Dei fleste oppdagar den seksuelle orienteringa si og kjønnsidentiteten i løpet av skuletida. Både grunnskule og vidaregåande skule blir derfor viktige arenaer for identitetsarbeid. Om elevane vel å vere opne om kjenslene eller identiteten sin, er opp til den enkelte. Men det er opp til deg som er tilsett i skulen å bidra til at det kjennest greitt å vere seg sjølv.

Lærarar har gjerne dei beste intensjonar om inkluderande undervisning, men manglar ofte fagkompetanse og ferdigheiter i å snakke om seksualitet og korleis undervisninga kan gjerast lhbt-inkluderande. Homofile blir ofte snakka om som «dei andre» (Røthing og Stine Svendsen, 2009).

Kva sier læreplanen?

Det er mange kompetansemål som rører ved spørsmål relaterte til kjønn og seksualitet, både direkte og indirekte. Ifølgje kompetansemåla innanfor naturfag, KRLE, samfunnsfag, norsk og engelsk skal elevar kunne:

I samfunnsfag

Etter 4. årstrinn

  • samtale om variasjonar i familieformer og om relasjonar og oppgåver i familien
  • gje døme på rettar barn har, og ulike forventningar jenter og gutar møter i kvardagen, og samtale om korleis forventningane kan opplevast
  • samtale om tema knytte til seksualitet, grensesetjing, vald og respekt
  • lage ei oversikt over normer som regulerer forholdet mellom menneske og forklare konsekvensar ved å bryte normene
  • drøfte oppfatningar av rettferd og likeverd

Etter 7. årstrinn

  • snakke om kjærleik og respekt, variasjon i seksuell orientering, samliv og familie og diskutere konsekvensar av manglande respekt for ulikskap
  • skildre roller i eigen kvardag og undersøkje og snakke om forventningar som knyter seg til desse rollene
  • gje døme på korleis kjønnsroller og seksualitet blir framstilt i ulike medium og diskutere dei ulike forventningane det kan skape
  • gjere greie for kva moglegheiter, plikter og rettar barn og unge har til medverknad

Etter 10. årstrinn

  • gjere greie for hovudprinsippa i SN-pakta, SN si menneskerettserklæring og sentrale SN-konvensjonar, blant anna ILO-konvensjonen om urfolk sine rettar, vise korleis dei kjem til syne i lovverk, og drøfte konsekvensar av brot på menneskerettar
  • gje døme på korleis oppfatningar om forholdet mellom kjærleik og seksualitet kan variere i og mellom kulturar
  • analysere kjønnsroller i skildringar av seksualitet og forklare forskjellen på ønskt seksuell kontakt og seksuelle overgrep
  • gjere greie for omgrepa haldningar, fordommar og rasisme og vurdere korleis haldningar kan bli påverka, og korleis den enkelte og samfunnet kan motarbeide fordommar og rasisme
  • gje døme på og diskutere kulturelle variasjonar og drøfte moglegheiter og utfordringar i fleirkulturelle samfunn
I historie

Etter 4. årstrinn

  • finne informasjon om og presentere eigen familie for ein til to menneskealdrar sidan og fortelje om korleis levemåte, levekår og kjønnsroller har endra seg

Etter 7. årstrinn

  • skildre utviklinga i levekåra for kvinner og menn og framveksten av likestilling i Noreg

Etter 10. årstrinn

  • drøfte ideal om menneskeverd, diskriminering og utvikling av rasisme i eit historisk og notidig perspektiv
  • drøfte viktige forandringar i samfunnet i nyare tid og reflektere over korleis samfunnet i dag opnar for nye forandringar
I naturfag

Etter 2. årstrinn

  • setje namn på og skildre funksjonen til nokre ytre og indre delar av menneskekroppen
  • samtale om grensesetjing, forståing og respekt for eigen og andre sin kropp

Etter 4. årstrinn

  • skildre i hovudtrekk korleis menneskekroppen er bygd opp
  • observere og skildre korleis kroppen reagerer i ulike situasjonar, og samtale om ulike kjenslemessige reaksjonar og samanhengen mellom fysisk og psykisk helse

Etter 7. årstrinn

  • skildre utviklinga av menneskekroppen frå befruktning til vaksen
  • forklare kva som skjer under puberteten og snakke om ulik kjønnsidentitet og variasjon i seksuell orientering

Etter 10. årstrinn

  • skildre kort fosterutviklinga og korleis ein fødsel går føre seg
  • formulere og drøfte problemstillingar knytte til seksualitet, seksuell orientering, kjønnsidentitet, grensesetjing og respekt, seksuelt overførbare sjukdomar, prevensjon og abort
  • forklare korleis eigen livsstil kan påverke helsa, medrekna slanking og eteforstyrringar, samanlikne informasjon frå ulike kjelder, og diskutere korleis helseskadar kan førebyggjast
I KRLE (kristendom, religion, livssyn, etikk)

Etter 4. årstrinn

  • samtale om familieskikkar i kvardag og høgtid på tvers av religionar og livssyn
  • samtale om respekt og toleranse og motverke mobbing i praksis
  • attgje gjensidigheitsregelen og vise evne til å gjere bruk av han i praksis
  • bruke SN sin barnekonvensjon for å forstå barn sine rettar og likeverd og kunne finne døme i media og ved bruk av internett

Etter 7. årstrinn

  • samtale om etikk i samband med ulike familieformer, forholdet mellom kjønna, ulik kjønnsidentitet og forholdet mellom generasjonane
  • samtale om etniske, religiøse og livssynsmessige minoritetar i Noreg og reflektere over utfordringar knytte til det fleirkulturelle samfunnet
  • samtale om filosofi, religion og livssyn som grunnlag for etisk tenking og kunne drøfte nokre moralske førebilete frå fortid og notid
  • forklare viktige delar av SN si verdserklæring om menneskerettar og samtale om kva dei har å seie

Etter 10. årstrinn

  • drøfte etiske spørsmål knytte til menneskeverd og menneskerettar, likeverd og likestilling, blant anna ved å ta utgangspunkt i kjende førebilete
  • reflektere over etiske spørsmål knytte til mellommenneskelege relasjonar, familie og vener, samliv, heterofili og homofili, ungdomskultur og kroppskultur
I norsk

Etter 2. årstrinn

  • setje ord på eigne kjensler og meiningar

Etter 4. årstrinn

  • forklare korleis ein gjennom språkbruk kan krenkje andre

Etter 7. årstrinn

  • uttrykkje og grunngje eigne standpunkt og vise respekt for andre sine
  • gje døme på og reflektere over korleis språk kan uttrykkje og skape haldningar til enkeltindivid og grupper av menneske

Etter 10. årstrinn

  • drøfte korleis språkbruk kan verke diskriminerande og trakasserande
I engelsk

Etter 10. årstrinn

  • vise evne til å skilje mellom positivt og negativt ladde uttrykk som refererer til enkeltindivid og grupper av menneske

Eit lhbt-perspektiv i undervisninga?

Læreplanane er klare på at spørsmål relaterte til seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk skal inkluderast i undervisninga. Lhbt-perspektiv er ofte fråverande eller mangelfulle, både i lærebøker og i den faktiske undervisninga (Røthing og Svendsen 2009; Røthing, 2013). Målet må vere at lærebøkene stemmer betre med læreplanen. Uansett kan du som lærar enkelt inkludere lhbt-tematikk i undervisninga, til dømes ved

  • å bruke to pappaer i eit praktisk reknestykke frå familiekvardagen.
  • at norskstiloppgåva kan vere å skrive i eit kjønnsnøytralt språk.
  • at eit bilete av ein transperson kan illustrere kjønnsroller.
  • å la lhbt-tematikk vere ein del av undervisninga i historie, kultur og litteratur.
  • å melde dykk på undervisningsprogrammet «Uke 6», som er eit lhbt-inkluderande undervisningsprogram om seksualitet, publisert av organisasjonen Sex og politikk.

Mangfald i skulegarden og klasserommet

Homo er eit av dei vanlegaste skjellsorda i skulen. I ein studie kom det fram at 44 prosent av gutane hadde vorte kalla «homo» siste året.

Kva kan du gjere for å skape eit lhbt-inluderande miljø på skulen din? Det er viktig å gjere noko når vi veit at skulen er ein arena der lhbt-elevar kan oppleve utestenging, homofobisk erting og seksuell trakassering. Bifile og homofile og dei med eit utypisk kjønnsuttrykk blir mobba meir enn heterofile (Hegna, 2007; Roland og Austad, 2009). Unge skeive med minoritetsbakgrunn er ei spesielt sårbar gruppe.

Korleis kan du som lærar bidra til å spegle mangfald og til at alle elevar kan byggje ein trygg identitet og leggje grunnlag for eit godt og sikkert seksualliv?

Tips om eit lhbt-inkluderande læringsmiljø

  • Ver ein inkluderande vaksen. Det inneber å vere medviten om å bruke eit ope språk og bidra til positiv synleggjering.
  • Sørg for at lærarar går føre med eit godt eksempel og er medvitne om å unngå å snakke om homofile og transpersonar som «dei andre».
  • Eit første steg mot auka medvit er å ikkje ta for gjeve at elevane i klassen er heterofile og cispersonar.
  • Snakk medvite om seksuell orientering og kjønnsidentitet på ein positiv måte, både i faglege og sosiale samanhengar. Slik kan du gjere ein forskjell for den enkelte eleven som ikkje passar inn i den heterofile norma.
  • Ver open om di eiga seksuelle orientering, om du kan. Forsking viser at mange ikkje er opne om seksuell orientering på arbeidsplassen. Det vil også gjelde lærarar. Men unge skeive treng gode rollemodellar, og ein open lærar kan bidra til å motverke mobbing.
Praktisk eksempel: Rosa kompetanse gjer det lettare å snakke om LHBT i skolen

Åfjord videregående skole og Ål ungdomsskule er to av over 30 verksemder som har fått kursing frå Rosa kompetanse i 2014. Målet med undervisninga er å gje tenesteytarar fagleg tryggleik i dei tilsette sine møte med lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (lhbt-personar), anten det er som elevar, brukarar eller pasientar. I alle sektorar er det eit mål å skape rom der lhbt-personar skal kunne vere seg sjølv og oppleve å bli inkluderte og varetekne.

Rektor ved Åfjord videregående skole meiner Rosa kompetanse bidreg til å avmystifisere seksuell identitet som tema og å styrkje lærarane når dei skal snakke om det i klassane:

Rosa kompetanse bidrog på ein veldig informativ og god måte til at vi fekk sett fokus på korleis vi som vaksne i skulen kan møte ungdomar i samtalar om dette. Gjennom eit glimrande føredrag, krydra med humor og diskusjon i etterkant, bidrog dei til å avmystifisere temaet. I tillegg viste dei oss korleis vi kan få til gode samtalar med elevane og bidra til å få bukt med fordommar.

Rektor ved Ål ungdomsskule fortel at kurset auka medvitet og engasjementet for tematikken, og at det i etterkant har ført til ein fruktbar diskusjon med elevane om blant anna bruken av skjellsord.

Auk skulen din sin kompetanse på LHBT

Det finst fleire nettstader og omreisande undervisningsopplegg som bidreg til kunnskap om LHBT.

For lærarar og skuleleiarar

For elevar

Del dei gode døma!

Del dei gode døma! Har de gjort noko bra på skulen din som andre bør få vite om? Har du gode døme på korleis de førebyggjer mobbing eller integrerer eit lhbt-perspektiv i undervisninga? Send oss ein e-post og fortel om det eller del det på våre Facebook-sider!

Les meir

  • Røthing, Åse (2013): Selektiv inkludering og fravær av sex', i Holdninger, levekår og livsløp - forskning om lesbiske, homofile og bifile. Universitetsforlaget
  • Røthing, Åse og Stine Helena Bang Svendsen (2009): Seksualitet i skolen: perspektiver på undervisning. Cappelen Damm
  • Roland, Erling og Gaute Austad (2009): Seksuell orientering og mobbing. Universitetet i Stavanger