Kva slags ord og omgrep skal vi bruke? Er det uttrykk som blir oppfatta som krenkjande og nedvurderande?

Dette er spørsmål mange stiller seg når tema som seksuell orientering eller kjønnsidentitet kjem opp på jobben eller i privatlivet. Her er nokre enkle råd for korleis du syter for å ha eit inkluderande og ikkje-stigmatiserande språk i møte med enkeltpersonar og grupper.

1. Spør, då vel!
2. Ikkje bland saman seksuell orientering og kjønnsidentitet.
3. Bruk riktig kjønnspronomen
4. Inkluder alle når du snakkar om «vi» og «oss».
5. Gjer mangfaldet synleg gjennom språket ditt

Råd 1: Spør, då vel!

Ein tommelfingerregel kan vere at du aldri skal setje merkelappar på folk som dei ikkje ville ha brukt om seg sjølv. Dersom du er tvil, er det mykje betre å spørje direkte enn å bruke ein merkelapp som kanskje blir opplevd som krenkjande av den det gjeld. Spør først, kall etterpå!

Dei mest nøytrale nemningane på ulike seksuelle orienteringar er homofil, lesbisk, bifil og heterofil. Ver varsam med slanguttrykk som homse, lesbe osv. For somme vil slike uttrykk vere godt kvardagsspråk. Andre kan oppfatte dei som latterleggjerande skjellsord. Termane homoseksuell, biseksuell og heteroseksuell blir ofte oppfatta som utdaterte og forbundne med sexologisk litteratur frå 1800- og 1900-talet.

Det er heller ikkje gjeve at alle som har ei seksuell orientering eller ein kjønnsidentitet som bryt med det vanlege mønsteret i samfunnet, identifiserer seg – eller ønskjer å bli identifisert – med termar som lesbisk, homofil, bifil eller transperson. Somme vil eksempelvis omtale seg som skeiv eller queer.

Usikker på eit omgrep?

Råd 2: Ikkje bland saman seksuell orientering og kjønnsidentitet

Dei fleste av menneske som definerer seg som lesbiske, homofile eller bifile har ein kjønnsidentitet som samsvarer med det kjønnet dei fekk ved fødsel. Dei er som regel ikkje transpersonar. Like eins er det på ingen måte gjeve at transpersonar rettar dei seksuelle kjenslene sine mot personar med same kjønn som dei sjølv har, eller at dei oppfattar seg sjølv som lesbiske, homofile eller bifile.

  • Seksuell orientering dreier seg om kva for (eit) kjønn ein person rettar dei seksuelle kjenslene sine mot. Ei heterofil kvinne rettar dei seksuelle kjenslene sine mot menn. Ei lesbisk kvinne rettar dei seksuelle kjenslene sine mot kvinner, og så vidare.
  • Kjønnsidentitet dreier seg om kva for eit kjønn ein person ser seg sjølv som. Ein person som har same identitet som sitt opphavlege biologiske kjønn, kallar vi cis-person. Ein del menneske opplever at det kjønnet dei er vortne tilskrivne ved fødsel, ikkje stemmer overeins med det kjønnet dei kjenner seg som og identifiserer seg med. Ei vanleg samlenemning for desse er transpersonar. Det kan til dømes dreie seg om ein person som frå fødselen av er vorten oppfatta som mann, men som opplever og ser seg sjølv som kvinne.

Råd 3: Bruk riktig kjønnspronomen

Å bli omtalt med eit personleg pronomen ein ikkje identifiserer seg med, kan opplevast som svært støytande. Forsøk å merke deg om vedkomande seier "han" eller "ho" om seg sjølv, og bruk dette. Dersom du er usikker - spør!

«Hen» er eit kjønnsnøytralt personleg pronomen som kan brukast i staden for «han» eller «ho». Ein del transpersonar føretrekkjer at ein bruker dette pronomenet om dei. Nokre føreslår også hen brukt som eit kjønnsnøytralt fellespronomen i staden for å skrive han/ho når det gjeld begge kjønn eller ikkje er klart kva kjønn det er snakk om.

Ikkje alle identifiserer seg på ein eintydig måte som «mann» eller «kvinne», «han» eller «ho». Somme vil meine at slike gjensidig utelukkande kategoriar er innsnevrande og ekskluderande. Skal du spørje om kjønn på ein inkluderande måte, til dømes i eit skjema eller i ein spørjeblankett, kan det i tillegg til alternativa «mann» eller «kvinne» vere eit høve å oppgje eit tredje, ope svaralternativ, «anna», etterfølgt av eit felt der personane kan fylle inn kjønnsidentiteten sin. Eit slikt tredje svaralternativ er ikkje utgreidd av Bufdir. Men i Oslo kommune sin handlingsplan for likeverd og fridom, heiter det:

"Tiltak 10: Oslo kommune vil i skjema og annen kommunikasjon med brukere, fjerne krav om å oppgi kjønn, der dette ikke er strengt tatt nødvendig. Der det i utgangspunktet fremdeles er nødvendig å oppgi kjønn, vil kommunen i den grad det er praktisk gjennomførbart, gjøre det mulig å registrere seg som mann, kvinne eller annet".

Hugs at nemningar som blir opplevde som uproblematiske av enkelte personar, kan opplevast som nedsetjande og krenkjande av andre. Eit døme på det er ordet «transperson». Ein del menneske som søkjer kjønnskorrigerande behandling, ønskjer ikkje å bli omtalte som transpersonar, men som kvinner eller menn som er fødde i feil kropp.

Råd 4: Inkluder alle når du snakkar

Når du snakkar til ei gruppe, ikkje ta for gjeve at alle er heterofile, eller cis-personar. Skal du snakke og skrive inkluderande, bør du unngå å lage skilje mellom «oss» og «dei»/«dei andre». Her er nokre formuleringar som fungerer inkluderande.

  • Når du snakkar om ein minoritet til ei gruppe menneske, kan du bruke «dei av oss som er bifile...» (eller lesbiske, transpersonar, lærhomo...).
  • Når du snakkar om ein majoritet til ei gruppe menneske, kan du bruke: «dei av oss som er heterofile...» (eller cispersonar, etnisk norske, funksjonsfriske...)
  • Det går også an å snakke meir personleg, og bruke «du» i staden for «ein»: «Dersom du er ein transperson, så kan du...»

Råd 5: Gjer mangfaldet synleg gjennom språket ditt

Ei utfordring for minoritetsgrupper er at dei ofte blir usynlege, i samfunnet, i media og i språket. For å inkludere minoritetar er det derfor ikkje nok å bruke nøytrale omgrep. Seier vi «foreldre», tenkjer dei fleste automatisk på «mor og far». Om vi derimot snakkar om barn med to mødrer, eller eksplisitt bruker mor og medmor, far og medfar, vil det synleggjere at det også finst andre typar familiar.

Slik kan du synleggjere mangfald når du snakkar eller skriv:

  • Ver ekstra tydeleg. Legg til «...uavhengig av kjønn eller kjønnsidentitet», «...uavhengig av seksuell orientering», «...uavhengig om det er likekjønnspar eller par med ulikt kjønn».
  • Ver ekstra omstendeleg. Nemn alle gruppene dette gjeld: Til dømes: «Tiltaket gjeld alle kjønnsminoritetar, både transpersonar, transvestittar, kjønnsskeive (genderqueer) og kvinner og menn med diagnosen transseksualisme
  • Gje god plass til dei som det er ekstra viktig at blir sett. Til dømes: «På denne skulen har vi som mål at ingen blir mobba, det gjeld spesielt lhbt-ungdom»
  • Våg å bruke orda lesbisk, bifil, homofil, transperson.