Som fosterforelder er du med på å gje eit barn den trygge kvardagen barnet treng.

Fosterbarn er ulike, både i alder, personlegdom og omsorgsbehov. Felles for mange fosterbarn er at dei har ekstra utfordringar med seg i bagasjen. Å vere fosterforelder kan difor vere krevjande.

Det er ei stor forandring både for barnet og for familien å bli kjent med - og venje seg til kvardagslivet saman. Ofte er det behov for at ein av dei vaksne søkjer permisjon når fosterbarnet flytter inn. Etter kvart er det vanleg at begge fosterforeldra er i arbeid.

Tilsyn

Å vere fosterheim inneber at heimen din blir arena for offentlege tiltak. Dette betyr mellom anna at det skal førast tilsyn med kvart enkelt barn i fosterheim, frå plasseringstidspunktet og fram til barnet fyller 18 år. 

Tilsynsordninga gjeld også for fosterheimsplasseringar i familie og nettverk.

Tilsyn er ein kontroll med at barnet har det godt nok i fosterheimen, og kjem i tillegg til den kontrollen med fosterheimen som barneverntenesta i kommunen skal utføre. 

Tilsynet skal utførast av ein tilsynsperson som skal ha ei uavhengig rolle til barneverntenesta og fosterforeldra. Tilsynspersonen skal besøke fosterheimen minst fire gonger i året. 

Dagleg omsorg

Som fosterforelder har du den daglege omsorga for barnet. Du samarbeider med barnet sin familie og nettverk og med barneverntenesta i kommunen, om barnet sine behov og om framtida til barnet. Dette inneber at du har ansvar for alt som gjeld den generelle oppdragelsen av barnet, som oppfølging på skulen, i barnehagen, på fritida og ved sjukdom. 

Kontakt med biologisk familie og nettverk

Barn i fosterheim skal som hovudregel ha kontakt med sine foreldre, søsken, og eventuelt annan familie og nettverk. 

Omfanget av samver varierer mykje, og er mellom anna avhengig av årsaka til fosterheimsplasseringa, barnet sin alder og kor lenge barnet skal bu i fosterheimen.

Publisert 24. januar 2014.
Oppdatert 16. juni 2017.