Eit enkelt rekkverk til kafeen

Det skal ofte ikkje så mykje til for å sikre betre universell utforming, og samstundes fleire kundar.

Dei tre trappetrinna opp til Bistro To Kokker i Strandgata i Florø er ikkje ei stor utfordring for dei som er friske til beins. Men den er ei utfordring for mange eldre, som gjerne vil inn på kafeen.

Mellom dei som slit med å komme seg opp er Margot Svarthumle (89), skriv avisa Firda.

– Mange av oss eldre går ofte på kafé på Bistroen. Eg går sjølv om laurdagane, men eg er nok ikkje blant dei som går på kafé kvar einaste dag. Før kom eg meg opp trappa utan problem, men no er eg ikkje like sprek i beina. Det hadde vore kjekt om eg hadde kunne gått innom for ein kopp kaffi, seier Margot til avisa.

No ser det ut som om problemet løyser seg.  

 

Bildet viser trappa til kafeen.

Eit enkelt tiltak i Florø. (Faksimile frå avisa Firda) 

Det å få på plass eit enkelt rekkverk er trass alt ei enkel sak for ein vikarierande stortingsrepresentant, Bjørn Hollevik, som også er medeigar i Florø sitt eldste trehus.

– Når vi får slike meldingar frå dei eldre, må vi berre gjere noko. Vi jobbar med saka, og hadde eit møte med leigetakarane våre for ikkje så lenge sidan. No vil vi sette opp eit smijernsrekkverk til høgre for døra. Det vil vere på plass rett over påske, seier Hollevik til avisa.

Også ei rampe opp trappa er noko eigarane vil sjå på.

– No er det mange eldre som blir glade, tenker eg, utbryt Margot Svarthumle .


Kjelde: Avisa Firda

Publisert 03. mars 2016.
Oppdatert 04. mars 2016.