Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Årets ungdomskommune

Denne prisen heidrar kommunar som utmerker seg i arbeidet med å gi unge høve til påverke lokalmiljøa sine og medverke i utforminga av kommunepolitikken. Prisen blir delt ut annakvart år, under den nasjonale Ungdomskonferansen.

Ungdomskonferansen er ein nasjonal arena for læring og erfaringsutveksling mellom ungdomsrådsmedlemmer og dei som jobbar for og med ungdom i kommunane. I 2025 arrangerte Bufdir konferansen i samarbeid med Kvam herad og deira ungdomsråd i Øystese den 21. til 23. september.

Nominasjon og finalistar i 2025

Statsforvaltarar, kommunar, fylkeskommunar, barne- og ungdomsorganisasjonar og ungdomsråd kan nominere kandidatar til Årets ungdomskommune.

Bufdir fekk inn 29 nominasjonar i 2025. Mellom desse var det både små og store kommunar frå heile landet. Juryen peika ut tre finalistar som dei meinte utmerkjer seg i arbeidet med ungdomsmedverknad i eigen kommune.

Finalistane i 2025 var Modalen, Haugesund og Kristiansand.

Barne- og familieministeren kunngjorde vinnaren og overrekte prisen for Årets ungdomskommune under den nasjonale Ungdomskonferansen 2025.

Vinnarkommunen får 250 000 kroner.

Kven kan bli årets ungdomskommune?

Kandidatane må ha utmerkt seg med eit særleg arbeid for unges rett til deltaking og medverknad i sin kommune. Medverknad frå unge er ein føresetnad for god, lokal ungdomspolitikk. For Årets ungdomskommune skal dei unges engasjement og synspunkt vere synlege i prosessar og vedtak.

For å bli kåra til Årets ungdomskommune 2025, må kommunen ha:

  • eit fungerande ungdomsråd
  • avsett ressursar og etablert varige strukturar for inkludering og medverknad med unge som del av planane og arbeidsrutinane sine
  • eit godt samarbeid på tvers av etatar og tenester
  • tilbod og aktivitetar for ungdom som opplever utanforskap, som fell ut av skule, arbeidsliv, eller ikkje deltek i organiserte fritidsaktivitetar. I dette ligg òg at kommunen skal følge opp Fritidserklæringen.

Juryen

Juryen består av:

  • Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (leiar for jury)
  • Ungdom og fritid
  • NOVA – Oslomet
  • KS (kommunesektorens interesseorganisasjon)

Vinnar 2025: Kristiansand kommune

Ungdom fra Kristiansand oppe på scenen for å motta prisen: Årets ungdomskommune under Bufdir sin ungdomskonferanse

Årets ungdomskommune er ein kommune der ungdomsrådet set spor – fysisk i kommunen, hos ungdommane og der avgjerdene blir tekne, skriv juryen i grunngivinga. Gjennom nominasjonen kjem det tydeleg fram at kommunen og ungdomsrådet jobbar langsiktig og strukturert, for å sikre medverknaden til dei unge i kommunen dei bur i. 

Som ungdomsrådet sjølv skriv i nominasjonen: i denne kommunen er det å lytte til ungdommar sat i system, og det viser at det gir resultat som kjem alle ungdommen i kommunen til gode.

Meir om Årets ungdomskommune 2025

Årets ungdomskommune | Bufdir