Rapport om sentrumsnære turvegar

Fylkesmannen i Telemark har no klar ein rapport om fylkets turvegprosjekt. Her kan det være tips å hente for andre som vil i gang med liknande tiltak.

Sidan 2012 har alle kommunane i Telemark samarbeida om å utvikle gode og tilgjengelege sentrumsnære turvegar.

Prosjektet som har verte leia av fylkeskommunen, vegvesenet og Fylkesmannen i Telemark er no avslutta. Men innsatsen vil fortsetje med å tilretteleggje gode turvegar der folk flest ferdast til dagleg.

Dette er viktig arbeid sett frå mange ulike synsvinklar. Turvegane fremjer både folkehelsa og miljøet.

Samstundes opnar dei for gode opplevingar av nær natur og kulturminner. Og ikkje minst – dei fremjer likestilling og gjer det mogeleg for alle til å vere fysisk aktive i eiga nærmiljø.

Rapporten finn du her (pdf).

Kjelde: Fylkesmannen i Telemark

Publisert 22. mars 2016.
Oppdatert 22. mars 2016.