Bekymringsmeldingar og undersøkingar
I 2025 tok barnevernstenesta imot like under 88 000 bekymringsmeldingar for 46 000 barn i aldersgruppa 0-17 år. Like under 75 prosent av bekymringsmeldingane gjekk vidare til undersøking, og 35 prosent av undersøkingane ende med tiltak frå barnevernstenesta.
Bekymringsmeldingar
Barnevernstenesta skal gjennomgå innkomne bekymringsmeldingar så snart som mogleg, og seinast innan ei veke etter at dei er mottatt. Dette gjeld uavhengig av om barnet allereie har barnevernstiltak, om det er ei pågåande undersøking eller om barnet og familien ikkje er i kontakt med barnevernstenesta frå før.
Det er først frå 2020 at talet på meldingar i aktive saker og pågåande undersøkingar er samla inn som del av statistikken, og vi har eit komplett bilete av alle bekymringsmeldingar som kjem inn.
I grafen under presenterer vi alle mottatte bekymringsmeldingar. I dei andre grafane i denne artikkelen presenterer vi berre meldingar som gjeld barn som ikkje allereie har ei pågåande undersøking eller aktive barnevernstiltak.
Bekymringsmeldingar
Tal på gjennomgåtte bekymringsmeldingar til barnevernstenesta i løpet av året, fordelt på meldingar i nye saker og meldingar i saker der det allereie er barnevernstiltak eller pågåande undersøking (aktive saker).
Når nokon melder bekymring for eit barn, skal barnevernet innan ei veke vurdere om det er behov for å undersøke barnet sin situasjon nærmare, eller om bekymringsmeldinga kan leggjast vekk utan vidare undersøking.
Bekymringsmeldingar i nye saker
Tal på gjennomgåtte bekymringsmeldingar i barnevernstenesta i løpet av året, fordelt på konklusjon.
Barn med bekymringsmelding etter alder
Barn med melding i løpet av året, etter alder. Tal og per 1 000 barn på same alder. I løpet av eit år kan fleire personar ha sendt inn bekymringsmeldingar for det same barnet, og talet på barn med bekymringsmelding er difor lågare enn talet på meldingar vist i figuren over.
Kva handlar bekymringsmeldingane om?
Det er sjeldan berre éi årsak til at det vert meldt bekymring til barnevernstenesta, og ei melding inneheld ofte fleire bekymringar. Bekymringane knytt seg både til barnet si utvikling og foreldra sin omsorg, samt til forhold i familie og nærmiljø.
Kilde
Lauritzen, Vis, m.fl., 2019
Bekymringsmeldingar fordelt på innhald
Tal på bekymringsmeldingar i løpet av året, fordelt på innhald. År 2021-2025.
Kvar kjem bekymringsmeldingane frå?
Barnevernstenesta tar imot bekymringsmeldingar frå mange ulike offentlege instansar og frå privatpersonar med ulik tilknyting til barna det vert meldt om.
Bekymringsmeldingar etter kven som har meldt
Talet på bekymringsmeldingar i løpet av året 2025, etter kven som har meldt. I denne grafen er meldarane delt inn i tre hovudkategoriar – privatpersonar, skule- og helseinstansar, og andre instansar. Grafen viser også fordeling etter konklusjon av meldinga, og delen av alle meldingar.
Undersøkingar
Etter å ha behandla ei bekymringsmelding og konkludert med at den går vidare til undersøking, har barnevernstenesta tre månader på å gjennomføre undersøkinga. Formålet med ei undersøking er å undersøke om barnet lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, og på bakgrunn av dette fatte ei slutning om barnet har behov for barnevernstiltak eller ikkje. Ifølgje barnevernslova skal undersøkinga gjennomførast så skånsamt som mogleg, og den skal ikkje vere meir omfattande enn nødvendig.
Barn med undersøking etter alder
Talet på barn med undersøking starta i løpet av året, etter alder. Antall og per 1 000 barn i befolkninga.
Kva er konklusjonen av undersøkingane?
Konklusjonen av ei undersøking er anten at undersøkinga går vidare eller blir lagt bort. Undersøkingar går vidare anten ved at barnevernstenesta gjer vedtak om tiltak eller at barnevernstenesta fremmer eit krav om tiltak for barneverns- og helsenemnda. Ei undersøking blir lagt bort anten etter barnevernstenesta si vurdering, etter parten sitt ønske, på grunn av flytting eller etter tilvising til annan instans.
Undersøkingar etter konklusjon
Undersøkingar avslutta i løpet av året, etter konklusjon. Antall og prosent.
Grunn til å setje i verk tiltak
Det kan vere fleire grunnar til at barnevernstenesta konkluderer med å setje i verk tiltak for eit barn, eller sende eit krav om tiltak til nemnda. Dei mest brukte grunnane i løpet av 2025 er presentert i grafane under. For fullstendig oversikt over tal for alle år og alle grunnar, sjå SSB.no.
Undersøkingar som går vidare ved at barneverntenesta gjer vedtak om tiltak, etter grunn til tiltak
Tal på avslutta undersøkingar i løpet av året som konkluderer med at barnevernstenesta gjer vedtak om tiltak, etter grunn til tiltak. År 2025. Antall og delen av alle grunner til tiltak.
Barneverns- og helseemnda behandler to forskjellige typer saker hvor barnevernstenesta sender krav om tiltak.
- Hovedsak: En sak settes i gang i barneverns- og helsenemnda når nemnda mottar begjæring om tiltak fra barnevernstjenesten i en kommune. I visse tilfeller kan også enkelte andre personer og statsforvalteren fremsette slike krav, men det forekommer sjelden. De vanligste kravene i barnevernssaker er spørsmål om omsorgsovertakelse, tilbakeføring, regulering av samvær og atferdsplassering på institusjon.
- Akuttsak: Barnevernstjenesten kan treffe akuttvedtak om plassering utenfor hjemmet dersom det er fare for at barnet ellers blir vesentlig skadelidende. Tvangsvedtak om akuttplassering må sendes inn til nemnda for kontroll innen 48 timer. Her kan du lese mer om hva en akuttsak er.
Undersøkingar som går vidare ved at barnevernstenesta sender krav om tiltak til barneverns- og helsenemnda, etter grunn til tiltak
Tal på avslutta undersøkingar i løpet av året som konkluderer med at barnevernstenesta sender krav om tiltak til barneverns- og helsenemnda, etter grunn til tiltak. År 2025. Antall og andel av alle grunner til tiltak.
Kjelder
Christiansen, Vis, m.fl. 2019: Barnevernets undersøkelsesarbeid. Når barnevernet undersøker, delrapport 4.
Tal frå:
Har du spørsmål?
Lurar du på noko? Har du innspel til oss?
Kontakt oss på: barnevernsstatistikk@bufdir.no