Barnevernsbarometeret – faste undersøkingar i barnevernet
Mellom 2024 og 2027 gjennomfører Bufdir faste spørjeundersøkingar i barnevernet på. Desse blir kalla "Barnevernsbarometeret".
Leiarar i barnevernstenestene og i barnevernsinstitusjonane vil få undersøkinga kvart år. Tilsette vil få undersøkinga annakvart år. I 2025 går undersøkinga til leiarar i barnevernstenestene og institusjonane.
Undersøkinga blir sendt frå e-post "@panel.barnevernsbarometeret.no". Utsendinga for 2025 er i slutten av mai 2025.
Fleire av temaa for Barnevernsbarometeret vil vere faste år etter år, medan nokre tema vil bytast ut. Dei faste temaa blir valde strategisk og vil over tid vise utviklinga i sektoren. Av særleg interesse er område som ikkje blir dekte av eksisterande datakjelder, og område som Bufdir har eit særleg ansvar for å følgje med på. Dei variable temaa skal fange opp forhold som er aktuelle her og no.
Barnevernsbarometeret er eit pilotprosjekt fram til 2027. Etter dette vil Bufdir evaluere resultata, sjå på behov for justeringar og vurdere om dei faste spørjeundersøkingane skal vidareførast.
Spørjeundersøkingane blir gjennomført av Ideas2evidence og Vista Analyse på oppdrag frå Bufdir.
Barnevernsbarometeret skal gje Bufdir kunnskap om tilstanden i dei kommunale barnevernstenestene og institusjonsbarnevernet. Dette er viktig for at arbeidet med å vidareutvikle tilbod og tenester samsvarer med behova i sektoren.
Fram til no har Bufdir innhenta data gjennom ei rekkje enkeltståande spørjeundersøkingar. Dette kan ha vore belastande for sektoren og respondentane, og svara frå spørjeundersøkingane har ikkje alltid vore mogleg å sjå i samanheng med kvarandre. Barnevernsbarometeret skal bidra til at vi på sikt kan redusere talet på spørjeundersøkingar frå direktoratet.
Barnevernsbarometeret 2025
I 2025 går undersøkinga til leiarar i barnevernstenestene og institusjonane. Undersøkinga i 2025 er kortare enn i 2024.
Undersøkinga blir sendt frå e-post "@panel.barnevernsbarometeret.no" 27. mai 2025. Ta kontakt Asle Høgestøl på e-post asle.hogestol@ideas2evidence.com om du ikkje har mottatt undersøkinga.
Barnevernsbarometeret 2024
Undersøkinga vart i 2024 send ut til alle barnevernsleiarar i kommunalt barnevern (233 leiarar) og institusjons- eller avdelingsleiarar ved alle barnevernsinstitusjonar (291 leiarar for totalt 424 institusjonsavdelingar). Leiarane sende undersøkinga vidare til sine tilsette.
- 59 prosent av barnevernsleiarane og 52 prosent av institusjonsleiarane svarte på heile eller delar av undersøkinga
- 1 257 tilsette i kommunalt barnevern og 742 tilsette ved institusjonane svarte på heile undersøkinga
Utvalde funn
Av dei spurde er mange fornøgde med jobben sin.
- Mellom 80 og 90 prosent av tilsette og leiare i barnevernstenestene og institusjonane er ganske eller veldig fornøgde med jobben sin. Dei er ofte eller svært ofte motiverte og engasjerte i jobben sin.
- Eit stort fleirtal av dei tilsette opplever at dei ofte eller alltid får nødvendig støtte og hjelp frå den næraste leiaren og kollegaene.
Samtidig seier ein stor del at dei vil sjå etter ein ny jobb i løpet av året.
- 20 prosent av tilsette i barnevernstenestene og ved institusjonane seier at dei vil leite etter ein ny jobb i løpet av 2025.
- 15 prosent av leiarane seier det same.
- 25 prosent av dei tilsette svarer nøytralt på om dei vil sjå etter ein ny jobb i løpet av året.
Tilsette som blir utsatt for vald
Sju prosent av barnevernsleiarane svarar at dei har blitt utsett for minst ei valdshending dei siste 12 månadene
- 10 prosent av dei tilsette i barnevernstenestene svarar at dei har blitt utsett for minst ei valdshending dei siste 12 månadene
- 29 % av leiarane på institusjon svarar at dei har blitt utsett for vald ein eller fleire gonger i løpet av det siste året
- 47 % av dei tilsette på institusjon svarar at dei har blitt utsett for vald ein eller fleire gonger i løpet av det siste året
- 10 % av dei tilsette på institusjon svarar at dei har blitt utsett for vald minst ein gong i månaden
Spørjeundersøkinga gav ingen definisjon av vald, og der har difor vore opp til respondentane sjølve å vurdere om dei har opplevd vald eller ikkje.
Vi veit frå anna forsking at den subjektive opplevinga av vald er avgjerande for om vald får negative helsekonsekvensar (Stami (2025). Vold, hets og trusler. Henta frå https://noa.stami.no/arbeidsmiljofaktorer/konflikter-vold-og-trakassering/vold-hets-og-trusler/).
Sjølv om dei fleste barnevernstenestene og institusjonane opplever at dei har tilstrekkeleg kompetanse til å yte forsvarlege tenester, uttrykkjer mange likevel eit behov for ytterlegare kompetanseheving.
- Mellom 80 og 90 prosent av leiarane i barnevernstenestene og institusjonane meiner at dei har nødvendig kompetanse på arbeidsplassen til å utføre oppgåvene på ein forsvarleg måte.
- Det same gjeld dei tilsette, både i barnevernstenestene og på institusjonane.
- Likevel meiner nær alle at dei treng auka kompetanse i tida framover.
- Både leiarar og tilsette trekk mellom anna fram behovet for kulturkompetanse.
- To av tre leiarar i både barnevernstenester og institusjon svarar at dei har tilstrekkeleg tilgang på kompetanseutviklingstiltak.
- Tenester i mindre sentrale kommunar og dei offentlege barnevernsinstitusjonane svarar at dei i mindre grad har tilgang på kompetanseutviklingstiltak.
- Så godt som alle tilsette og leiarar meiner at barn ofte eller alltid får medverke i tråd med krava
- Ifølgje dei tilsette i barnevernstenestene er det mest krevjande å innfri barna sin rett til å uttale seg utan samtykke til foreldra, barna sine krav på informasjon om korleis opplysningane dei gir til barnevernet blir brukt, og barna sin rett å medverke når informasjon dei har gitt til barnevernet blir delt vidare med andre tenester
- Høgt arbeids- og tidspress blant dei tilsette, og at dei ikkje har mogelegheit til å bli kjend med barna, er dei vanlegaste hindringane for medverknad
- Barnevernstenestene er mest fornøgde med familieråd, og minst fornøgde med fosterheim- og institusjonstiltak.
- Barnevernsleiarane er mest fornøgd med Bufetat/BFE sine tenester om familieråd, utredning på senter for foreldre og barn, spesialiserte hjelpetiltak, beredskapsheim og tverrfagleg helsekartlegging
- Barnevernsleiarane er mest kritiske til Bufetat/BFE sinefosterheim- og institusjonstiltak og tilgangen på råd og rettleiing.
- 2 av 3 barnevernsleiarar meiner Bufetat/BFE ikkje leverer dei tenestene kommunane treng
- Barnevernsleiarane meiner det er særleg viktig at Bufetat/BFE overheld bistandsplikta
- Rundt 80 % av tenestene har opplevd brot på bistandsplikta det siste året.
Kommunikasjon mellom kommunalt barnevern, Bufetat og institusjonane
Det er eit stort forbetringspotensial i dialogen og samarbeidet mellom barnevernstenestene og Bufetat/BFE. Mange barnevernstenester har låg tillit til Bufetat/BFE og opplever at Bufetat/BFE har låg tillit til dei.
Samstundes blir tilgjengelegheita til Bufetat/BFE vurdert å vere god. Leiarar i Oslo gir litt meir positive tilbakemeldingar om BFE samanlikna med dei andre barnevernsleiarane.
Også i kommunikasjonen mellom barnevernstenestene og institusjonane er det utfordringar:
Institusjonane svarer at dei ofte får mangelfull informasjon frå barnevernstenestene før barn flyttar inn, til dømes om helse, skule, rus og lengde på opphaldet.
Mange institusjonsleiarar opplever svak oppfølging frå barnevernstenestene under opphaldet.
Nesten 50 % av institusjonsleiarane meiner barnevernstenesta sjeldan følgjer opp behovet til barna under opphald.
75 % av institusjonsleiarane svarer at barnevernstenestene sjeldan har ein plan for barnet etter opphaldet.
Leiarar på behandlingsinstitusjonar gir den dårlegaste vurderinga av oppfølginga frå barnevernstenestene
Utstrekt samarbeid mellom barnevern, politi, helsetenester og skole
- Nær alle barnevernstenestene og institusjonane har ein eller anna form for samarbeid med politi, helsetenester og skole.
- Mellom 80 og 90 prosent av dei spurde seier at samarbeidet med politi og skole fungerer godt eller svært godt
- Eit stort fleirtal av dei spurde er også godt nøgde med samarbeidet med helsestasjonen og skulehelsetenesta
Samarbeid med PHBU, andre spesialisthelsetenester og avlastingstenestene
- Dei spurde er delt i vurderinga av samarbeide med psykisk helsevern for barn og unge (PHBU), spesialisthelsetenestene og avlastingstenestene.
- 7 av 10 leiarar svarer at samarbeidet med PHBU fungerer godt.
- 6 av 10 leiarar seier samarbeidet med andre deler av spesialisthelsetenestene fungerer godt2 av 10 tilsette på institusjon meiner at samarbeidet med PHBU fungerer dårleg.
- 6 av 10 barnevernsleiarar meiner samarbeidet med avlastingstenestene fungerer godt eller svært godt, medan 2 av 10 meiner det meiner det har fungert dårleg eller svært dårleg.
- Leiarar og tilsette i barnevernstenester og institusjonar seier dei jobbar systematisk med foreldremedverknad. Mange opplever at foreldra får tillit til at barnevernet vil dei vel.
- Det er stor variasjon i når og korleis det blir jobba systematisk med foreldremedverknad, ambisjonsnivået i arbeidet, og i kva grad arbeidet er prioritert i barnevernstenesta og på institusjonen.
- Viktige hinder for foreldremedverknad er mellom anna ulik forståing av situasjonen, manglande tillit og helseutfordringar.
- Dei tilsette på institusjonane rapporterer om færre hindringar i samarbeidet med foreldra enn tilsette i barnevernstenestene.
- Leiarar og tilsette ved barnevernstenestene og institusjonane trekk fram kulturkompetanse som eit område som bør styrkast i tida framover.
- Språkbarrierar og mangel på kulturkompetanse kan gjere det krevjande å gjennomføre enkelte vurderingar på ein forsvarleg måte.
- Både leiarar og tilsette i barnevernstenestene trekk fram tilgang på kvalifisert tolk, meir formell kulturkompetanse og auka kompetanse om krysskulturelle familiar, som tiltak dei har behov for.
Vald
Så godt som alle barnevernstenestene og institusjonane har saker med barn som utset seg sjølv og andre for vald.
- Eit fleirtal av leiarane ved både barnevernstenestene og institusjonane svarer at dei har tilstrekkelege tiltak til å ta vare på desse barna.
- Samtidig svarer 31 prosent av leiarane i tenestene og 13 prosent av leiarane i institusjonane at dei har behov for fleire eller andre tiltak. Dette inkluderer samarbeid med helsetenestene og med politiet.
Skadeleg seksuell åtferd
- Rundt halvparten av leiarane i barnevernstenestene og institusjonane rapporterer at dei fleire gonger dei siste tre åra har hatt saker som involverer barn med skadeleg seksuell åtferd.
- Det er vanlegare blant institusjonsleiarane å vurdere at deira institusjon i stor eller svært stor grad har kompetanse på skadeleg seksuell åtferd, samanlikna med barnevernsleiarane.
- Eit fleirtal av leiarar og tilsetja i barnevernstenestene meiner barnevernstenestene har det dei treng for å kunna gi rettleiing, oppfølging og økonomisk støtte i ettervernet
- Samstundes trekk dei fram manglande tilgang på kommunale butiltak som ei stor utfordring i ettervernsarbeidet.
- Omsorgs- og behandlingsinstitusjonane har som regel ein avtale med barnevernstenestene om oppfølging av ungdommane etter at dei har flytta ut
- Mange tilbyr ein fast kontaktperson, men presiserer også at denne er som regel berre er for ei kort periode.
- Institusjonar som ikkje tilbyr slik oppfølging, forklarer det med at det ikkje er ein del av rolla til institusjonen og at dei manglar finansiering.
Dette indikerer behov for forbetring i planlegging og oppfølging frå enkelte barnevernstenester.
Gjenbruk av data
Resultata frå barnevernsbarometeret vil være av interesse for mange ulike aktørar utanfor Bufdir, og vi oppmodar om å ta resultata i bruk. Rapporten inneheld eit langt tabellvedlegg, slik at det er mogleg for lesarane å få ei detaljert forståing av tabellane og resultata som det refererast til i rapportens hovuddel.
Ut over resultata som kjem fram i rapporten, har undersøkinga generert eit stort datamateriale som kan nyttast til forskning. Dette datamaterialet kan forskingsmiljøa søke om å få tilgang til, for bruk i sine forskingsprosjekt.
I påvente av rutine for tilgang på data, kan førespurnadar om tilgang til data sendast på e-post til barnevernsstatistikk@bufdir.no