Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Bekymringsmeldingar og undersøkingar

I 2025 tok barnevernstenesta imot like under 88 000 bekymringsmeldingar for 46 000 barn i aldersgruppa 0-17 år. Like under 75 prosent av bekymringsmeldingane gjekk vidare til undersøking, og 35 prosent av undersøkingane ende med tiltak frå barnevernstenesta.

Bekymringsmeldingar

Tal på gjennomgåtte bekymringsmeldingar til barnevernstenesta i løpet av året, fordelt på meldingar i nye saker og meldingar i saker der det allereie er barnevernstiltak eller pågåande undersøking (aktive saker).

Hovedinndeling
År
Sekundærinndeling
Type melding

Ein liten auke i talet på meldingar etter fleire år med nedgang

I 2025 gjekk barnevernstenesta gjennom like under 88 000 meldingar. Litt mindre enn 54 000 meldingar var i nye saker, og i underkant av 34 000 meldingar gjaldt barn med aktive barnevernstiltak eller ei pågåande undersøking. Det vil seie at om lag fire av ti meldingar barnevernstenestene mottar handlar om barn som allereie er i systemet.

Frå 2020 til 2022 gjekk talet på meldingar ned. Denne reduksjonen var særleg sterk i talet på meldingar i nye saker, som gjekk ned med 12 prosent i perioden. Dei siste åra har talet på meldingar auka med nesten ti prosent frå 2022 til 2024. Med en liten nedgang i meldingar frå 2024 til 2025 kan det indikere at tala stabilisere seg.

SSB, tabell 10673 og 12189.

Det er først frå 2020 at talet på meldingar i aktive saker og pågåande undersøkingar er samla inn som del av statistikken, og vi har eit komplett bilete av alle bekymringsmeldingar som kjem inn.

Last ned Excel (all data)Med statistikk om Bekymringsmeldingar

Når nokon melder bekymring for eit barn, skal barnevernet innan ei veke vurdere om det er behov for å undersøke barnet sin situasjon nærmare, eller om bekymringsmeldinga kan leggjast vekk utan vidare undersøking.

Bekymringsmeldingar i nye saker

Tal på gjennomgåtte bekymringsmeldingar i barnevernstenesta i løpet av året, fordelt på konklusjon.

Hovedinndeling
År
Sekundærinndeling
Konklusjon

Nesten 30 prosent av bekymringsmeldingar i nye saker blir lagt vekk

I 2025 vart nesten 30 prosent av meldingane der det ikkje allereie var ei pågåande undersøking eller aktivt tiltak, lagt vekk. I 2020 var det like under 20 prosent. Det er dermed ein lågare del av dei mottekne meldingane som går til undersøking dei siste åra.

Det er fleire forhold som kan bidra til å forklare nedgangen i bekymringsmeldingar og auken i delen meldingar som blir lagt bort, som mellom anna auka kunnskap blant offentlege instansar om at meldeplikta til barnevernet først vert utløyst i dei meir alvorlege tilfella. Til dømes gir ikkje høgt skulefråvær hos eit barn eller ein ungdom aleine grunn til at skulen skal melde bekymring til barnevernet.

Barnevernsreforma som trådde i kraft i 2022 har som mål å styrkje arbeidet med førebygging og tidleg innsats. Ein del av nedgangen i bekymringsmeldingar kan difor også vere knytt til at andre instansar enn barnevernet arbeider førebyggjande med barn og unge.

SSB, tabell 10673.

Last ned Excel (all data)Med statistikk om Bekymringsmeldingar i nye saker

Barn med bekymringsmelding etter alder

Barn med melding i løpet av året, etter alder. Tal og per 1 000 barn på same alder. I løpet av eit år kan fleire personar ha sendt inn bekymringsmeldingar for det same barnet, og talet på barn med bekymringsmelding er difor lågare enn talet på meldingar vist i figuren over.

Hovedinndeling
År
Sekundærinndeling
Aldersgrupper

I 2025 vart det sendt inn og gjennomgått bekymringsmelding for 46 000 barn. Det utgjer fire prosent av alle barna under 18 år. Delen barn med melding er lågast blant dei aller yngste under to år, der litt under tre prosent er registrert med melding. I dei andre aldersgruppene er rundt fire prosent registrert med melding.

Dei siste par åra har det vore ei liten auking på tvers av aldersgruppene og tala i 2025 var nokså like som dei var i 2021. Gruppa med barn frå 3 til 5 år er ikkje del av denne utviklinga, men det har ikkje vore store endringar frå 2024 til 2025.

SSB, tabell 11292.

Gruppa 13-17 år inkluderer 17-åringar som fylte 18 i løpet av året. Denne gruppa inngår i kategorien «alle barn» i grafen som viser talet på barn. I grafen som viser tal per 1 000 barn er det berre barn under 18 år som inngår.

Last ned Excel (all data)Med statistikk om Barn med bekymringsmelding etter alder

Bekymringsmeldingar fordelt på innhald

Tal på bekymringsmeldingar i løpet av året, fordelt på innhald. År 2021-2025.

Hovedinndeling
År
Sekundærinndeling
Innhald i meldingane

Fleire typar bekymringar går igjen i meldingane

I 2025 handla mange bekymringsmeldingar om foreldra sitt rusmisbruk, vald i heimen eller at barnet var vitne til vald i nære relasjonar. Kvar av desse kategoriane var registrert i like under 20 prosent av meldingane. Det vart også ofte meldt om psykiske lidingar hos foreldre, høg grad av konflikt i heimen og at barnet vart utsett for fysisk vald. Andre forhold ved foreldra eller familien og barnet sitt smerteuttrykk (omtalt som «barnet si åtferd» i statistikken) er også gjennomgåande innhald i bekymringsmeldingar. Desse kategoriane går igjen over tid.

Kraftig auke i meldingar knytt til manglande ivaretaking av grunnleggande omsorg frå foreldra og barnet sine relasjonsvanskar

Tala viser spesielt ei auke i meldingar som inneheld bekymring om manglande ivaretaking av grunnleggande og kvardagsleg omsorg for barnet frå foreldra, kor denne kategorien dobla seg frå 2024 til 2025. Manglande stimulering og regulering av barnet frå foreldra så også en auke på nesten 15 prosent.

Om barnet har vore utsett for menneskehandel vart halvert frå 2024 til 2025. Dette er ein kategori av innhald som har nokså få førekomstar og er derfor sensitiv til årlege variasjonar. Det same gjeld kategoriane som omhandlar om barnet manglar omsorgsperson eller om barnet har vore utsett for seksuelle overgrep, som har gått ned høvesvis nesten 20 og 15 prosent.

Se SSB.no for meir statistikk om innhald i bekymringsmeldingar.

SSB, tabell 10674.

Innhaldskategorien «Manglande oppfølging av barnet sine behov for helsetenester frå foreldra» vart først tatt i bruk av barnevernstenesta i 2023. Derfor finst det ikkje data for denne kategorien i åra før 2023.

Last ned Excel (all data)Med statistikk om Bekymringsmeldingar fordelt på innhald

Bekymringsmeldingar etter kven som har meldt

Talet på bekymringsmeldingar i løpet av året 2025, etter kven som har meldt. I denne grafen er meldarane delt inn i tre hovudkategoriar – privatpersonar, skule- og helseinstansar, og andre instansar. Grafen viser også fordeling etter konklusjon av meldinga, og delen av alle meldingar.

Hovedinndeling
Konklusjon
Sekundærinndeling
Melder

Flest bekymringsmeldingar frå politi, barnevernsteneste, skole og foreldre

Politiet, barnevernstenesta sjølv, skole og foreldre sender flest bekymringsmeldingar til barnevernet, med høvesvis mellom 10 til 15 prosent av meldingane. I ei årrekke har det vore desse aktørane som melder mest til barnevernstenesta. Lege og sjukehus (frå 2025 er tannlege ein egen kategori) og anonyme melder også ofte bekymring til barnevernstenesta, med like under ti prosent av meldingane kvar.

Nesten halvparten av meldingane frå politi vert lagt vekk

Om barnevernstenesta legg vekk bekymringsmeldinga eller ikkje, varierer i stor grad med kven som har sendt meldinga. Det er særleg ein høg del av meldingane frå politiet som ikkje går vidare til undersøking, med nesten 50 prosent i 2025. Dette kan skuldast at politiet, i tillegg til meldeplikta som alle offentlege instansar har , også har eigne føresegn som pålegg dei å varsle barnevernstenesta. Meldingar frå tenester og instansar med ansvar for oppfølging av personar med rusproblem og familie for øvre bler også lagt vekk i relativ stor grad, kor dette gjaldt omtrent 40 for begge kategoriane i 2025. I motsett ende ser vi at meldingar frå krisesenter, utekontakt/ fritidsklubb, barnevernstenesta sjølv, og barnehage relativt sjeldan blir lagt vekk, med rundt ein av ti.

For meir statistikk om kven som melder inn bekymring over tid, sjå SSB.no.

SSB, tabell 10674.

Last ned Excel (all data)Med statistikk om Bekymringsmeldingar etter kven som har meldt

Barn med undersøking etter alder

Talet på barn med undersøking starta i løpet av året, etter alder. Antall og per 1 000 barn i befolkninga.

Hovedinndeling
År
Sekundærinndeling
Alder

I løpet av 2025 opna barnevernstenesta undersøking for i overkant av 37 000 barn. Det er ei auke på 4 prosent sia 2022. Nivået er likevel mykje lågare enn tidlegare år. I perioden 2017 til 2025 vart talet redusert med 19 prosent.

Færrast undersøkingar for dei yngste barna

Delen barn med undersøking i befolkninga er lågast blant dei yngste barna, med 23 per 1 000 og høgast blant barn mellom 6 og 12 år (36 per 1 000). Nedgangen dei siste ti åra er spesielt stor for barna i barnehage alder.

SSB, tabell 10666 og 07459.

For antall inkluderer gruppa 13 til-17 år også 17-åringar som fylte 18 i løpet av året. Disse 17-åringane er ikkje med i måleining per 1000.

Last ned Excel (all data)Med statistikk om Barn med undersøking etter alder

Undersøkingar etter konklusjon

Undersøkingar avslutta i løpet av året, etter konklusjon. Antall og prosent.

Hovedinndeling
År
Sekundærinndeling
Konklusjon

Over 60 prosent av undersøkingane vert lagt bort

Barnevernet avslutta like over 39 000 undersøkingar i 2025. Over 60 prosent av desse undersøkingane vart lagt bort. Dette er på same nivå som året før. Delen undersøkingar som vert lagt bort har auka dei seinare åra. På 12 år, frå 2013 til 2025, har delen undersøkingar som vert lagt bort auka med nesten sju prosentpoeng.

Det kan være ulike grunnar til at ei undersøking vert lagt bort, og i statistikken skil vi mellom ulike forhold:

  • Undersøkinga vert lagt bort etter barnevernstenesta si vurdering, det vil seie at tenesta vurderer at barnet og familien ikkje har behov for hjelp frå barnevernet
  • Undersøkinga vert lagt bort etter parten sitt ønske. Dette kan vere når barnevernstenesta vurderer at det er behov for tiltak, men familien ikkje samtykker til å få tiltak.
  • Undersøkinga vert lagt bort fordi familien flytter til ein annan kommune.
  • Undersøkinga vert lagt bort etter tilvising til annan instans.

Det vanlegaste er at undersøkinga vert lagt bort etter barnevernstenesta si vurdering, og i 2025 gjaldt dette halvparten av undersøkingane. I tillegg vart ti prosent lagt bort etter parten sitt ønske, fire prosent på grunn av flytting, og nesten to prosent på grunn av tilvising til annan instans.

Nedgang i undersøkingar som går vidare

I 2025 gjekk like under 13 600 undersøkingar vidare, anten ved at barnevernstenesta fatta vedtak om tiltak eller at barneverntenesta fremma krav for barneverns- og helsenemnda. Delen undersøkingar som går vidare har gått ned frå 43 prosent i 2013 til 35 prosent i 2025.

I dei fleste tilfelle fattar barnevernstenesta vedtak om hjelpetiltak, og det er berre dei mest alvorlege sakane som ender med at barnevernstenesta fremmer krav om tvangstiltak for barneverns- og helsenemnda. I 2025 gjaldt dette 500 av dei avslutta undersøkingane. Denne andelen har i ei årrekke ligge på om lag ein prosent av alle avslutta undersøkingar.

Kilde: SSB, tabell 10665.

Eit barn kan være registrert med fleire undersøkingar. Difor er det totale antalet undersøkingar høgare enn det totale antalet barn med undersøkingar.

Last ned Excel (all data)Med statistikk om Undersøkingar etter konklusjon

Undersøkingar som går vidare ved at barneverntenesta gjer vedtak om tiltak, etter grunn til tiltak

Tal på avslutta undersøkingar i løpet av året som konkluderer med at barnevernstenesta gjer vedtak om tiltak, etter grunn til tiltak. År 2025. Antall og delen av alle grunner til tiltak.

Hovedinndeling
År
Sekundærinndeling
Grunnar

Dei vanlegaste årsakene til å setje i verk tiltak i 2025 var høg grad av konflikt heime, og foreldre sine psykiske problem og foreldre sin manglande sensitivitet og kjenslemessige tilgjengelegheit for barnet. Alle disse årsakene var oppgitt i nær ein av fem tilfelle der barnevernstenesta enda undersøkinga med å fatte vedtak om å sette i verk tiltak.

Også forhold som konflikt mellom foreldre som ikkje bur saman, barnet si smerteuttrykk og vald i heimen/barnet er vitne til vald i nære relasjonar blir ofte oppgitt som årsak til tiltak.

Problembiletet frå melding til avslutta undersøking endrar seg

Det er noko ulik tematikk som pregar innhaldet i meldingar og årsak til å setje i verk tiltak.

Dette er i tråd med funn frå forsking om barnevernets undersøkingsarbeid som viser at:

  • Meldingar som har sitt opphav i enkeltepisodar som omhandlar rus eller kriminalitet hos foreldre, og som ofte kjem frå politi, vert oftare lagt bort enn andre meldingar der bekymringa har bygd seg opp over tid.
  • For meldingar som går vidare til undersøking endrar problembiletet seg undervegs. Foreldreferdigheiter og sider ved samhandlinga mellom foreldre og barn vert beskrive som bekymringsfullt for langt fleire barn i undersøkingsrapportane enn i meldingane.

SSB, tabell 10782.

Det kan vere fleire grunnar til å setje i verk tiltak. Summen av grunnane er difor større enn undersøkingar konkludert i alt.

Last ned Excel (all data)Med statistikk om Undersøkingar som går vidare ved at barneverntenesta gjer vedtak om tiltak, etter grunn til tiltak

Barneverns- og helseemnda behandler to forskjellige typer saker hvor barnevernstenesta sender krav om tiltak.

  • Hovedsak: En sak settes i gang i barneverns- og helsenemnda når nemnda mottar begjæring om tiltak fra barnevernstjenesten i en kommune. I visse tilfeller kan også enkelte andre personer og statsforvalteren fremsette slike krav, men det forekommer sjelden. De vanligste kravene i barnevernssaker er spørsmål om omsorgsovertakelse, tilbakeføring, regulering av samvær og atferdsplassering på institusjon.
  • Akuttsak: Barnevernstjenesten kan treffe akuttvedtak om plassering utenfor hjemmet dersom det er fare for at barnet ellers blir vesentlig skadelidende. Tvangsvedtak om akuttplassering må sendes inn til nemnda for kontroll innen 48 timer. Her kan du lese mer om hva en akuttsak er.

Undersøkingar som går vidare ved at barnevernstenesta sender krav om tiltak til barneverns- og helsenemnda, etter grunn til tiltak

Tal på avslutta undersøkingar i løpet av året som konkluderer med at barnevernstenesta sender krav om tiltak til barneverns- og helsenemnda, etter grunn til tiltak. År 2025. Antall og andel av alle grunner til tiltak.

Hovedinndeling
År
Sekundærinndeling
Grunnar

For undersøking som ender med krav om tiltak frå nemnd er problembiletet meir alvorleg

For dei undersøkingane som ender med eit krav om tiltak frå nemnda, er det mange av dei same årsakene som går igjen som for undersøkingar der tenesta konkluderer med å sette i verk samtykkebaserte tiltak. Likevel er årsaksbiletet smalare og dei meir alvorlege årsakene blir oppgitt oftare. Det er ein høg andel av sakene som handlar om foreldra og deira manglande stimulering, grensesetting, kjenslemessig tilgjengelegheit og manglande vern av barnet. I tillegg er det ein høg andel av sakene som handlar om foreldre sine psykiske lidingar, at barnet er vitne til eller sjølv utsett for fysisk eller psykisk mishandling og rusmisbruk hos foreldre.

SSB, tabell 10782.

Det kan vere fleire grunnar til å setje i verk tiltak. Summen av grunnane er difor større enn undersøkingar konkludert i alt.

Last ned Excel (all data)Med statistikk om Undersøkingar som går vidare ved at barnevernstenesta sender krav om tiltak til barneverns- og helsenemnda, etter grunn til tiltak