Barn og ungdom som treng ein ny stad å bu, vil ofte helst flytte til nokon dei kjenner frå før. Stadig fleire fosterbarn får bu heime hjå besteforelde, onkel og tante, eldre søsken eller andre dei kjenner. Døme på dette kan vere assistent i barnehage, fotballtrenar, ein nabo, speiderleiar, tidlegare besøksheim eller støttekontakt.

At barnet får vere i familien eller nettverket sitt gir tryggleik for alle, og overgangen til ein fosterheim kan bli lettare når barnet allereie kjenner fosterforeldra.

Har du rom for nokon du kjenner frå før?

Kjenner du barn i slekta eller nettverket ditt som treng ein fosterheim? Ta kontakt med barnvernstenesta i kommunen din for å høyre om det er mogleg for dykk å bli fosterheim, eller for ei uforpliktande samtale om kva det inneberer. 

Du kan også ta kontakt med neraste fosterheimsteneste for meir informasjon

Slik blir du fosterheim for eit barn i slekta di eller nettverket ditt

1. Kontakt

Ta kontakt med foreldra til barnet, slik at dei kan ta det opp med barnevernstenesta. Er ikkje dette mogleg, kan du sjølv ta kontakt med barnevernstenesta og høyre om det er mogleg å bli fosterheim eller ha ei uforpliktande samtale om kva dette inneberer.

Når eit barn må flytte i fosterheim, skal barnevernstenesta i kommunen alltid vurdere om nokon i slekta til barnet eller i nettverket kan veljast som fosterheim. Dette vert ofte diskutert i familieråd.

2. Heimebesøk

Dersom barnevernstenesta vurderer dette som ei aktuell løysing, kjem dei på heimebesøk for å ha ei samtale med deg/dykk.

3. Godkjenning

Ein slekst- og nettverksfosterheim er ein heim på lik line med andre fosterheimar, og blir godkjend ut frå same regelverk og generelle krav. Slekts- og nettverksfosterheimar har rett på godtgjerdsle for arbeid og utgifter, til oppfølging, rettleiing og støtte tilpassa situasjonen til det enkelte fosterbarn og fosterheim.

4. Innflytting

Etter ei tilvenningsperiode, som vil variere frå barn til barn, flyttar barnet inn.

5. Opplæring

Fosterheimstenesten i Bufetat tilbyr opplæringsprogrammet PRIDE grunnkurs for slekt og nettverk anten i forkant eller i etterkant av plasseringa.

6. Oppfølging

Fosterforeldre som er rekruttert i barnet si slekt eller nettverk følgast opp av den kommunale barnevernstenesta på line med andre fosterheimar, og mottek generell grupperettleiing få fosterheimstenesta i Bufetat.

Les meir om korleis bli fosterheim 

Bjørn flytta i fosterheim hos onkelen sin

- Ein god oppvekst hos nokon han kjente frå før.

 Exause fikk fosterheim hos trenaren sin

 - Ein god oppvekst hos nokon han kjente frå før.

Tone og Åge - Besteforeldre og fosterforeldre i eitt

"Det handlar om både kjærleiken til barnebarna og barna. Det er det som er drivkrafta"
- Åge

Publisert 24. januar 2014.
Oppdatert 06. mai 2016.