeid med skole og politi fungerer svært godt, ifølgje dei som har svart, mens samarbeidet med psykisk helsevern (PH-BU) er meir utfordrande.
Omlag seks av ti institusjonsleiarar rapporterer at dei får barn til sine institusjonar, som dei meiner burde fått hjelp frå helsevesenet eller kriminalomsorga. Dette talet er stabilt høgt, samanlikna med 2024.
Eit klart fleirtal av respondentane meiner dei arbeider systematisk med foreldremedverknad, særleg i avklaring av bekymringar og i utforming og oppfølging av tiltak. Foreldremedverknad er svakare i interne avgjerdsprosessar, akuttraker og ved planlegging av tiltak før barn flyttar inn i institusjon. Dei viktigaste hindringane for foreldremedverknad er ulik situasjonsforståing, manglande tillit og helseutfordringar hos foreldra.
Variable tema
Dei fleste barnevernstenester og institusjonar har erfaring med barn og unge som gjer seg skuldig i lovbrot, og alle respondentgrupper har opplevd ei auke i ungdomskriminalitet dei siste tre åra.
Omtrent halvparten av barnevernsleiarane oppgir at dei manglar eigna tiltak for målgruppa. Ved institusjonane rapporterer mange at barn flyttar inn utan at dei har fått tilstrekkeleg informasjon om lovbrotshistorikk eller risikoåtferd.
Nasjonalt har talet på bekymringsmeldingar om ungdom 13-17 år auka frå 2022 til 2025, utan tilsvarande auke i tiltak. I sine forklaringar legg leiarane i barneverntenestene vekt på endringar i ressursar, verkemiddel og prioriteringar hos andre offentlege instansar, større medvit om meldeplikta og fleire rutinemessige meldingar. Dei tilsette legg størst vekt på endringar i ungdomane sin oppvekstsituasjonen, mellom anna psykisk helse, rus, kriminalitet, sosiale medium, økonomiske utfordringar og etterverknader av pandemien.
Undersøkinga viser at vald og truslar er ei stor utfordring i institusjonsbarnevernet.
- Nær éin av fire institusjonstilsette seier at dei har vore redde for at dei skulle bli utsette for alvorleg eller livstruande skade
- Dei siste seks månadene har 67 prosent opplevd truslar om vald, 42 prosent har blitt slått eller sparka, og om lag 40 prosent har motteke drapstruslar.
- Valdsspekteret omfattar alt frå verbal aggresjon til slag, spark, drapstruslar, kvelingsforsøk og stikking med spisse gjenstandar.
- Institusjonane arbeider aktivt med førebygging gjennom kurs i tryggleik og sikkerheit og ulike sikringstiltak.
- Det er skilnader mellom leiarar og tilsette når det gjeld vurderingar av registrering og oppfølging av hendingar. Tilsette peikar på at hendingar ikkje alltid blir registrerte systematisk, og at oppfølginga varierer mellom institusjonane.
55 prosent av barnevernsleiarane svarar at kommunen rekrutterer alle eller dei fleste fosterheimane sjølv. Dette er særleg vanleg i mindre sentrale kommunar.
Barnevernstenestene meiner sjølv at dei gir god oppfølging til fosterheimane, og oppfølging og rettleiing blir oppgitt som dei viktigaste vilkåra for at fosterheimane skal lykkast i oppdraget.
Respondentane peikar på endra behov hos barnet, dårleg matching og mangelfull kartlegging av fosterforeldre som dei viktigaste årsakene til brot.
Tolkebehovet er omfattande i dei kommunale barnevernstenestene. 77 prosent av barnevernsleiarane oppgir at dei har meir enn 50 tolkeoppdrag årleg.
Ved behov blir tolk brukt i dei fleste samtalar, men ikkje alle. Dei vanlegaste årsakene til at tolk ikkje brukast er manglande tilgang på tolk for relevante språk, overvurdering av brukarane sine norskkunnskapar og bruk av andre omsetjarar.
Dei fleste barnevernsleiarane meiner oppdraga blir dekte av kvalifiserte tolkar.
I institusjonane blir tolk brukt betydeleg sjeldnare, og mange tilsette kjenner ikkje rutinane for bruk av tolk.
Barnevernsbarometeret 2025
I 2025 gjekk undersøkinga til leiarar i barnevernstenestene og institusjonane. Tilsette deltok ikkje i 2025-utgaven av Barnevernsbarometeret.
63 prosent av barnevernsleiarane og 54 prosent av institusjonsleiarane svarte på heile eller deler av undersøkinga.
Undersøkinga i 2025 var kortare enn i 2024.
Barnevernsbarometeret 2024
Undersøkinga vart i 2024 send ut til alle barnevernsleiarar i kommunalt barnevern (233 leiarar) og institusjons- eller avdelingsleiarar ved alle barnevernsinstitusjonar (291 leiarar for totalt 424 institusjonsavdelingar). Leiarane sende undersøkinga vidare til sine tilsette.
- 59 prosent av barnevernsleiarane og 52 prosent av institusjonsleiarane svarte på heile eller delar av undersøkinga
- 1 257 tilsette i kommunalt barnevern og 742 tilsette ved institusjonane svarte på heile undersøkinga
Gjenbruk av data
Resultata frå barnevernsbarometeret vil være av interesse for mange ulike aktørar utanfor Bufdir, og vi oppmodar om å ta resultata i bruk. Rapporten inneheld eit langt tabellvedlegg, slik at det er mogleg for lesarane å få ei detaljert forståing av tabellane og resultata som det refererast til i rapportens hovuddel.
Ut over resultata som kjem fram i rapporten, har undersøkinga generert eit stort datamateriale som kan nyttast til forskning. Dette datamaterialet kan forskingsmiljøa søke om å få tilgang til, for bruk i sine forskingsprosjekt.
I påvente av rutine for tilgang på data, kan førespurnadar om tilgang til data sendast på e-post til barnevernsstatistikk@bufdir.no