Barnevernsbarometeret 2025: Auka bekymring for dei yngste barna
Publisert
Barnevernsbarometeret er Bufdir si årlege undersøking om tilstanden i dei kommunale barnevernstenestene og institusjonsbarnevernet. Undersøkinga i år gjekk til leiarar i barnevernstenestene og barnevernsinstitusjonane.
Eit av dei fem områda i årets undersøkinga handlar om dei yngste barna, frå null til tre år.
– Vi valde dette temaet fordi Bufdir har registrert ein nedgang i barnevernstiltak retta mot dei yngste barna. Dette måtte vi undersøke nærare, seier Anne Magdalena Solbu Kleiven, direktør for kunnskapsdivisjonen i Bufdir.
Resultata frå Barnevernsbarometeret viser ei tydeleg bekymring for at hjelpa kjem for seint og at fleire barnevernstenester manglar spesialisert kompetanse på dei yngste barna.
Ni av ti barnevernsleiarar svarer at dei i løpet av dei siste fem åra har oppdaga utfordringar hos familiar med barn over tre år som dei meiner burde vore oppdaga allereie i sped- og småbarnsfasen.
– Dette er funn vi tek svært alvorleg. Når vi både ser færre tiltak mot dei minste barna og at mange barnevernsleiarar er bekymra for dei same barna, betyr det at vi må følge nøye med framover. Tidleg innsats er veldig viktig for eit barns vidare utvikling i livet, seier Kleiven.
På spørsmål om kvifor utfordringane ikkje blir oppdaga tidlegare, peikar barnevernsleiarane på ulike årsaker i fritekstvara: færre bekymringsmeldingar – særleg frå barnehagane, manglande kompetanse og merksemd, og uverksame tiltak frå andre tenester som held fram for lenge utan å hjelpe.
– Dette kjenner vi igjen frå andre kjelder òg. Tal frå SSB viser at talet på bekymringsmeldingar frå barnehagane blir stadig færre, seier Kleiven.
Plikt til å melde ifra
Anne Magdalena Solbu Kleiven minner om at alle offentleg tilsette – og andre med lovfesta teieplikt – har ei plikt til å melde frå når dei er uroa for eit barn. Samtidig understrekar ho kor viktig det er at vi alle bryr oss:
– Vi må tore å bry oss. Dersom du er bekymra for at eit barn i familien din eller i nærmiljøet ditt ikkje har det bra, ta mot til deg og spør om det er noko du kan bidra med. Mange opplever det som positivt at nokon bryr seg. Det kan vere inngangen til å få hjelp – frå familie, nærmiljø, barnevernet eller andre tenester – på eit tidleg tidspunkt. Barnevernet er først og fremst ein hjelpar, og det finst mykje støtte ein familie som strevar kan få, seier ho.
– Bufdir har fleire satsingar som skal vere til hjelp for dei yngste barna og foreldra. Likevel viser rapporten vår at hjelpeapparatet treng meir kompetanse og meir kunnskap om denne gruppa.
Aktuelle temaer
I 2025 vart undersøkinga berre send til leiarar: 234 leiarar i kommunalt barnevern og 277 institusjons- eller avdelingsleiarar ved barnevernsinstitusjonar, som samla dekkjer 424 institusjonsavdelingar.
63 prosent av barnevernsleiarane og 54 prosent av institusjonsleiarane svarte på undersøkinga. Tilsette deltok ikkje i år.
Spørsmåla er utvikla i samarbeid med fagmiljø og kvalitetssikra gjennom utprøving. Dei tematiske områda er valde ut på bakgrunn av innspel frå Bufdirs fagavdelingar, og dekkjer område med høg aktualitet:
– Barnevernsbarometeret er eit viktig verktøy for å få vita meir om dei viktigaste utfordringane på barnevernsfeltet, og som grunnlag både for prioriteringar og tenesteutvikling, seier Kleiven.
Desse områda vart undersøkte i Barnevernsbarometeret 2025:
- Barn 0-3 år
- Rus
- Planlegging av overgang frå institusjon
- Nasjonalt forløp for barnevern
- Akuttarbeid
Er du bekymra for om eit barn treng hjelp? Les meir om bekymringsmeldinger