Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Oppdrag til Bufdir i samband med oppfølging av oppmodingsvedtak nr. 440 – lovgjennomgang med føremål om å avskaffe språkbruk som beskriv personar med funksjonsnedsetjing med utdaterte, diskriminerande og stigmatiserande omgrep.

Utgitt av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet i 2025

Rapporten er skreve på oppdrag frå Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD), som oppfølging av Stortingets oppmodingsvedtak 440 om å fjerne språkbruk i lovverket som ikkje er i tråd med dagens menneskerettslege og likestillingspolitiske føringar.

Rapporten gir ei fagleg vurdering av kva ord og nemningar om personar med funksjonsnedsetjing som bør reknast som klart utdaterte, stigmatiserande og diskriminerande, og som difor bør omfattast av regjeringa si planlagde lovgjennomgang. Bufdir har samarbeidd med Språkrådet og involvert interesseorganisasjonar i arbeidet.

Rapporten viser til at ein relasjonell-sosial forståing av funksjonsnedsetjing, der funksjonsnedsetjing blir sett som eit resultat av samspel mellom individ og omgivnader, ligg til grunn for norsk politikk om funksjonsnedsetjing. Denne forståinga bør reflekterast i log og regelspråk.

Språket blir forstått som ein viktig berebjelke for sosiale normer, haldningar og mogelegheita for likestilling. Historiske nemningar har ofte vore knytte til medisinsk forståing, dikotomisering mellom «normal» og «avvik», og har i mange tilfelle formidla uverdige eller direkte feilaktige førestillingar om menneske med funksjonsnedsetjing.

Bufdir peiker på ei rekkje ord som både er utdaterte og/eller stigmatiserande. Lista omfattar blant anna: åndssvak, sinnssjuk, døvstum, invalid, handikap, funksjonsfrisk, psykisk utviklingshemma, senil demens, misdanning, vansira, alvorleg svekka helbred og fleire. Nokre ord blir primært vurderte som utdatert fordi presise og moderne alternativ allereie er etablert, til dømes teiknspråktolk i staden for døvetolk.

Vurderinger og anbefalinger

Rapporten anbefaler at nye ord må vere presise, dekkjande og brukbare i praksis, og åtvarar mot omskrivingar som gjer lovspråk mindre presist. Rapporten gir ei ikkje-uttømmande liste over ord som bør vurderast fjerna eller erstatta i lovverket, med sikte på å fremje likestilling, respekt og menneskeverd for personar med funksjonsnedsetjing.