Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Kurs for unge mellom 12 år og 18 år som har fostersøsken - Førde

Tid:

Sted: Storehagen 1B, 6800 Førde

Om kurset

Fosterforeldra sine eigne barn er viktige personar i ein fosterheim. Barne-, ungdoms – og familiedirektoratet (Bufdir) har difor tatt initiativ til å ta i bruk ein modell for oppfølging og rettleiing av fosterforeldra sine eigne barn etter at dei er blitt fostersøsken.

Det vi veit er at barn og unge i fosterfamilien også har behov for å få snakke om sine opplevingar knytt til det å ha fostersøsken, å få rettleiing i å handtere utfordringar som kan oppstå. Det å ha sitt eige fora der ein får moglegheit til å dele erfaringar med andre som også har fostersøsken er også viktig.

Bufdir ynskjer at dette tilbodet skal bidra til å gjere barn og ungdom betre rusta til å handtere de endringane som oppstår når familien blir fosterheim. At fosterforeldra sine eigne barn får god nok oppfølging er viktig for å styrkje heile fosterfamilien.

Aktuelle tema

  • korleis er min familie sett saman?
  • kva informasjon skal eg ha, og kva kan eg fortelje vidare?
  • kva ble annleis då mitt fostersøsken flyttet inn?
  • korleis har eg det i dag med omsyn til dette?

Praktisk informasjon

Kurset består av to gruppesamlingar. Kvar samling inneheld to tema. På den andre samlinga vil siste del vere saman med foreldre og kontaktperson i barneverntenesta.

Alle deltakarar vil få tilbod om besøk av kursleiarane før kursstart. Dette for å bli litt kjend og få informasjon om kurset. Det vil også bli sendt ut ein eigen invitasjon til ungdomen når det nærmar seg oppstart.

Samlingane er gratis og inkluderar mat og drikke.

Kursdagar

  • søndag 15. februar kl. 11:00-18:00
  • laurdag 16.februar kl. 11:00-17:30

Storehagen 1B, 6800 Førde

Både datoar og kurslokale kan bli endra ut frå påmelding

Kursansvarlege

Gry Ingjerd Øksendal og Laila Gjørven, rådgjevarar i fosterheimstenesta. Dersom du lurar på noko om kurset, kan du kontakte Gry gryingjerd.oksendal@bufetat.no.

Påmelding

Send ein e-post til ft.vest.sogn-fjordane@bufetat.no for påmelding med namn og telefonnummer på deltakar og føresette. Skriv i emnefeltet "Påmelding kurset for unge mellom 12 – 18 år som har fostersøsken 15. februar". De vil bli kontakta av ein rådgjevar i etterkant av påmeldinga for stadfesting av plass.

Påmeldingsfrist er 1. februar

Har du spørsmål? Ta kontakt med oss