Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

Ny rapport: Arbeidet mot diskriminering og rasisme bør styrkast i norske kommunar

Tre gutter sitter på en benk og ser ned

Norske kommunar må leggje arbeidet mot rasisme og diskriminering inn i ordinær drift og tenesteverksemd. I dag er det få døme på at kommunar aktivt motarbeider og førebyggjer rasisme, det viser ein ny rapport frå Proba Samfunnsanalyse.

Publisert

Innholdet kan være utdatert

– Rasisme og diskriminering gir dårlegare livskvalitet for dei som blir ramma. Derfor er vi glade for denne gjennomgangen av norske kommunars arbeid på dette feltet. Slik kan vi styrkje arbeidet framover, seier Anna Bjørshol, avdelingsdirektør i Bufdir.

Det er Proba Samfunnsanalyse som har kartlagt norske kommunars arbeid mot rasisme og diskriminering på oppdrag frå Bufdir og IMDi. Proba har samla data gjennom intervju og ein kvalitativ studie av utvalde rettleiingsmateriell, handlingsplanar og skildringar av god praksis. Heile rapporten kan lesast her

– Proba gir ei rekkje tilrådingar om korleis handlingsplanar, rettleiarar og gode døme kan gjerast endå betre kjent for kommunane i landet, seier Bjørshol.

Tydelegare forventningar

Mellom anna tilrår Proba at statlege aktørar (departement, direktorat, statsforvaltarar mfl.) nyttar allereie etablerte kanalar for formidling. Ressursar og døme som skal formidlast, bør relaterast til den ordinære drifta til kommunane og tenesteverksemd, og knytast til aktivitets- og rapporteringsplikta til kommunane (ARP). Nasjonale styresmakter bør kommunisere tydelege forventningar om at arbeidet mot diskriminering på grunnlag av etnisitet og religion skal ha ein sentral plass i rapporteringa til kommunane.

– Vi merkar vi oss særleg tilrådingane om at arbeidet må knytast til aktivitets- og rapporteringsplikta til kommunane, og at det i endå større grad er behov for å løfte arbeidet mot rasisme og diskriminering i rapporteringa til kommunane, seier Bjørshol.

Store lokale skilnader

Proba har òg vurdert korleis formidling av døme på godt arbeid kan styrkjast. Kartlegginga viser at det er store skilnader i typar lokale tiltak som er utarbeidde innanfor områda inkludering, rasisme og diskriminering. Når det gjeld tiltak og prosjekt som aktivt skal motarbeide, førebyggje eller handtere rasisme og diskriminering, er det relativt få gode døme å finne, og berre eit mindretal av tiltaka rettar seg mot majoritetsbefolkninga.

– Rapporten peikar på at det er viktig at ein i endå større grad innlemmar den lokale innsatsen mot rasisme og diskriminering i integreringsfeltet. Bufdir og IMDi vil særleg vurdere og følgje opp tilrådingane om korleis formidlingsarbeidet kan styrkjast. Døme på god praksis vil bli lagt ut på IMDis nettside «Lær av andre», seier Libe Rieber-Mohn, direktør IMDi.

Forsking og statistikk om likestilling og levekår viser at innvandrarar, norskfødde med innvandrarbakgrunn, samar og nasjonale minoritetar opplever diskriminering på fleire arenaer. 39 % av innvandrarar og 47 % av norskfødde med innvandrarbakgrunn har opplevd diskriminering dei siste 12 månadene. Andelen i resten av befolkninga er 20 %. Diskriminering og rasisme inneber ein risiko for utanforskap, dårlegare psykisk og fysisk helse, og er til hinder for deltaking i arbeids- og samfunnsliv.

– Lokale aktørar som kommunar, organisasjonar og bedrifter er viktige i arbeidet mot rasisme og diskriminering. Både Bufdir og IMDi vil halde fram med å støtte norske kommunar og andre lokale krefter på dette feltet, mellom anna gjennom tilskotsordningar på feltet. Vi vil òg jobbe vidare med å spreie kunnskap om lokale initiativ og tiltak på feltet, og Probas rapport er eit viktig bidrag i dette arbeidet, seier Bjørshol.