Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Grunnopplæring for fosterheimar - Førde

Tid:

Sted: Førde - adresse ikke bestemt

Grunnopplæringa er gratis og inkluderer enkel lunsj og kaffi/te. Opplæringa har som mål å gje deg kunnskap og forståing for kva det inneber å ha oppdrag som fosterheim.

Opplæringsprogrammet passar for:

  • de som vurderer å bli fosterheim

  • de som skal bil fosterheim for eit barn i familie eller nære nettverk
  • de som alt har tatt imot eit barn som skal bu hjå dykk, men som ikkje har gått på grunnopplæring for fosterforeldre.

Gjennomført grunnopplæring er ein forutsetnad for å bli godkjend som fosterheim.

Kursdagar

Møte på Teams

  • onsdag 29. oktober kl. 13.00-15.00

Fysiske samlingar

  • fredag 31. oktober kl. 17.00-20.00

  • laurdag 1. november kl. 10.00-18.00

  • søndag 2. november kl. 9.00-16.00

Praktiske forhold

Ved reiseveg over 60 km (1 time) kvar veg tilbyr vi overnatting på hotell frå fredag 31. oktober til søndag 9. februar.

Om opplæringa

Opplæringa er tredelt

  • e-læring som du gjennomfører heime

  • første samling føregår digitalt (teams)

  • 3 fysiske samlingar

For de som vurderer å bli fosterheim vil opplæringa også innehalde ein vurderingsdel med heimebesøk og samtalar.

Opplæringa handlar om

  • kva er ein fosterheim.

  • kvifornokre born bu i fosterheim.

  • kvifor er det viktig for born å halde kontakta med eigen familie.

  • korleis alvorleg omsorgssvikt kan påverke born si utvikling.

  • korleis eigen familie blir påverka og endrast når born flyttar inn.

For de som er i barnet sin familie eller nære nettverk

  • kva fordelar det er for born å flytte inn til nokon dei kjenner – og er trygg på.

  • kva kan vere utfordrande ved å bli fosterheim til nokon ein er i familie med, eller kjenner godt.

Påmelding

De som vurderer å bli fosterheim kan ikkje sjølv melde dykk på opplæringa. Det er fosterheimstenesta som inviterer deg til å delta på kurset etter samtalar med deg.

Ein forutsetnad for å delta på opplæringsprogrammet er at du tilfredstiller dei generelle grunnkrava for å bli godkjend som fosterforelder. For å avklare dette, må du levere inn eit egenpresentasjonsskjema som blir brukt i vårt arbeid med å vurdere deg som fosterforelder.

Påmelding for fosterheim som er i barnet sin familie eller nære nettverk

Send e-post til ft.vest.sogn-fjordane@bufetat.no med fullt namndeltakarar og telefonnummer. Skriv i emnefeltet "Grunnopplæring for fosterheimar 29. oktober" De vil bli kontakta av ein rådgjevar i etterkant av påmeldinga for stadfesting av plass.

Prosessleiarar

Ingeborg Elvagjeng og Gry Ingjerd Øksendal, rådgjevarar fosterheimstenesta i Førde

Har du spørsmål? Ta kontakt med oss