Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

Melde frå til barnevernet som offentleg tilsett eller fagperson med meldeplikt

Her finn du informasjon om når du har plikt til å melde frå til barnevernet, og korleis du sender bekymringsmelding.

Meldeplikt etter barnevernslova

Kven har meldeplikt?

Du har meldeplikt etter barnevernslova § 13-2 viss:

  • Du er offentleg tilsett eller du utfører oppgåver for det offentlege
  • Du er yrkesutøvar med profesjonsbestemd teieplikt

Meldeplikten etter barnevernslova inneber eit personleg ansvar for å melde, og går føre lovfesta teieplikt.

Når har du plikt til å melde frå?

Du har plikt til å melde frå til barnevernet, utan ugrunna opphald:

  • når det er grunn til å tru at eit barn blir eller vil bli mishandla, utsett for alvorlege manglar ved den daglege omsorga eller utsett for annan alvorleg omsorgssvikt
  • når det er grunn til å tru at eit barn har ein livstruande eller annan alvorleg sjukdom eller skade og ikkje kjem til undersøking eller behandling
  • når det er grunn til å tru at eit barn med nedsett funksjonsevne eller eit spesielt hjelpetrengande barn ikkje får dekt det særlege behovet sitt for behandling eller opplæring
  • når eit barn har vist alvorlege åtferdsvanskar ved å gjere seg skuldig i alvorlege eller gjentekne lovbrot, ved problematisk bruk av rusmiddel, eller ved å ha vist anna form for utprega normlaus åtferd
  • når det er grunn til å tru at eit barn blir eller vil bli utnytta til menneskehandel

Du treng ikkje å vere sikker på at barnet er i ein situasjon som beskrive i barnevernslova § 13-2 første ledd, men det må liggje føre noko konkret som indikerer alvorlege manglar ved omsorgssituasjonen til barnet eller som tilseier at barnet har alvorlege åtferdsvanskar.

Slik melder du frå

Vi tilrår at du bruker digital bekymringsmelding for sikker innmelding til barnevernstenesta.

Viss du ønskjer råd om du bør melde ei sak, kan du kontakte barnevernstenesta i kommunen. Du kan diskutere saka anonymt.

Slik følgjer barnevernet opp meldinga di

Barnevernstenesta skal gå gjennom bekymringsmeldinga snarast og innan éi veke etter at dei fekk ho. I løpet av denne veka kan du bli kontakta for utfyllande opplysningar.

Etter gjennomgangen vedtek barnevernstenesta om dei skal gjennomføre vidare undersøkingar eller leggje bort saka.

Barnevernstenesta skal gi tilbakemelding til melder innan tre veker etter at dei fekk meldinga.

Tilbakemeldinga til offentlege meldarar skal innehalde informasjon om at meldinga er motteken, og om meldinga er lagd bort eller skal undersøkjast vidare.

Dersom barnevernstenesta kjem fram til at dei skal undersøkje meldinga vidare, skal dei konkludere i saka innan tre månader. I spesielle tilfelle kan fristen vere seks månader.

Som offentleg meldar skal du få ei tilbakemelding frå barnevernstenesta innan tre veker etter at dei avslutta undersøkingane og konkluderte i saka.

Tilbakemeldinga skal innehalde informasjon om at undersøkinga er gjennomført, og om barnevernet følgjer opp saka vidare eller ikkje.

Barnevernstenesta kan i enkelte tilfelle velje å gi offentleg meldar informasjon om kva tiltak dei eventuelt set inn.